Fragmentert mRNA med låg integritet får no skulda for covid-sprøyteproblem

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

I dei siste to åra har ein 14-minutts video på Brighteon.com fortalt ei lite kjent historie om farane og ineffektiviteten til covid-«vaksinar».

Messenger RNA (mRNA)-sprøter frå Pfizer-BioNTech og Moderna har ikkje 100% integritet, forklarer videoen, som er naudsynt for at sprøytene skal «fungere».

Med mindre alt RNA er fullstendig intakt, har mRNA-kjemikaliar tendens til å slå feil inne i kroppen, som ofte resulterer i alvorlege helseproblem.

Det viser seg at ikkje alle mRNA-glas er like heller. Ein person får eit brygg, medan ein annan får noko heilt anna. Dette forklarer kvifor somme som fekk sprøyta blir alvorleg sjuke eller døyr, medan andre ser ut til å vere slik som før.

«Fragmentert RNA kan potensielt òg vere farleg for helsa ved å danne ukomplette piggprotein,» seier dr. Joseph Mercola.

Driv Big Pharma og staten overlagt avfolking med «heite» parti med dødeleg «vaksine»?

Oppdagingane som er gjort i nemnde video og gjentekne av dr. Mercola målar eit mysteriebilete rundt mRNA-injeksjonar, som er nesten som å spele russisk rulett.

Medan der visseleg òg er kvalitetsproblem å ta med i reknestykket, kan det sjå ut som om mRNA-løysingane frå Pfizer-BioNTech og Moderna er dårleg laga og høgst inkonsekvente.

«Fenomenet bad batch [«dårleg parti»] kan òg vere ein indikator på kvalitetsproblem,» skriv dr. Mercola.

«Uavhengige etterforsrkingar har avdekt at somme parti av sprøytene har tilknyting til svært alvorlege biverknader og død, medan andre parti har svært få eller ingen uventa verknader med bruken sin.»

Det faktum at sokalla «heite» vaksineparti ser ut til å bli sleppt ut «på koordinert maner» antydar at overlagt testing av dødeleg dose på folket finn stad rett framfor auga våre.

Med andre ord kan dei «dårlege partia» ikkje berre vere eit uhell. Nokon ein eller annan stad ser ut til å ønskje at somme døyr av sprøytene, medan andre får ein mindre dødeleg eller til og med ein placebo-dose.

Det vi veit, basert på funn i ein British Medical Journal (BMJ)-studie publisert tilbake i mars 2021, er at der er eit vell av kvalitetskontrollproblem. Dersom Mercola har rett, kan desse problema med kvalitetskontrollen vere gjort med vilje for å skade menneske.

Hacka data presentert i studien avslører at alt frå 55 til 78% av kommersielt tilgjengelege sprøyter har «ein betydeleg skilnad i % RNA-integritet / forkorta spesimen», noko som tydar at samansetning og kvalitet er kaotisk.

«Dei hacka dataa vart deretter sendt til journalistar og akademikarar over heile verda. Dei vart òg publiserte på det mørke nettet,» forklarer Mercola.

«Somme av dokumenta viser at europeiske regulatorar hadde betydelege bekymringar rundt mangelen på intakt mRNA i dei kommersielle partia som det hadde blitt teke prøver frå.»

Rett før Operasjon Warp Speed offisielt vart lansert i desember 2020, sendte ein høgt rangert tenesteperson frå Det europeiske medisinbyrået (EMA) ein e-post som avslørte at kommersielle parti av mRNA-vaksine mislykkast i å oppfylle tryggleiksstandardar.

Pfizer vart gjort merksam på desse bekymringane, men det er uklart korleis legemiddelbyrået responderte – eller om dei gjorde det i det heile – fordi mindre enn ein månad seinare var Operasjon Warp Speed i full gang.

«Underleg nok, då BMJ bad Pfizer, Moderna, CureVac og fleire regulatorar om å spesifisere prosentdelen av mRNA-integritet som dei vurderte som akseptabel, svarte ingen med spesifikke tal,» skriv Mercola vidare.

«Ifølgje British Medicines and Healthcare Products Regulatory Agency, FDA og Health Canada, er spesifikasjonsgrensa på RNA-integritet ‘kommersielt konfidensiell’.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s