Anna Slatz i Reduxx.info publiserte 16.september ein artikkel med følgjande premiss: Ein mannleg sløydlærar på ein ungdomsskule i kanadiske Ontario har plutseleg byrja å identifisere seg som dame. I tillegg spradar fyren rundt i damekle og enorme, falske puppar. Brysta er digre som jura på ei mjølkeku, og brystvortene er særs synlege gjennom dei tronge skjortene han alltid ser ut til å gå i. Bileta av denne skrulla byrja å gå viralt på Twitter i førre veke, der fleire kontoar delte mobilvideoar og bilete av denne sløydlæraren. Videoen viser han demonstrere korleis ein bruker ei sirkelsag. Som Twitter-brukaren skriv som kommentar:
«Eg kan ikkje hugse at min eigen sløydlærar såg slik ut.»
I tillegg til den særs prominente bysta og dei tronge damekleda, går mannen òg med ein blond parykk.
Det har blitt bekrefta at videoen og bileta kjem frå Oakville Trafalgar High School i Oakville i Ontario. Læraren (eller «lærarinna» no?) byrja visstnok å identifisere seg som kvinne i fjor, og går no under namnet Kayla Lemieux. Eit sitat frå Anna Slatz-artikkelen om han (mi omsetjing):
«‘Ungane her trur definitivt ikkje at dette er normalt… men realistisk kan vi ikkje seie noko’, sa ein elev på Twitter. ‘I fjor var læraren ein mann. Eg trur ikkje skulen kan gje han sparken.’»
Reduxx tok kontakt med administrasjonen på skulen, og dei kunne bekrefte at Lemieux for tida er tilsett på skulen. Dei ville ikkje kommentere noko meir. Som artikkelen vidare skriv (mi omsetjing):
«Oakville Trafalgar High School er styrt av Halton-distriktet sitt skulestyre (HDSB), som har byrja å fremje kjønnsidentitetsideologi i skulane no i dei siste åra.
I oktober 2021 gav HDSB ut nye retningslinjer når det gjeld kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk i skulane.»
I retningslinjene står det å lese at skulestyret i distriktet anerkjenner retten til elevar, personale, foreldre/føresette og medlemmer av samfunnet å bli behandla likt utan diskriminering basert på kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk. Dei ønskjer visstnok å etablere og oppretthalde eit trygt, inkluderande, utfallslikt og inkluderande miljø for heile skulen, det vere seg elevar so vel som lærarar. Alle som stiller spørsmålsteikn ved sin eigen kjønnsidentitet, slik som transpersonar, skal dermed beskyttast.
Dermed ser det ut til at «frøken» Lemieux utnyttar systemet. Om han gjer det ut av genuin kjønnsforvirring, eller for å håne dei nye retningslinjene, kjem ikkje fram i artikkelen.
Spesielt sexy er han under alle omstende ikkje.