Plakatar i sveitsiske gater oppfordrar borgarar til å «tyste på naboen» for brot på nye energirestriksjonar

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

For å oppmuntre til lojalitet mot Sveits sine nye, strenge energirestriksjonar, har eit eller anna organ i landet – styresmaktene påstår at dei ikkje har noko med det å gjere – pepra nasjonen med plakatar der dei krev at borgarar tystar på naboane for å «over-varme» heimane sine og for å begå andre «energibrotsverk» komande vinter.

Som vi rapporterte her forleden, trugar dei sveitsiske styresmaktene med bøter og til og med fengsel for sveitsarar som skrur opp termostaten heime «for høgt», og for å varme symjebassenga og badstovene sine i strid med styresmaktene sitt forbod mot energibruk denne vinteren. Dei nye plakatane ser ut til å ha som mål å handheve desse nye restriksjonane gjennom tysting.

Vestlege sanksjonar mot Russland har sanneleg skapt eit særs alvorleg problem for størstedelen av Europa, som har bestemt seg for å slutte med å kjøpe russisk energi for å ergre Vladimir Putin. Resultatet vil derimot bli den totale øydelegginga av europeisk økonomi, for ikkje å nemne hordane av frysande europearar som kanskje ikkje vil overleve fram til våren.

«Varmar naboen leilegheita opp til over 19 grader? Ver vennleg og informer oss,» seier ei engelsk omsetjing av ein av plakatane som vart observert på ein terminal.

19 grader innetemperatur vil innebere at somme vil trenge ekstra lag med kle heime hjå seg under dei kaldaste månadene.

Dei sveitsiske styresmaktene nektar for at dei har noko å gjere med plakatkampanjen

I ei melding frå det sveitsiske energidepartementet la talsperson Simone Hug vekt på at plakatkampanjen ikkje var lansert av styresmaktene – noko som får oss til å lure kven som eigentleg er ansvarleg.

«Der er ingen slik føderal plakat, ei heller krev vi at menneske blir eksponert,» sa Hug, og la til at dei sveitsiske styresmaktene for tida forsøker å finne ut kven som står bak plakatane.

Korleis ein enn ser på det, so har dei sveitsiske styresmaktene bestemt seg for å kriminalisere «overforbruket» av energi, som tydelegvis er del av globalistane si spelebok for «The Great Reset». Ved å frårøve vestlege nasjonar energi, svelt globalistane ut heile vestlege økonomiar.

I mellomtida ler Putin heile vegen til banken sidan vestlege sanksjonar har gjort so godt som ingenting for å skade den russiske økonomien, til samanlikning.

Sjølv om plakatane er falske, har økonomiminister Guy Parmelin sagt at dei sveitsiske styresmaktene sjølve har planar om å bli den største tystaren av dei alle, ved hjelp av tilfeldige stikkprøvar som vil bli brukt til å tvinge gjennom lojalitet for dei nye forskriftene.

Ein talsperson fortalde Blick at meldinga bak plakatane, ekte eller ikkje, framleis er sant.

«Dersom brotsverket vart rapportert, sjekka ut og deretter kunne bevisast», kunne handlingar bli sett i verk mot dei skuldige, fortalde talspersonen media.

«Nøyaktig, stikkprøvar er ikkje ekskludert, spesielt om ein har hamna i unåde hjå ein forsmådd nabo eller ein nabo-borgarvernar som er litt for ivrig i tenesta,» la denne personen til. «I desse tilfella kan alle som varmar opp til 20 grader i staden for 19, forvente seg ei bot.»

«Dersom ein klage blir registrert om dette, må politiet rykkje ut,» la den sveitsiske politidirektøren til.

I kommentarfeltet oppsummerte nokon denne siste fiaskoen og styresmaktene sin dobbelttale som følgjande:

«‘Det er falskt, men om du gjer det, vil vi ta i bruk handhevingsfullmakter mot brotsmenn’. So, kva del av den er falsk, då? Kven som eig plakaten speler inga rolle so lenge innhaldet er sant.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s