NASA-insider tilstår på dødsleiet: «Eg hjelpte til med å filme den falske månelandinga i 1969»

Av Baxter Dmitry, Newspunch. Omsett av saksyndig.

Sjå òg del 3 i Saksyndig sin artikkelserie om konspirasjonsteoriar: «Har mennesket aldri vore på månen?», publisert 16.august 2022.

Ein mann frå den amerikanske delstaten New Mexico har kome med ei rekkje forbløffande tilståingar sidan han vart diagnostisert med terminal kreft og gjeven beskjeden om at han berre hadde nokre månader igjen å leve. Han hevdar at månelandinga vart forfalska av den amerikanske regjeringa, og at videoen vart filma på ein militærbase der overflata på månen vart gjenskapt med sand og sementpulver.

Ifølgje Gene Gomar var faren hans, ein militærpolitimann som var stasjonert på Cannon Air Force Base, involvert i det massive bedrageriet som lurte verda, og la grunnlaget for ein statssponsa massedanningspsykose som heldt fram over fleire tiår heilt til våre dagar.

Tilståinga på dødsleiet som vart filma av faren hans i 2002, vart øydelagt i ein brann «av ukjent opphav», so Gomar bestemte seg for å gjenskape den og dele faren si historie med verda før sin eigen død.

I tilståinga seier Gomar, som var fødd Eugene Reuben Akers, at han ikkje ønskjer pengar eller berømmelse for det som han gjer, fordi han håper at videoen ikkje vil bli offentleggjort før etter hans død. Gomar gjekk bort 13.februar i år, so no kan vi sjå og dele den eineståande tilståinga.

Byrjar sanninga om månelandingane omsider å leke ut?

I løpet av dei siste 12 månadene har NASA kome med ei rekkje avsløringar som har sprengt den offisielle forteljinga i fillebitar.

Hovudstraumsmedia rapporterte knapt om desse avsløringane, so folk flest er like kloke når det gjeld kva NASA har innrømt.

Sanninga er at NASA har so godt som bekrefta at landingane var falske, og alle som jobbar innan romfartsindustrien eller har noko som helst kunnskap om rakettvitskap, har stille akseptert at heile greia var lureri. Og no driv dei og trenerer og forseinkar Artemis-programmet.

So kvifor snakkar ingen om dette?

Vi fór bokstavleg tala ikkje til månen i 1969, og til denne dag har ingen menneske – der vere seg amerikanarar, russarar, kinesarar eller folk frå det gamle Egypt – vore høgare enn rundt 1600 kilometer over havnivå.

Når fleire blir klar over at vi rett og slett ikkje veit korleis ein kjem seg til månen, vil ein astronomisk renessanse følgje, basert på empirisk evidens heller enn på NASA-løgner.

Og hugs, vi er del av noko vanvittig digert akkurat no. Vi har potensialet til å bryte laus frå fortidas lenkjer. Kontrollen, splittinga, hatet og fråskiljinga. Vi føder i ordets rette forstand ei ny verd. Det er kvifor kontrollapparatet er so skremt. Dei veit at dei ikkje kan stoppe dette. Dess meir dei lyg, dess meir dei bedreg oss, dess meir avslører dei seg sjølve. Som fører til at fleire og fleire vaknar opp frå illusjonen.

2 comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s