Israel visste om alvorlege tryggleiksproblem med covid-sprøyter medan dei tvinga dei på menneske og skjulte skadane

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

Covid-«vaksinar» vart sleppte laus under Operasjon Warp Speed og distribuert i det vide og det breie i eit heilt år før dei israelske styresmaktene bestemte seg for å ta ein titt på tryggleiksdataa, ifølgje sjokkerande nye avsløringar.

Dr. Sharn Alroy-Preis, leiar for offentlege tenester ved det israelske helseministeriet, når ho fekk greie på at sprøytene var dødelege eit heilt år inn i utrullinga, sat på den informasjonen heilt til nyleg, medan millionar av menneske rulla opp ermet for injeksjon.

Alroy-Preis er del av ein kohort som med vilje heldt tilbake sanninga om Fauci sine influensasprøyter [Covid-19-«vaksine»] frå folket, medan ho laug til dei om kor «trygge og effektive» dei visstnok var.

Vi snakkar ikkje om milde biverknader som oppsvulming på injeksjonsstaden, forresten. Alvorlege, langsiktige helseproblem vart identifiserte svært tidleg i samband med sprøytene, inkludert nevrologisk skade utan noko openbert opphav [enn «vaksinane»].

Desse biverknadene vart òg i oppfølgjande forsking etablert som kausale, altso at israelske styresmakter visste at sprøytene var ansvarlege for dei. Og likevel prakka dei sprøytene på folk fordi det, ærleg tala, var og framleis er uhorveleg mykje pengar å tene på operasjonen.

«Dette er noko ingen andre har vore i stand til å etablere før,» skreiv Steve Kirsch i ei djuptgåande vurdering av kva som har blitt avdekt – det er definitivt verdt å lese.

«Dei veit ikkje kor alvorleg skaden er fordi dei berre såg på data frå topp-fem-kategoriane. Kardiovaskulær [sjukdom] var nummer seks. So dei har berre sett på ein ørliten del av dataa.»

Berre 2,4% av israelarar lyder vaksineordrane frå styresmaktene sine

Sidan data om biverknader kom frå den israelske utgåva av VAERS (Vaccine Adverse Event Reporting System), er det vanskeleg å avgjere kor ofte dei biverknadene faktisk opptrer – men det er utanom poenget.

Det største poenget ein kan lage her, er det faktum at Israel visste heile tida at sprøytene er eksepsjonelt farlege. Men heller enn å trekkje dei frå marknaden eller i det minste åtvare folket som del av prosessen rundt informert samtykke, heldt den israelske regjeringa sanninga hemmeleg medan dei laug til verda.

«Dei israelske styresmaktene dekte med vilje over tryggleiksproblema og skjulte dei frå verda, og kom med ein falsk rapport som essensielt sa at ‘der er ingenting nytt å sjå her, folkens, berre gå vidare’,» la Kirsh til.

«Den einaste gode nyheita midt oppi alt dette, er at Israel beskytta palestinarane frå å få denne særs utrygge vaksinen. Det var svært humant av israelarane.»

Frå tidleg av var det israelske folket for det meste med på å bli injisert, og trudde at styresmaktene ville det beste for dei. I dag er det motsette sant.

Per 2.september [2022], lyder berre 2,4% av den israelske befolkninga styresmaktene sine dekret om vaksinasjon og «oppfriskningsdosar». Det store fleirtalet av befolkninga har slutta med å late seg «friske opp», sjølv om dei teknisk sett må det for å kunne leve [som normalt].

Dersom alt dette er heilt nytt for dykk, er det fordi vi [i Natural News] er ein av dei få nyheitsformidlarane, uavhengige eller noko anna, som rapporterer om det. Det konsern-kontrollerte media tek del i ein presse-blackout om desse avsløringane, som slår plandemi-forteljinga i stykke.

Kirsch seier at artikkelen han skreiv som faldar ut alt dette i større detalj, «har nok informasjon når det gjeld både skadar og korrupsjon til å få korthuset til å falle saman dersom der berre er éin einaste maktperson i verda

På Twitter kom nokon med eit tillegg til dette:

«Det mest sjeldne vesenet på Jorda i 2022 er ein ærleg maktperson. Sjølv Lock Ness-monsteret, Big Foot og Yetiar er der meir av…»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s