Av Hans Vogel. Henta frå The Saker. Omsett av saksyndig.
Hugsar du Margaret Thatcher? Og Indira Gandhi? Har du nokosinne høyrt om Golda Meir? Alle tre var «jarndamer» som var leiarar av landa sine og stolte forsvarar av nasjonale interesser, og som difor verkeleg gjorde ein skilnad. Ein kan vere einig eller ikkje med deira politiske filosofi og meiningar, men ein kan ikkje nekte for at desse damene verkeleg var fabelaktige politikarar, og at dei til og med sette dei fleste av sine mannlege motstykke i skuggen.
I dag er der 17 land der damer leiar regjeringar. Desse inkluderer Frankrike, Storbritannia, Sverige, Danmark, Finland, Estland, Litauen, Serbia, Island, New Zealand, Bangladesh og Nepal. Presidenten av Europakommisjonen, fru Ursula von der Leyen, høyrer òg til i denne lista. I tillegg er der 15 land der ei dame er president.
Av dagens kvinnelege politikarar er kanskje berre Cristina Fernandez i Argentina laga av same materiale som hennar fargerike forgjengarar Thatcher, Meir og fru Gandhi. Hennar faktiske storleik kunne ha vore samanliknbar dersom landet hennar vog tyngre på den politiske verdsarenaen. Ein påverknad samanliknbar med den til Tyskland, fram til deira innføring av sjølvmordsaktig økonomisk politikk tidlegare i år. Angela Merkel, dama som presiderte over Tysklands lagnad i meir enn 16 år, har allereie gjort sitt beste for å øydeleggje den sosiale veven i landet sitt ved å opne portane for millionar av unge, single, mannlege utlendingar som ikkje har gjeve eit snev av respekt eller sympati for nasjonen som ønskte dei velkomne med opne armar. Med andre ord, sjølv om «das Merkel» (som hennar mange baksnakkarar lika å kalle ho) kan, med tanke på hennar lange velde og hennar grep på tysk politikk, bli sett på som likekvinna til Thatcher, Gandhi og Meir, har ho med glans forlate pliktene sine. Sjølv om ho ikkje er Tysklands faktiske slaktar, har Merkel førebudd landet på slakt. Meisterslaktaren som for tida presiderer over drapet på Tyskland, er sosialdemokraten Olaf Scholz, ein mann.
Men ver sikker, halve kabinettet hans er damer. Somme av dei mest øydeleggjande, idiotiske og inkompetente av desse damene har fått ansvaret for viktige ministerium. Annalena Baerbock er minister for utanlandske affærar og har som det kome med offentlege ytringar med eit nivå av uvit og regelrett dumskap rivaliserer dei til hennar britiske motstykke Liz Truss, som berre for nokre dagar sidan vart innvigd som statsminister. Det indre ministeriet er leia av ei viss Nancy Faeser, knapt nok mindre inkompetent enn Baerbock, medan forsvarsdepartementet er leia av Christine Lambrecht som, som høyrer til for ei dame som har fått ansvar for nasjonalt forsvar, veit absolutt ingenting om militære affærar. Tilfeldigvis er hennar kollega i Nederland, fru Kajsa Ollongren, på same nivå av uvit. Sjølv etter å ha blitt gjort til leiaren av forsvaret, kunne ho ikkje sjå skilnaden mellom ein major og ein majorsersjant.
Naturlegvis, for å bli ein kabinettminister treng ein ikkje å ha detaljert kunnskap om alt som det ministeriet har med å gjere, men overflatisk kunnskap og elementære intellektuelle evner kan vere greitt å ha, om so for berre å inspirere tillit i folket. Det som dei hovudristande låge nivåa av kompetanse blant mesteparten av dagens regjeringsministrar indikerer, er at ministrar i moderne regjeringar ikkje er noko anna enn gallionsfigurar. Utskiftbare hovud som berre treng å signere på stripla linjer, smile til fotografar, svare på enkle, førebudde spørsmål og reise rundt litt for å gje inntrykket av at dei faktisk gjer noko. Det er nøyaktig kvifor so mange ignoramusar (mann/dame) blir utpeikt til høgtliggjande stillingar i regjeringa. Det er ikkje dei som tek dei ekte avgjerdene.
Det er gjort av høgtrangerte offentlege tenestepersonar, big business, bankar, NGO-ar [ikkje-statlege organisasjonar; oms.an.], internasjonale organisasjonar slik som Verdas helseorganisasjon og World Economic Forum, og av eit og anna ikkje-valt organ slik som Europakommisjonen. Dei fleste av desse einingane er leia av menn, og berre veldig få av desse einingane har jamn fordeling mellom menn og damer i styra og dei utførande organa. Det er nøyaktig kvifor damer so ofte blir regjeringsministrar: det har ingenting å seie for måten ting blir gjort på, men det ser so fint ut i det lettlurte folket sine auge.
For dei som krev like moglegheiter for damer (å matche fordelinga mellom kjønna på ein prikk i godt betalte presisjejobbar, men aldri for søppeltømmarar), er politikk eit valområde for å oppnå måla deira. Sidan det ikkje speler noka rolle om ein regjeringsminister er kompetent og kunnskapsrik, kan stillingar på det nivået lett fyllast av kompisar (mann/dame) og marionettar (mann/dame). Som ein generell regel kan ein seie at over heile fjøla er politikarar mindre kompetente enn sine motstykke utanfor regjeringa. Dette er mest openbert på område der ekspertise verkeleg speler noka rolle, der større interesser står på spel og der stor profitt blir oppnådd.
For tida er fordelinga mellom menn og damer lik i Europa-kommisjonen, den nederlandske regjeringa og òg i Frankrike, Tyskland og Portugal. Damer er i fleirtal i regjeringane til Belgia, Spania og Sverige. Vi kan vere sikre på at militante feministar og forkjemparar for likestilling ikkje vil protestere på det kvinnelege fleirtalet i dei kabinetta som om det, ifølgje deira filosofi, ville vere urettferdig. For menn, naturlegvis. På den andre sida vil dei same feministane visseleg protestere høglytt på fordelinga i regjeringane til Romania (23 menn, éi dame), Polen (21 menn, éi dame) og Ungarn (14 menn, éi dame).
Underleg nok er kabinettsamansetninga i Ungarn, Polen og Romania ikkje so langt frå den til Verdas helseorganisasjon (WHO), som påstår å overvake helsa til heile verdas befolkning. Det gudeliknande WHO ser ut til å ta det med fullstendig fatning at damer blir alvorleg diskriminerte. I styret sitt er menn i fleirtal med meir enn fire til ein. Derimot har eg enno ikkje høyrt nokon klage over denne situasjonen.
Faktisk har mange av dei mektigaste og påverknadsrikaste einingane i verda ikkje jamn fordeling mellom menn og damer som mål i sine styrerom. Bortsett frå det faktum at dei sjeldan er leia av ei dame, er kjønnsulikskap det som skil dei ut frå dei mest «framtidsretta» regjeringane i Europa.
På eit overordna plan kjenner finansverda, som utgjer bankverksemd, forsikring, aktiva-handtering og andre finansielle tenester, ikkje til kjønnslikskap på dei høgaste nivåa. Det same gjeld farmasi og høgteknologi. Eksemplariske egalitære føretak innan desse felta inkluderer Allianz og Zurich (begge forsikring), Microsoft og Pfizer. Desse firmaa kan stolt vise fram styre som er halvparten menn, halvparten damer.
Andre gigantar innan desse felta har ein mann/dame-representasjon på toppnivåa som går mellom 4:1 og 2:1. Blackrock, verdas største aktiva-handteringsfirma, har 2:1, i hælane er Vanguard og Charles Schwab med 3:1. Saman med sonen sin leiar den sjølverklærte menneskeelskaren George Soros Open Society Foundation, medan representasjonen på deira globale styre er 2:1, igjen i favør av menn. Ein kunne ha forventa at ein organisasjon som ber si ære i å fremje ei meir rettferdig og likestilt verd ville ha sikra seg – i det minste av PR-grunnar – at styret deira ville ha jamn representasjon.
Det same gjeld World Economic Forum. Medan dei bruker kvart eit høve til å plage resten av oss med deira dårleg gjennomtenkte prosjekt og småstykke av vondsinna galskap, er det like dominert av menn som mesteparten av finansverda, som faktisk er deira kjerneføretak. Styrt av Klaus Schwab, sonen og dottera hans, er menn i fleirtal med to til ein på deira Board of Trustees, Managing Board og Executive Committee. Sjølv Biden-administrasjonen har oppnådd likestilling, med 12 menn og 12 damer. Difor kan ein spørje kva som stoppar WHO, WEF, Blackrock og andre frå å følgje dette prisverdige dømet.
Kanskje i organisasjonar der harde, kalde tal sit i høgsetet, er det ikkje gjennomførbart å anvende moteriktige likestillingsnormer. Det kan vere grunnen til at Den internasjonale oppgjersbanken [BIS; Bank of International Settlements] i Basel, sentralbanken til sentralbankane og den mektigaste finansielle eininga i verda, har mindre enn seks prosent damer i styret sitt; éi ut av 18. Sjølve det faktum at pengar til sjuande og sist er viktigare enn likestilling mellom mann og dame, er den beste forklaringa på fråværet av offentleg ramaskrik mot underrepresentasjonen av damer innan finans og ekte makt og påverknadskraft.
I omsyn til dette kan det vere verdt å hugse den franske feministiske lærde, Evelyne Sullerot (1924-2017), som formulerte ei «lov» som seier at når damer blir i fleirtal i eit yrke, vil prestisje og lønn bli lågare enn om menn hadde vore i fleirtal.
Som alle med eit snev av vit veit: alt menn kan gjere, kan damer gjere òg – og stundom betre. Historia er full av både talentfulle og høgt evnerike damer og menn. Det same gjeld «minoritetar», om dei er basert på rase eller konstruert ut av moderne kjønnsgalskap. Å derimot påføre «likestilling» ved spesiallovverk er toppen av toskeskap. Det vil berre tiltrekkje feil type menneske til godt betalte jobbar og stillingar høgt oppe i regjeringa.
Inkompetente damer, til dømes, som den nederlandske finansministeren, fru Sigrid Kaag. Som lojalt tilknytt WEF, utfører ho pliktoppfyllande kva enn slags ordrar Klaus Schwab har gjeve. Sidan ho tydelegvis òg er ein psykopat (som sanneleg ikkje er sjeldan blant politikarar og administrerande direktørar), bryr ho seg ikkje om den utbreidde øydelegginga, elenda og fattigdommen som ho forårsakar. No som desperate borgarar skaper problem for ho og familien hennar, der somme til og med skrik trugslar, har fru Kaag erklært at dette faktisk er forårsaka av eit av opposisjonspartia i parlamentet. Eg er sikker på at Indira Gandhi aldri ville ha sagt noko so dumt som dette. Men openbert er Kaag ute av stand til å forstå effekten som politikken hennar har, ei heller kan ho bere konsekvensane av handlingane sine.
Det einaste svaret som fru Kaag fortener, er ordspråket «om du ikkje toler heten, kom deg ut av kjøkkenet!»
Faktisk kan ho høyre betre heime på kjøkkenet, der ho gjer noko konstruktivt eller nyttig, slik som å lage eit måltid til familien sin, eller for suppekjøkkena som ho tvingar so mange av sine medborgarar til å gå til som siste utveg…