Av dr. Vernon Coleman. Henta frå The Exposé. Omsett av saksyndig.
Den nye verdsordenen er her allereie. Vi lever i den. Og ting kjem til å bli mykje, mykje verre i løpet av dei neste månadene fordi vi allereie no er i drapsfasen av The Great Reset. Avgjerder blir tekne av, eller jamfør krava til, ei knøttlita gruppe lobbyistar og kultistar som har blitt manipulerte til å representere interessene til konspiratørane – anten med vit og vilje eller gjennom dumskap og uvit.
Vi blir kontrollert av konspiratørar som kontrollerer den typen menneske som trur at det å lime seg i vegen framfor ambulansar er ein lur ting å gjere.
Verda er full av menneske som trur at dei av oss som uroar oss om det som skjer, er halvgalne konspirasjonsteoretikarar. Men den rare tingen er at dei fleste av dei som trur at vi er konspirasjonsteoretikarar er sjølve opptekne av ting som skjer og som har påverka dei. Problemet er at dei ikkje har sett på det store biletet – dei innser ikkje at alle dei vonde tinga som har skjedd dei siste åra heng saman. Den omdøypte influensaen, global oppvarming, den manipulerte krigen mot Russland, krigen mot oss, den overlagt øydelagde globaløkonomien, prisauken, inflasjonen – dei heng alle saman.
Dei uskuldige har mislykkast i å leggje saman to og to, delvis fordi dei har vore for opptekne med å bekymre seg om individuelle trugslar mot dagleglivet deira, delvis fordi dei opplever det som vanskeleg å tru at nokon kunne finne på ein plan so vondskapsfull som den som har vore undervegs i årevis, delvis fordi dei er naive, ukritiske og altfor klare til å tru det som dei blir fortalt av eit avsinding korrupt hovudstraumsmedia, og delvis fordi at heilt frå byrjinga har dei av oss som fortalde sanninga, blitt demonisert, logne om, sensurert, undertrykt og svært effektivt stilna av hovudstraumsmedia.
Når Great Reset omsider kjem vil Sir Klaus Schwab, slegen til riddar av Queen Elizabeth [no kong Charles III; oms.komm.] for tenestar i konspirasjonanens namn, vil bli den ikkje-valde kongen av ei gjennomkorrupt verdsregjering. Schwab ein 1940-talsskurk, ein krysning mellom dr. Strangelove, Ernst Blofeld og dr. Mengele, vil bli omringa av ein gjeng C-listekjeltringar, konspiratørar og halvgløymde kjendisar.
Om vi ikkje er forsiktige, kjem til til å bli kontrollert av dei som eg ser på som triste, ynkelege, annangrads menneske; folk slik som Fauci, Whitty, lurvete små tenestemenn, og Gates, ein god venn av Jeffrey Epstein og BBC. (Om Epstein framleis var i live, ville BBC utan tvil gje han eit snakkeprogram). Dolly Parton og Piers Morgan vil saman vere globale ministrar med ansvar for å tydelegvis vete alt, men i røynda forstå ingenting. Charles, ein 70-årig gammal kall som treng hjelp til å kutte av toppen på det kokte frukostegget sitt og ta tannkrem på børsten, vil ha ansvaret for trygdeutbetalingar, med William og Kate, eit par Stepford-koner, som sine assistentar. Hertugen og hertuginna av California vil utan tvil få ansvaret for syting og klaging – og eg sikker på at dei vil gjere ein framifrå jobb.
Dersom vi lèt desse tragiske og ynkelege vesena slå oss, vil det vere som om det brasilianske fotballaget skulle grusast av eit lag einbeinte piratar med skøyrbuk.
Men tragisk nok blir vi slegne. Konspiratørane og kollaboratørane styrer allereie verda.
«Det ville ha vore umogleg for oss å utvikle planen vår for verda om vi hadde blitt offer for publisitetens skarpe lys i løpet av dei åra.
Men verda er no meir sofistikert og førebudd på å marsjere mot ei verdsregjering.»
Sitat av David Rockefeller, henta frå ein tale på Bilderberger-møtet i 1991. Video kan sjåast her.