The Covid Blog publiserte 13.september ein samleartikkel for dei nyaste rapporterte tilfella av skader etter Pfizer sine mRNA-injeksjonar som feilaktig blir kalla «vaksinar» av den offisielle forteljinga. Lesaren blir her åtvara om sterke, urovekkjande bilete.
Det fyrste tilfellet dreiar seg om ei 84 år gammal japansk dame. Ho hadde som underliggjande tilstand djupvenetrombose etter ortopedisk kirurgi. Ho hadde i tre år etter behandlinga gått på blodfortynnarar, men var elles frisk for alderen. 26 dagar etter at ho fekk Pfizers mRNA-injeksjon, vart ho innlagt på sjukehus med sterke smerter i genitalia, som hadde byrja ni dagar etter at ho tok sprøyta. Legane observerte «utbreitt nekrose med omkringliggjande subkutan blødning som involverte mons pubis [venusberget], kjønnsleppene og perineum [mellomkjøtet]». Ho fekk diagnosen kutan nekrose (rotning av huda) forårsaka av «trombotisk tilstopping av blodkar i huda»; i originalartikkelen thrombotic occlusion of dermal vessels. Som artikkelen skriv: «Occlusion er ein paraplyterm som indikerer vaskulær blokkering som ikkje nødvendigvis er blodproppar». Den 84 år gamle dama vart sett på ein kur med penicillin og sårstell av huda. Nekrosen forsvann.
Ein trudde at dette var det fyrste tilfellet av nekrose etter injeksjon på den tida. Her er det verdt å merke seg at dette tilfellestudiet vart fyrste gong publisert 28.november 2021. Det er meir riktig å seie at dette var det fyrste dokumenterte tilfellet. Ein kan berre førestille seg kva som hadde gått gjennom hovudet på ei ung dame som hadde vakna opp og sett dette mellom beina. Det korte tidsintervallet mellom vaksinasjonen og manifestasjonen av symptoma gjorde «vaksinen» til den mest sannsynlege årsaka. Heile den vitskaplege artikkelen om den gamle dama kan lesast her.
Det andre tilfellet handlar om den filippinske dama Anastacia Manalo. Dottera Reynalin Balitustos publiserte bilete av mora sin tilstand etter injeksjonen 30.juni i år. Saksyndig åtvarar mot særs sterke og urovekkjande bilete. 10.juli kom ei ny oppdatering frå denne fattige familien, som treng pengar for å finne ei behandling for Anastacia. Tilstanden hadde forverra seg. I innlegget vart det bekrefta at dette er ein tilstand som oppstod etter mRNA-injeksjonen. I ei anna oppdatering frå 11.august (som er den førebels siste), nemnde ei anna dotter ved namn Leslie Deguzman kreft. Det har visstnok blitt teke biopsiprøve av det nekrotiske området. Artikkelforfattar antek at dette er ei form for mRNA-indusert, hyperaggressiv, Stadium 4+ epitelcellekreft i vulva (på engelsk vulvar squamous cell carcinoma). Krefttilstanden er rekna for å vere sjeldan. Squamous cell refererer til dei tynne, flate, fleirkanta platene som utgjer mellom anna overflata av til dømes hud, alveolar i lungene, overflata på blodårer og i hjarteposen.
Om dette skjer hjå jenter og unge damer, seier det seg sjølv at det kan få store konsekvensar for evna til å få barn. Om vagina til ei 21 år gammal dame plutseleg byrjar å rotne, kan ein berre vagt førestille seg at dette vil skape drama, kvalme og avsky hjå ein potensiell kjærast. Som The Covid Blog oppsummerer på ein temmeleg illevarslande måte:
«Denne bloggaren kan med visse seie at han ikkje kjenner nokon som er 22 år eller yngre (altso fødd etter år 2000) som har barn. Ja, det er ein ung alder å få barn i. Men det var ikkje uvanleg for [tidlegare generasjonar].»
Samstundes informerer han om at ein i Nederland byrja å utvikle kunstige livmødrer tilbake i oktober 2019, like før Covid trefte verda. Med tanke på rapportar slik som dei to i denne artikkelen, i lag med andre rapportar om urovekkjande auke i spontanabortar, «pandemibabyar» med svarte auge, stor auke i dødfødslar og liknande, kan det hende at det store, fullvaksinerte fleirtalet berre vil kunne få ungar ved hjelp av slike kunstige livmødrer.
Er dette ein del av eliten sine planar for befolkningsreduksjon og «population control»?