Av Michael Snyder, End of the American Dream. Omsett av saksyndig.
Det som eg no skal dele med dykk er utruleg alarmerande, so eg håper de vil dele denne artikkelen so mykje som de kan. Internett har gjort det mogleg for oss å kommunisere direkte med kvarandre på ein absolutt massiv skala. I mange år tente det verkeleg som ein særs robust «marknadsplass for idear», og det var ikkje vanskeleg å finne ein myriade av synspunkt rundt so godt som kvart eit emne som du kunne førestille deg. Uheldigvis har dette endra seg fullstendig. Som de vil sjå i denne artikkelen, har mesteparten av Internett rett og slett blitt fjerna på noverande tidspunkt. Dersom de ikkje skjøner kva eg snakkar om, hald fram med å lese.
For dei fleste av oss er søkjemotorar primærverktøya vi bruker for å finne informasjon på Internett.
Då dei opphavleg kom på scena, kunne ein generelt lite på at søkjemotorar presenterte informasjon på ein nøytral måte. Den mest relevante informasjonen var meint å dukke opp fyrst, og mindre relevant informasjon var meint å bli dytta lenger nedover trefflistene.
Naturlegvis byrja til slutt partiskheit å sildre inn, og det var ekstremt uheldig. Visse informasjonskjelder vart med vilje opphøgde, medan andre uønskte informasjonskjelder med vilje vart undertrykte.
Men kva om eg fortalde dykk at vi no har kome til eit punkt der det store fleirtalet av informasjon om kvart eit emne med vilje blir ekskludert i sin heilskap?
Eg veit at dette kan høyrast sprøtt ut, so eg kjem til å bruke litt tid på å bevise det for dykk.
Google er den mest prominente søkjemotoren i verda, so lat oss starte der. Gå til Google og søk på «Donald Trump» og sjå på toppen av sida for å sjå kor mange «resultat» som dukkar opp.
Eg gjorde nettopp det, og det seier at der er rundt 451 millionar resultat.
Det burde utgjere rikeleg med informasjon, fordi ingen ville nokosinne ha tid til å gå gjennom 451 millionar resultat.
Men sanninga er at søkjemotoren faktisk ikkje gjev oss so mange resultat.
Rull nedover og gå til side 2. For meg står det framleis at der er rundt 451 millionar resultat.
Dei fleste vil stoppe her, og dei store søkjemotorane veit dette.
Men eg vil at de skal prøve noko. Berre hald fram med å gå til neste side so lenge de kan.
For meg ser alt likt ut heilt til eg kjem til side 12. På toppen av sida står det «Side 12 av rundt 118 resultat».
Dæven.
Det er unaudsynt å seie at 118 resultat er eit langt lågare tal enn 451 millionar, og det store fleirtalet av dei 118 resultata eg har fått, kjem frå konsernmedia-kjelder som generelt har liknande meiningar om Trump.
På botnen av side 12 er det ei melding som visstnok vil late meg hente inn resten av dei 451 millionar resultata. Dette er det som står der [saksyndig si omsetjing]:
«For å vise deg dei mest relevante resultata, har vi utelate nokre treff som er svært like dei 118 som allereie er vist. Dersom du vil, kan du gjenta søket med dei utelatne resultata inkludert.»
Det høyrdest fint ut for meg, so eg klikka på linken.
Men dei gav meg ikkje 451 millionar resultat.
I staden kan eg no klikke meg gjennom 40 sider av resultat som for det meste kjem frå konsernmedia-kjelder, og det er det.
Toppen på side 40 seier «Side 40 av rundt 398 resultat», og det er absolutt ingen val som lèt meg gå vidare.
Forstår de kva dette tydar?
Alle bortsett frå 398 av dei 451 millionar potensielle resultata har blitt ekskludert med vilje.
Du kan bli freista til å tru at dette er fordi Donald Trump er slik ein kontroversiell figur.
So lat oss prøve eit døme som er fullstendig og ettertrykkjeleg ukontroversielt.
Lat oss prøve å gjere eit Google-søk på «quilting» [ei form for saumteknikk/lappearbeid; oms.an.].
Eg gjorde nettopp det, og på toppen av side 1 står det at der er rundt 228 millionar resltat.
Og det står framleis at der er rundt 228 millionar resultat fram til eg kjem til side 26.
So fort eg kjem til side 26, står det på toppen av sida at der er rndt 258 resultat.
Men nok ein gong får eg valet om å gjenta søket med dei utelatne resultata inkluderte ved å klikke på linken på botnen av sida.
Eg gjorde nettopp det, og no har dei gjeve meg 42 sider med resultat.
På toppen av side 42, fortel dei meg at det berre er 414 resultat, og dei vil ikkje late meg gå vidare.
Same kva de søkjer på, vil mønsteret alltid vere det same.
De vil berre få nokre hundre resultat, og dei resultata vil generelt vere frå visse typar kjelder.
Bing er den nest største søkjemotoren, og dei gjer ting litt annleis.
Dersom de søkjer på «Donald Trump» på Bing, vil dei fortelje dykk at der er 194 millionar resultat.
Men for meg, so fort eg kom til side 14, merka eg at dei byrja å gje meg dei same resultata på kvar side igjen og igjen.
Over dusinvis av sider var det berre dei same resultata.
Trur dei verkeleg at folk ikkje vil leggje merke til det?
Prøv sjølv. Gå til Bing og skriv inn «Donald Trump» og berre hald fram med å klikke gjennom sidene, og de vil merke dette svært merkelege mønsteret.
So på dette punktet held dei største søkjemotorane med vilje tilbake mengda med informasjon som dei gjev oss.
Og det store fleirtalet av listene som dei kjem med, kjem generelt frå visse typar av kjelder som dei ønskjer å fremje.
Ja, det er framleis mogleg å finne verkeleg uavhengige informasjonskjelder, men dette blir stadig meir vanskeleg å gjere.
Til dømes, so fort denne artikkelen har blitt oppdaga av søkjemotorane, vil de vere i stand til å finne den om de skriv inn namnet på artikkelen ordrett.
Men det store fleirtalet av folk skriv berre inn eit einaste ord eller ein kort frase når dei søkjer på noko på nettet, og dei søka kjem til å bli overveldande dominert av visse typar kjelder.
Med andre ord, big tech-selskapa har essensielt sett dykk og meg i ein boks på dette punktet.
Vi kjem til å bli fôra igjen og igjen med informasjon som dei vil at vi skal fortære.
Slik som med alt anna, kan det som vi ikkje får lov til å finne like gjerne ikkje eksistere.
Facebook, Twitter og dei andre store sosiale medieplattformene gjer det same. Dei fremjar det dei vil at de skal sjå, og dei undertrykkjer informasjon som dei vil ha dykk til å unngå.
Informasjonen som dei held vekke frå oss er framleis der ute, men på dette punktet har tech-kjempene lykkast i stor grad i å essensielt slette mesteparten av Internett for det store fleirtalet av befolkninga.
Inspirasjon for denne artikkelen var ein fabelaktig YouTube-video som vart produsert av ein fyr ved namn Jimmy Corsetti. Eg vil oppmuntre dykk til å dele videoen hans med so mange som de kan, fordi han gjer ein flott jobb i å trekkje ut essensen av alt dette.
Eg trur framleis at søkjemotorar og sosiale medieplattformer kan vere nyttige verktøy om dei berre kunne presentere informasjon til oss på ein nøytral måte.
Håpet mitt er at mange som arbeider i tech-industrien vil lese dette, og at det vil inspirere dei til å presse på for reform.
Å prøve å sterkt halde tilbake mengda av informasjon som vi har tilgang til, er grunnleggjande gale.
Ein levande «marknadsplass for idear» er essensielt for kvart eit fritt samfunn, og akkurat no døyr vår «marknadsplass for idear» rett framfor auga våre.