Offentlege skular i amerikanske Idaho lærer små barn korleis dei skjuler pornosurfing frå foreldra

Av Baxter Dmitry, Newspunch. Omsett av saksyndig.

Den amerikanske delstaten Idaho sitt Helse- og velferdsdepartement (IDHW) [Department of Health and Welfare] har innført eit seksualundervisningspensum godkjent av Planned Parenthood i skulane, som oppmuntrar unge barn til å studere pornografi og som lærer dei korleis dei skjuler pornosøkjehistorikken på nettet frå foreldra.

Ifølgje ein video publisert av Idaho Freedom Foundation, «trur trenarar at tredjeklasseelevar dreg nytte av porno», og seier at somme av aktivitetane «inkluderer at elevar ser på teiknefilm-porno». Endå meir urovekkjande er det at på deira heimeside underviser Idaho «elevar i korleis dei skal skjule porno-sjåing frå foreldra».

Læreplanen og programmet for seksualundervisning er kjøpt av ei interessegruppe som fremjar «skeiv» utdanning og som normaliserer forbruk av pornografi.

Idaho Freedom Foundation rapporterer:

«Lovverket i Idaho krev at seksualundervisning i offentlege skular forsterkar tradisjonelle familiearrangement. IDHW fremjar det som lova i Idaho forbyr, derimot. IDHW tek midlar frå føderale program slik som Personal Responsibility Education Program (PREP) og Title V Sexual Risk Avoidance Education (SRAE). So får IDHW seksualundervisningsprodukt frå non-profit-organ slik som Education, Training and Research (ETR), der læreplanen er utvikla og tilrådd av Planned Parenthood.

Deretter instruerer IDHW folkehelsedistrikt til å innfre ETR sin Reducing the Risk-læreplan i offentlege skular.

ETR sin Reducing the Risk-læreplan lover å undervise fråhald. I staden leverer ETR ei rekkje tilnærmingar, inkludert «LGBTQ Inclusive»-læreplanen med vekt på «kjønnsidentitet, seksuell orientering og åtferd». ETR er òg forkjemparar for å lære barneskuleelevar om «porno-ferdigheit», som involverer undervisning om «kink og makt, nyting, seksuell identitet, seksuelle handlingar, og seksuell utnytting relatert til pornografi».

For ETR er bruk av porno eit «obligatorisk fag» innan seksualundervisning. Sjølv om, som ETR innrømmer, «evidensen er stort sett utydeleg for kor vidt bruk av seksuelt eksplisitte media påverkar framtidig seksualhelse blant unge vaksne». Å introdusere seksuelt innhald i barneskular skaper opne sinn og førebur elevane for seksuell aktivitet.

I eit ETR-sponsa program ved namn «Porn Literacy in Sex Ed», håper Sarah Diamond, Associate Director i Prevention and Education ved Universitetet i San Diego, at seksuallærarar unngår å stigmatisere porno som noko vondt, men heller «hjelper elevar til å reflektere over sine eigne verdiar rundt pornografi». Diamond føreslår å dele ut spørjeundersøkingar om «porno-ferdigheitsverdiar», og tilrådde aktivitetar der elevar forsvarer idear slik som «pornografi kan vere ein god måte å lære om sex», sjølv om dei er ueinige.

Ein annan seksuallærar, Jess Melendez, helseutdannar for Program for unge vaksne ved San Ysidro Health Teen Clinic, slår fast i ein undervisningsvideo at porno-ferdigheit burde starte på grunnskulen med «intime tryggleikssamtalar». På mellomtrinnet burde elevar vere i stand til å «identifisere seksuelt eksplisitte media og pornografi». Ungdomsskuleelevar burde bli undervist i å finne ut «korleis porno som viser rasisme kan vere skadeleg for ein sjåar».

Andre ETR-tilrådde «porno-ferdigheits»-aktivitetar inkluderer å få barn til å sjå AMAZE Org-videoen Porn: Fact or Fiction der teiknefilmfigurar speler seksuelt eksplisitte scener. Ei ung jente hyler: «Wow! Den er so svær. Eg trudde aldri den ville vere so svær!» Den seksuelle antydinga blir følgt av teiknefilmfigurar som utfører seksuelle handlingar. Porno blir normalisert overfor mellomtrinnet slik at seksuell aktivitet vil bli normalisert, sidan, som videoen held fast ved: «å vere nysgjerring på sex eller det å sjå på bilete eller filmar av nakne kroppar eller folk som tek del i seksuell åtferd, er fullstendig normalt».

I ein annan ETR-undervisningsvideo ved namn Queering Sex Ed, forklarer Planned Parenthood-representant Laura Gardner korleis læreplanar som RTR allereie kan bli sett på som «LGBTQ-inkluderande». Viktige element i seksualundervisninga rundt «LGBTQ-inkluderande» er «leggje til det å nemne eit likekjønna forhold», «bruke ordet partner» eller «setje inn kjønnsnøytrale namn og språk i scenario og innslag». Graviditetsleksjonar burde inkludere diskusjonar rundt «adopsjon eller in vitro surrogati» eller «leggje intersex til ein anatomitime eller leggje pubertetsblokkerarar til pubertetsundervisning». Til dømes inkluderer ETRs Reducing the Risk-læreplan kjønnsnøytrale namn og språk i rollespel rundt seksuelle møte.

ETR sin radikale læreplan spreier seg inn i Idaho-skulane gjennom helsedistrikt. Idaho Northl Central Public Health District, til dømes, som tener Lewiston, Moscow, Orofino, Grangeville og Kamiah, implementerer RTR på lokale skular.

Ein RTR-læreplanlink på helsedistriktet si nettside fører sjåarar og lærarar til ETR sine undervisningsopplegg rundt porno-ferdigheit og «skeiv» seksualundervisning.

North Central Health District si nettside fører tenåringar til fleire andre ressursar tilrådde av denne delstatsfinansierte interessegruppa. National Campain to Prevent Teen Pregnancy-linken tek barn til Power to Decide, som viser barn kor dei kan ta abort. Ein annan link frå distriktet er Love is Respect, som introduserer barn til emne slik som polyamori og kjønnsskifte. Sex etc.-linken tek elevar til artiklar slik som Transgender Men Can Get Pregnant, Too, spørjeundersøkingar om onani, og AMAZE Org-videoar med teiknefilm-portretteringar av porno og abort.

Helsedistrikt arbeider for å introdusere RTR-læreplanen til fleire skular. Ifølgje 2018-2022-strategiplanen til Central District Health, som tener Ada, Boise, Elmore og Valley fylke, blir RTR innført i skular i tre av dei fire fylka som dei tener.

Det er usannsynleg at IDHW ikkje veit om den radikale intensjonen bak RTR-læreplanen sidan deira eiga nettside fører sjåarar til Planned Parenthood-klinikkar.

Ingen kan seie kor mange skuledistrikt i Idaho som har innført denne læreplanen, sjølv om nesten kvart helsedistrikt fremjar RTR-læreplanen.

Nokre gonger tilbyr Planned Parenthood programmet til skular. Frå og med 2015 leverte Planned Parenthood i regionen Great Northwest ETR-læreplanar i Caldwell, Idaho, på ungdomsskular og skulebaserte helsesenter. Idaho-skuledistrikta er ikkje påkravde å opplyse om at dei innfører denne eller denne læreplanen.

Føderale legat kompliserer oppgåvene til delstatsregjeringar. Dei tilbyr «gratis» pengar med føderale trådar. Pengar for å unngå graviditet tydar til sjuande og sist pengar for å gjere læreplanen skeiv og fremje porno-ferdigheit via ei føderal lokkedue. Ikkje berre kan borgarar krevje at skuledistrikta deira nektar å bruke desse statstilrådde ressursane, men den lovgjevande makta kan analysere føderale program med smalare nålauge for å sikre seg at dei ikkje korrumperer barna i delstaten.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s