Tredje del i Saksyndig sin serie om konspirasjonsteoriar handlar om NASA sitt Apollo-program, nærare bestemt dei seks bemanna månelandingane som fann stad mellom 1969 og 1972. I alt tolv astronautar sette sine bein på månen i det tidsrommet, og det vart mellom anna henta steinprøver frå bakken. Den fyrste månelandinga der Neil Armstrong og Buzz Aldrin som dei fyrste i historia gjekk rundt på månen, fann stad under Apollo 11-oppdraget frå 16. til 24. juli 1969. Opptaka frå måneferda vart sendt direkte til TV-apparat over mest heile verda, og det var der Armstrong ytra dei verdsberømte orda «One small step for man, one giant leap for mankind» («eit lite steg for mennesket, eit stort sprang for menneskeheita»). Tilbake i 1961 kom dåverande president John F. Kennedy med lovnaden om at USA skulle sende eit menneske til månen og trygt tilbake igjen til Jorda innan tiåret var omme. Apollo 11 si vellykka måneferd blir av mange rekna som det kapitalistiske USA sin siger i romkappløpet med den kommunistiske Sovjetunionen.
Enkelte trekkjer i tvil det faktum at mennesket i det heile teke har vore på månen. Dei hevdar at alle dei seks bemanna måneferdene er oppspinn, og at dei påståtte opptaka frå månen i staden vart gjort i eit filmstudio, som til dømes settet som Aldrin og Armstrong brukte då dei øvde seg på månevandring. Månelandingsskeptikarane har sidan 1970-talet meint at NASA og andre aktørar har bevisst villeia folk til å tru at månelandingane fann stad, mellom anna ved å manipulere fotobevis, radio- og TV-overføringar og øydeleggje steinprøvene som vart henta frå månens overflate. Motivasjonen for å fabrikkere månelandinga var at den amerikanske staten skulle framstå som vinnar av romkappløpet, for på den måten å få eit psykologisk overtak over sin fiende, den kommunistiske Sovjetunionen. Kort fortalt var dermed månelandingane ein psy-op, ein psykologisk operasjon for å manipulere folket på begge sider av Jarnteppet.
Sjølv i dag er det teknologisk krevjande å sende menneske ut i rommet, og endå meir utfordrande å sende dei til ein annan himmellekam. Tilbake på 1960-talet vart det nesten rekna for trolldom, med tanke på datakapasiteten til dei dåverande datamaskinene. Sett med moderne auge er det dermed utruleg at ein med dåtidas primitive teknologi greidde å sende menneske trygt til månen og tilbake igjen. Kennedy sa i ein berømt tale i 1962 at det å reise til månen kom til å bli risikabelt og dyrt, men at USA valde å gjere det fordi det var vanskeleg. Reiser i rommet hadde føregått sidan 1950-talet, då Sovjetunionen innleia romkappløpet då dei skaut opp Sputnik-satellitten i 1957, og då Juri Gagarin utførde den fyrste romreisa i 1961. Romfart var med andre ord ikkje eit ukjent fenomen, og iallfall ikkje i 1969, då begge stormaktene hadde fleire års erfaring med det.
USA og Sovjetunionen følgde nøye med på kva motparten dreiv på med. Spørsmålet er om dei i 1969 hadde teknologisk moglegheit til å spore romskip frå Jorda til Månen. Konspirasjonsforskaren Bart Sibrel hevdar at dei ikkje greidde å utvikle slik teknologi før i 1972, som var same året NASA slutta med bemanna måneferder – var dette tilfeldig eller var det eit forsøk frå USA på å skjule for Sovjetunionen at dei ikkje var i stand til å sende romskip heilt til månen? Den eigentlege grunnen til at ein slutta å sende folk til månen, var at det var himla dyrt å sende folk til månen. Planane for å avslutte måneferdene vart annonsert allereie i 1970, so det var ikkje på nokon måte ei panikkhandling frå USA å avslutte måneferdene so fort Sovjetunione utvikla teknologien til å spore romskip.
Om USA prøvde å forfalske månelandinga, kven prøvde dei i sofall å lure? Sovjetunionen trekte aldri ikkje i tvil at USA hadde sendt astronautar til månen. Dei skreiv om det i Den store sovjetiske encyklopedi, og kalla Apollo 11-landinga som «den tredje historiske hendinga», etter Sputnik i 1957 og Gagarin si romferd i 1961. Anten var månelandinga ekte, eller so var USA so gode i å forfalske månelandinga at dei greidde å lure sovjetarane.
Det å prøve å forfalske ei reise til ein annan himmellekam er ei diger logistisk utfordring. Ifølgje James Longuski vil ein slik konspirasjon måtte involvere meir enn 400 000 menneske, som var talet folk som arbeidde på Apollo-prosjektet i nesten ti år. Alle 12 mennene som har vore på månen måtte òg vere del av denne samansverjinga. Den påståtte bløffen måtte òg involvere vitskapsfolk, ingeniørar, teknikarar og andre arbeidarar. Alle ville måtte halde kjeft, og kor enkelt er det å stoppe munnen på absolutt alle som var involvert? Ifølgje Longuski ville det faktisk ha vore mykje lettare å faktisk lande på månen enn å skape slik ein enorm konspirasjon. Det ville nærast ha vore utenkjeleg at ingen i NASA eller den amerikanske regjeringa ville ha varsla om dette etter alle desse åra, når til dømes Watergate-skandalen lak ut. Sjølv tidlegare CIA-agentar har varsla om topphemmelege hendingar, med stor fare for sine eigne liv, og CIA er berykta for å ikkje akkurat ta lett på brot på teieplikta hjå dei tilsette.
Eit einaste motargument er at NASA hadde delt opp arbeidet til Apollo-programmet i seksjonar, slik at det i teorien berre skulle finnast eit lite tal menneske som visste sanninga om månelandingane.
Biletbevis frå månen inneheld visse fenomen som får det til å sjå ut som dei er spelt inn i eit filmstudio på Jorda. Til dømes er det ingen synlege stjerner på nokon av bileta. Konspirasjonsteoretikarane hevdar at NASA gjekk inn og fjerna stjernene på bileta slik at astronomar ikkje skulle kunne sjå på stjernene og finne ut om biletet var teke på jorda eller månen (stjernene vil stå annleis sett frå månen enn frå jorda fordi månen ligg ein annan stad i rommet relativt til jorda). Ein ser derimot heller ikkje stjerner frå romstasjonar, slik som Mir. Forklaringa er at stjernene lyser so svakt i forhold til sola, og det reflekterte lyset frå jorda og sjølve månen, at det svake lyset frå dei ikkje er synleg. Alle månelandingar fann stad medan det var dag på månen. Astronautane har derimot sagt i ettertid at dei såg stjernene medan dei var på nattsida til månen. På jorda kan ein heller ikkje sjå stjerner til dømes på ein parkeringsplass med gatelys fordi gatelysa skin so mykje sterkare enn stjernene. Under Apollo-14-oppdraget greidde derimot astronaut Alan Shepard å ta bilete av Venus frå månen, sidan Venus skin mykje sterkare enn andre himmellekamar.
Enkelte hevdar at astronautane ikkje ville ha overlevd turen til månen på grunn av farleg stråling frå rommet, som til dømes Van Allen-strålebeltet. Skroget til Apollo-romskipet beskytta derimot mannskapet mot stråling då dei passerte Van Allen-beltet, ei ferd som berre tok nokre få minutt gjennom det indre beltet, og halvannan time gjennom det ytre. Bana gjennom belta var òg berekna for å minimere eksponering for stråling.
Somme påstår at overflata på månen om dagen er so varm at til dømes kamerafilm ville ha smelta. Sidan månen ikkje har atmosfære er det derimot ingenting som effektiv bind varme til gjenstandar. Kamera og diverse andre gjenstandar hadde eit lag som beskytta mot både stråling og potensiell varme. Overflata på månen blir faktisk veldig varm når det nærmar seg midt på dagen, men alle månelandingane fann stad like etter soloppgang i det lokale området. Her skal det nemnast at ein månedag varer 29 og ein halv jorddag, so tidsrom med levelege temperaturar varte då tilsvarande. Både romdraktene og rommodulen inneheldt kjøleelement for å beskytte mot hete.
Mange har påpeikt at flagget som dei sette ned på månen blafra, trass at der ikkje finst vind på den atmosfærelause månen. Dette får somme til å tru at månelandinga i røynda vart spelt inn på jorda. Den nemnde Bart Sibrel meiner dette kan skuldast ei innandørsvifte som vart brukt for å avkjøle «astronautane», som gjekk rundt i varme romdrakter; kjølesystema i draktene ville ha vore for tunge til å bere på jorda (men lette å bere på månen fordi tyngekrafta er svakare der). Flagget blafrar derimot ikkje, det berre bevega på seg medan astronautane bevega det. So fort dei slutta å bevege det, hang det stille. Flagget vart for øvrig festa på ei form som likna ein opp-ned-L, slik at det ikkje skulle henge rett ned. På jorda i ei vanleg flaggstong ville vinden ha fått flagget til å henge rett ut.
Den låge tyngekrafta skal visstnok ha blitt etterlikna ved å filme i sakte kino. Det som derimot ikkje kan forfalskast (iallfall ikkje med filmteknologien som fanst på slutten av 1960-talet), er at når månestøv blir virvla opp i lufta, dannar dei små skyer – og dei rakk ganske høgt opp i lufta òg. På jorda ville ikkje dette ha vore mogleg ettersom tyngekrafta verkar langt sterkare på jorda enn på månen.
Der finst ei rekkje andre tekniske argument, og flesteparten av dei kan lesast i den omfattande Wikipedia-artikkelen om konspirasjonsteoriane knytt til månelandinga. Wikispooks har ei meir balansert side om emnet. Det mest påfallande ved heile Apollo-programmet er at NASA i 2009 sa at originalopptaka frå måneferdene hadde blitt sletta. Mistru til at månelandingane fann stad er ikkje berre å finne hjå privatpersonar. På kubanske skular lærer faktisk elevane at Apollo sine månelandingar var forfalska. Venezuelas president Hugo Chávez har òg dette synet, saman med Taliban og Det internasjonale Hare Krishna-samfunnet.
Kva om månelandingane faktisk vart forfalska tilbake på 1960-talet, og at mennesket aldri har sett sine bein på månen? Dersom konspirasjonsteoretikarane hadde rett, og NASA eller den amerikanske presidenten innrømte at alt var ein bløff, kva ville ha skjedd? Openbert ville det ha fått alvorlege konsekvensar for både NASA og USA, og alle som har vore involvert i utforsking av rommet over heile verda. Framtidige bemanna ferder til månen og Mars ville òg ha blitt meir utfordrande.
NASA sjølv har i alle år nekta for at månelandingane var forfalska. Faktisk hyra dei i 2002 den tidlegare rakettvitskapsmannen, romfartskonsulenten og journalisten James Edward Oberg. Mot eit vederlag på 15 000 dollar fekk han i oppdrag å skrive ei bok som var meint å utfordre påstandane om at månelandingane var ein bløff. NASA avlyste etter kort tid heile prosjektet utan å gje ein grunn for det. Visstnok trekte dei prosjektet fordi det fekk dårleg omtale. Oberg ønskte å gå vidare med prosjektet, derimot. So langt har inga bok om emnet dukka opp frå hans hand.
Om Apollo-prosjektet hadde blitt avslørt som ein bløff tilbake i 1969, på høgda av den kalde krigen, ville det ha fått alvorlege politiske konsekvensar. Om sovjetarane til dømes mistenkte at USA forfalska månelandingane, og hadde kalla sine fiendar for løgnarar, kunne den kalde krigen fort ha blitt temmeleg varm. Kva om prosjektet hadde blitt avslørt som ein bløff no i 2022? Det ville truleg ikkje ha gjort noko frå eller til, ettersom tilliten folket har til vestlege leiarar knapt nok kunne ha vore lågare. Eliten lyg so det renn av dei, so ingen hadde heva eit augnebryn om herskarklassen hadde blitt teken i nok ei løgn. Om Biden-regimet, på toppen av alle skandalane som dei allereie er heimsøkte av, hadde innrømt at måneferdene som fann stad for over femti år sidan var forfalska, kva slags skilnad hadde det gjort?
Som ei oppsummering av månelandingane, kan dei fleste påstandane tilbakevisast på ein reieleg vitskapleg måte, og alle dei påståtte inkonsekvensane på til dømes bilete og opptak frå månen har ei naturleg, logisk forklaring. Det er dermed liten grunn til å tvile på at mennesket reiste til månen og tilbake igjen, i tråd med president John F. Kennedy sine visjonar.
Hei, og takker for en interessant side med mange varierte og interessante artikler.
Hva angår romferder har jeg en innvending; hvordan kommunisere energi gjennom tomme intet?
Om vi står på en flyplass kan vi kjenne vinden fra et fly fordi vi har luft mellom oss til å kommunisere energien fra jetmotorene. Når vi ikke føler luften fra et fly i flyhøyde er det fordi energien fra jetmotorene er kommunisert over et så stort område at det er for lite for oss til å detektere.
Når vi befinner oss i tomme intet, så er det hverken væske eller gass til å kommunisere noen energi fra farkosten vi befinner oss i, og til omgivelsene.
For å studere dette måtte NASA nødvendigvis konstruere store vakuum-kammer, også for å sjekke drakter og romskip. Dersom ikke slike kammer kan redegjøres for, anser jeg at Stanley Kubrick hadde rett, han kunne dessverre ikke dedikeres æren for å ha regissert verdens mest berømte film….
LikarLikt av 1 person
[…] òg del 3 i Saksyndig sin artikkelserie om konspirasjonsteoriar: «Har mennesket aldri vore på månen?», publisert 16.august […]
LikarLikar