Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.
Ein kontroversiell «skapar» innan sosiale media ved namn Andrew Tate har blitt pælma ut av Internett for å seie meninga si om elenda til moderne menn, Wuhan koronavirus (Covid-19)-bløffdemien, og meir.
Tilsynelatande ut av ingenting, sa Tate sjølv i eit intervju med Fox News’ Tucker Carlson, bannlyste kvar sosiale medieplattform han alle på ein gong, og utan åtvaring. Han opplevde òg at dei nettbaserte bankkontoane hans vart øydelagde som straff for å påpeike elefanten i rommet.
Ein av videoane hans som sidan har gått viralt, viser Tate snakke om moderne slaveri og menneskeheita si elende på grunn av at folk strevar etter å lykkast i eit gjeldbasert pyramidespel som aldri har tent deira interesser.
«Folk byrja å innsjå korleis pengar vart laga,» sa Tate om korleis framveksten av Internett byrja ei masseoppvakning. «Folk byrja å innsjå at alt er eit bedrageri.»
Tate, ein «self-made millionaire» snakka òg om kryptovaluta og korleis den utmanøvrerer globale sentralbankvalutaer. Dette vekkjer folk opp til ideen om at ein ikkje lenger treng korrupte sentralbankar – som om det i det heile var behov for dei i fyrste omgang.
Tate kan vere irriterande, men det han seier ligg likevel innanfor ytringsfridommen
Under samtalen hans med Carlson, sat Tate og skrytte mykje over at når dei plandemiske restriksjonane verkeleg byrja å gjere seg gjeldande, so fór han og kompisane i veg til Sverige, eit av dei einaste landa i verda som aldri hadde nokon nedstengingar.
Tate og vennene hans festa i Skandinavia, for so å reise til Tyskland der nokre av dei verste restriksjonane i verda vart handheva med ein jarnneve. Han viste deretter følgjarane sine skilnaden.
Under reisene sine møtte Tate òg massevis av tyranni og mishandling på flyplassar og kommersielle rutefly, noko som fekk han til å kjøpe sitt eige private fly som aldri kravde munnbind, sosial avstand eller nokon annan galskap.
I staden for å nyte denne luksusen for seg sjølv og sin inste sirkel, gjekk Tate hen og la ut innlegg på sosiale media om det, og egga opp fansen til å krevje at slike restriksjonar vart gjort slutt på – og dette er grunnen til at han til sjuande og sist vart bannlyst frå sosiale media.
Eit anna tema som Tate ofte tek opp som gjer makta opprørt, er den urettferdige måten menn blir behandla på i dagens samfunn. Damer blir rutinemessig sendt til frontlinja der dei får all merksemda og lovprisinga medan menn stort sett blir ignorert, med mindre dei er berømte og har mykje pengar.
Å diskutere menn sine problem er ein diger «fy deg»-ting i dagens horete, djeveldyrkande verd, og Tate veit no til fulle kva som skjer med folk når dei gjer avvik frå manus.
På same tid kan Tate vere ganske vulgær i formuleringane sine og han er ikkje akkurat eit positivt forbilete når det gjeld korleis kan tente formuen sin.
«Eg trur Tate har mykje godt å seie, men i den objektive tydinga er fyren framleis super-vulgær,» uttrykte ein lesar på Revolver.news.
«Han tente sin fyrste million på å styre eit kamerajente-føretak; han skrytte openlyst av å ha sex med over tusen damer; han viste fram bilane sine på den mest ekstravagante måten som var mogleg, osb. Han skulle openbert ikkje ha blitt bannlyst, og eg håper han kan roe seg litt med dei fysiske nytingane, men det å bli bannlyst i seg sjølv gjer deg ikkje til ein god person automatisk.»