Mike Adams i 2012: «Psykiatrien tørnar: Kvar menneskelege kjensle blir no klassifisert som ei psykisk liding i den nye psykiatrimanualen DSM-5»

Eg presenterer her ei omsetjing av ein klassisk Mike Adams-tekst som opphavleg vart publisert på Natural News 13.desember 2012. Adams publiserte denne meiningsartikkelen i samband med at den femte utgåva av Diagnostic and Statistical Manual of Mental Disordersbetre kjent under namnet DSM-5hadde blitt utgjeven av Den amerikanske psykiatriforeininga (American Psychiatric Association, APA). Av interesse hadde denne oppdaterte utgåva gjort endringar i høve til schizofreni, Aspergers og stemningslidingar, i tillegg til å inkludere tilstandar som «fråtselidingar» (engelsk binge eating disorders) og kjønnsdysfori (tidlegare kjønnsidentitetsliding). Den nyaste oppdateringa av DSM kom ut i mars 2022 og har namnet DSM-5-TR. I Noreg er det fyrst og fremst ICD (International Statistical Classification of Diseases and Related Health Problems) frå Verdas helseorganisasjon som blir brukt for å setje psykiatriske diagnosar. I tillegg bruker primærhelsetenesta den sokalla ICPC (International Classification of Primary Care).

Med helsing redaktøren i Saksyndig

Psykiatrien tørnar: Kvar menneskelege kjensle blir no klassifisert som ei psykisk liding i den nye psykiatrimanualen DSM-5

Av Mike Adams, 13.desember 2012. Omsett og noko forkorta av saksyndig.

Den moderne psykiatriindustrien har no offisielt tørna. So godt som kvar einaste emosjon opplevd av eit menneske – tristheit, sorg, angst, frustrasjon, utolmod, opprømtheit – blir no klassifisert som ei «psykisk liding» som krev kjemisk behandling (med reseptbelagte legemiddel, naturlegvis).

Den nye, komande DSM-5 «psykiatri-bibelen», som er forventa å kome innan nokre få månader, har forvandla seg frå ein medisinsk referansemanual til eit vitnesbyrd på galskapen til sjølve industrien.

«Psykiske lidingar» som er nemnt i DSM-5 inkluderer «generalisert angstliding» eller GAD som forkorting [humoristisk nok blir dette «GAL» på norsk; oms.komm.]. GAD kan bli diagnostisert hjå ein person som føler seg litt engsteleg når vedkomande til dømes snakkar med ein psykiater. Altso får berre det at ein psykiater engasjerer seg i moglegheita for å setje ein diagnose, «symptoma» til diagnosen til å dukke opp på magisk vis.

Dette blir kalla kvakksalvar-vitskap og sirkelargumentasjon, og likevel er det ein indikator på heile psykiatriindustrien, som har blitt slik ein gjenstand for latterleggjering i vitskaplege sirklar at sjølv vitskapsskeptikarane byrjar å snu seg vekk i avsky. Psykiatri er ikkje meir «vitskapleg» enn astrologi eller handflatelesing, likevel kallar dei som praktiserer det seg for «doktorar» innan psykiatri for å prøve å få kvakksalveriet til å høyrast truverdig ut.

Korleis moderne psykiatri verkeleg fungerer

Her er korleis moderne psykiatri verkeleg opererer: ein gjeng sjølvhøgtidelege, overbetalte intellektuelle som ønskjer å tene meir pengar, diktar opp ein imaginær sjukdom som eg her kallar «ædda-bædda-liding», eller ÆBL.

Ved å ta handsopprekning stemmer dei deretter fram frå lause lufta kva enn slags «symptom» som dei ønskjer skal bli tilknytt ædda-bædda-liding. I dette tilfellet kan symptoma bestå av sponane utbrot av song eller å ønskje å pirke deg i nasen frå tid til anna.

Deretter overtydar dei lærarar, journalistar og statlege regulatorar om at ædda-bædda-liding er reell – og desto viktigare at millionar av barn kan lide av den! Det ville ha vore hjartelaust å nekte alle desse barna behandling, ville det ikkje?

Altso byrjar krava om «behandling» for ein fullstendig oppdikta sjukdom. Frå det punktet av er det berre blåbær å få Big Pharma til å fabrikkere kva enn slags vitskaplege data dei treng for å «bevise» at speed, amfetamin, farmasøytiske kvakksalvar-piller eller kva enn slags gifter som dei ønskjer å selje, «reduserer risikoen for ædda-bædda-liding».

Alvorstynga psykiaterar med gravrøyst – som alle ler seg halvt i hel på bakrommet – set deretter «diagnosen» ædda-bædda-liding på barn og «føreskriv» reseptbelagte legemiddel som hevdar å behandle den. For å gjere dette, tener desse psykiaterane – som, lat oss ærleg innrømme det, er ingenting anna enn farlege rovdyr på jakt etter barn – gode pengar frå Big Pharma.

For å maksimere innteninga og frynsegoder frå Big Pharma, samlar grupper av desse psykiaterane seg med nokre års mellomrom for å dikte opp fleire fiktive lidingar, og for å utvide sitt finansielle verk som blir kalla DSM.

DSM er no større enn nokosinne, og den inkluderer lidingar slik som «Obedience Defiance Disorder» (ODD) [noko sånt som «åtlydingsnekt-liding»; oms.an.], definert som det å nekte å sleikje sko og følgje falsk autoritet. Valdtektsmenn som kjenner seksuell opphissing medan dei utfører sine valdtektsaktivitetar blir gjevne orsakinga at dei har «Paraphilic coercive disorder» [tja… noko sånt som «parafilisk påtvingingsliding»?], og difor ikkje er ansvarlege for sine handlingar. (Men dei vil trenge medisinering, naturlegvis!)

Du kan òg bli diagnostisert med «hamstringsliding» dersom du tilfeldigvis byggjer opp eit lager av mat, vatn og ammunisjon, blant andre ting. Det stemmer, folkens. Å vere førebudd på potensielle naturkatastrofar gjer deg no til ein psykiatripasient i auga til moderne psykiatri (og staten òg, for den del).

Tidlegare DSM-styreleiar ber om orsaking for å ha skapt «falske epidemiar»

Allen Frances sat som leiar i styret til DSM-IV, som vart utgjeven i 1994. Han innrømmer no at det var ein diger feil som har resultert i den massive over-diagnostiseringa av menneske som faktisk er temmeleg normale. DSM-IV «… bidrog utilsikta til tre falske epidemiar – attention deficit disorder [ADHD], autisme og barndoms-bipolar liding», skriv Allen i ein meiningsartikkel i LA Times.

Han seier deretter:

«Det fyrste utkastet til den neste utgåva av DSM… er fylt av forslag som vil mangedoble feila våre og føre til ei utviding av den psykiatriske rekkjevidda som går dramatisk djupare inn i det stadig krympande domenet normalitet. Denne medisinske imperialiseringa av normalitet kan potensielt skape fleire titals millionar uskuldige som feilaktig vil bli stempla som psykisk sjuke. Den farmasøytiske industrien vil hamne i himmelriket – trass mangelen på solid evidens på nokon som helst effektive behandlingar for desse nyss føreslegne diagnosane.»

Alle desse fabrikkerte diagnosane resulterer naturlegvis i eit raskt esande tal falske positive. Som Allen skriv:

«‘Psykoserisiko-syndromet’ vil bruke tilstadeveringa av merkeleg tenking til å spå kven som seinare vil ha ein psykotisk episode. Men spådommen vil vere feil minst tre eller fire gonger for kvar gong den er korrekt – og mange feilidentifiserte tenåringar vil få legemiddel som kan forårsake enorm vektauke, diabetes og forkorta forventa levealder.»

Men det er heile poenget med psykiatrien: Å føreskrive legemiddel til menneske som ikkje treng dei. Dette blir nesten fullstendig oppnådd ved å diagnostisere menneske med lidingar som ikkje finst.

Og det heile toppar seg når psykiaterar blir betalte med pengar som dei aldri tente (og iallfall ikkje har gjort seg fortent til).

Førestill deg: Ein heil industri funnen opp ut or lause lufta! Og ja, du må førestille deg det, fordi ingenting i den industrien er faktisk reelt.

Kva er «normalt» i psykiatrien? Å vere ein kjenslelaus zombie

Den einaste måten å framstå som «normal» på under observasjon eller «diagnostisering» av ein psykiater – ein prosess som er fullstendig subjektiv og fullstendig tømt for noko som liknar på faktisk vitskap – er å framvise absolutt ingen kjensler eller åtferd i det heile.

Ein person i koma er ein «normal» person ifølgje DSM, fordi dei ikkje viser nokon symptom som kan indikere tilstadeveringa av desse ugudelege tinga kalla emosjonar eller åtferd.

Ein person som ligg i grava er òg «normal» ifølgje psykiatrien, for det meste fordi døde menneske ikkje er kvalifiserte for Medicare-utbetalingar og difor ikkje er verdt å diagnostisere eller medisinere. (Men dersom Medicare faktisk dekte avdøde pasientar, trur eg i Herrens namn at du ville sjå psykiaterar stille seg i kø rundt om på gravlundane for å medisinere lik!)

Det heile er ein vondskapsfull, komplett bløff. Psykiatri burde bli avskaffa på flekken og alle barna som har slitt sett på tankeendrande legemiddel burde få legemiddela seponert og gjevne god næring i staden.

Når kollapsen av USA kjem og det nye samfunnet stig opp frå ruinane, kjem eg til å utøve hardt press for den komplette avskaffinga av psykiatrisk «medisin» om du i det heile teke kan kalle det for det. Praktisk tala heile industrien er leia av reelt galne, maktkåte skrullingar som bruker makta si for å gjere offer ut av barn (og vaksne òg). Samfunnet har INGEN stad for forvrengt psykiatri basert på fabrikkerte lidingar. Heile operasjonen må stengjast ned, teken i frå kvarandre og gjort forboden.

Den tapte formeininga om normalitet

Her er nokre enkle sanningar som treng å bli tekne fram i minnet når vi avskaffar kvakksalvar-vitskapsindustrien psykiatri:

Normalitet kan ein ikkje oppnå gjennom medisinering. Normalitet er ikkje fråværet av ei rekkje kjensler/emosjonar. Livet har som ein naudsynt del av seg emosjonar, erfaringar og åtferdstypar som stundom går utanfor det kvardagslege. Dette tydar ikkje at menneske har ei «psykisk liding». Det tydar berre at dei ikkje er biologiske robotar.

Næring, ikkje medisinering, er svaret

Mangel på næringsstoff er forresten den underliggjande årsaka til nesten alle «psykiske lidingar». Ubalanse i blodsukkeret forårsakar feil i hjernen fordi hjernen går på blodsukker som si primære energikjelde. Mangel på sink, selen, krom, magnesium og andre element skaper blodsukkerubalanse som resulterer i tilsynelatande «ville» emosjonar eller åtferdstypar.

Nesten alle som har blitt diagnostiserte med ei psykisk liding i vår moderne verd lid faktisk av ingenting anna enn ubalanse i næringsstoffa. For mykje prosessert, giftig søppelmat og ikkje nok sunn supermat og næring. Til tider lid dei òg av metalforgifting på grunn av for mange vaksinar (aluminium og kvikksølv), eller at dei et for mykje giftig mat (kvikksølv i fisk, kadmium, arsenikk, osb.). Vitamin-D-mangel er latterleg utbreitt, spesielt i Storbritannia og Canada der sollys er vanskelegare å få nok av jamleg.

Men grunnen til at næring aldri blir sett lys på som løysinga på psykiske lidingar og sjukdommar er at den farmasøytiske industrien berre tener pengar på å selje kjemiske «behandlingar» for tilstandar som blir gjevne kompliserte, teknisk-lydande namn for å få dei til å høyrast meir ekte ut. Dersom mat og næringstilskot kan halde hjernen din frisk – og tru meg, det kan dei! – kven treng so dyre legemiddel frå farmasien? Kven treng dyre psykiaterar? Kven treng pille-pushande legar? Og Obamacare sine obligatoriske helseforsikrings-pengekonfiskeringsprogram?

Ingen treng dei! Dette er  den enkle, sjølvinnlysande sanninga: Samfunnet vårt ville ha vore mykje lykkelegare, friskare og meir produktivt i morgon dersom heile den farmasøytiske industrien og psykiatriindustrien rett og slett forsvann over natta.

Med DSM-5 har den moderne psykiatrien gjort narr av seg sjølv. Det som ein gong vart sett på noko som kanskje hadde ein viss basis i vitskapen, blir no i det store og det breie sett på som lattervekkjande kvakksalveri.

Sjølve psykiatrien ser no ut til å ha tørna fullstendig. Og det kan vere den fyrste nøyaktige diagnosen som kjem frå heile den gjengen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s