Av Calvin Freiburger, LifeSiteNews. Omsett av saksyndig.
Covid-19 er eit «biologisk våpen» som den amerikanske føderale regjeringa er ansvarleg for, ifølgje den prominente Covid-etablissementskritikaren, legen Peter McCullough.
McCullough, som er indremedisinar, hjartelege og epidemiekspert og kjent for sine analysar og kommentarar om utviklingar i Covid-utbrotet og den politiske responsen, hadde nyleg eit intervju med journalist Kristi Leigh for å diskutere boka han skreiv saman med John Leake, The Courage to Face COVID-19.
«Det var ein statleg operasjon som skapte SARS-CoV-2 og piggproteinet,» erklærte McCullough. «Det var den amerikanske regjeringa som gjorde det. Og dei arbeidde med trugselen so vel som responsen… alt var planlagt… SARS-CoV-2 er eit biologisk våpen.»
Tidleg i pandemien vart teorien om at Covid hadde sitt opphav i eit kinesisk laboratorium og ikkje i naturen, bittert fordømt som skadeleg feilinformasjon. Men innan midten av 2021, etter kvart som evidens samla seg, byrja hovudstraumsstemmer å erkjenne at det kunne vere mogleg.
I mai i år offentleggjorde republikanske medlemmer av Huset sin etterretningskomité ein rapport som avdekte «betydelege indisium» for at Covid spreidde seg på grunn av ein lekkasje frå det kinesiske Wuhan Institute of Virology (WIV), og den republikanske senatoren Rand Paul frå delstaten Kentucky har teke ei leiande rolle i å etterforske den ekstroverte dr. Anthony Fauci, direktør i National Institute of Allergy and Infectious Diseases (NIAID) og Kvite Hus-Covid-rådgjevar, for hans oversyn over den påståtte rolla til den amerikanske regjeringa.
Under Fauci godkjende NIAID finansiering til EcoHealth Alliance for å utforske gain-of-function (GOF)-forsking, som dreiar seg om å med vilje gjere virus sterkare for å betre kunne studere deira potensielle effektar på koronavirus – dette skjedde fleire stader, inkludert ved WIV.
Fauci og forsvararane hans insisterte på at arbeidet som NIAID godkjende, ikkje var gain-of-function-forsking og at det ikkje kunne ha ført til Covid, men i januar offentleggjorde dei konservative etterforskarane i Project Veritas dokument som dei hadde fått tak i. Dokumenta viste at EcoHealth, før dei gjekk til NIAID, ved eit tidlegare høve hadde lagt fram sitt ønske om finansiering til Defense Advanced Research Projects Agency (DARPA) [«byrå for avanserte forskingsprosjekt relatert til forsvar»; fritt omsett]. DARPA avviste ønsket fordi prosjektet ville stride mot eit allereie eksisterande moratorium på GOF-forsking, og fordi EcoHealth mislykkast i å gjere reie for potensielle risikoar.
Blant dei dokumenta var ein rapport frå august 2021 til generalinspektøren i forsvarsdepartementet av marinemajor Joseph Murphy, ein tidlegare DARPA-medlem, som sa at «SARS-CoV-2 matchar SARS-vaksine-variantane som NIH-EcoHealth-programmet laga i Wuhan.» [NIH = National Institutes of Health, «nasjonale helseinstitutt»].
Sidan den gong har lekne e-postar avslørt at topp-forskarar ved NIAID, NIH, Londons Wellcome Trust, og nederlandske Erasmus University Medical Center var klare over moglegheita for laboratorielekkasje so tidleg som februar 2020, men at dei frykta at det å offentleg anerkjenne det ville påverke negativt «vitskap og internasjonal harmoni».
I mai innrømte konstituert NIH-direktør Lawrence Tabak til Kongressen at byrået avgrensa tilgangen på data på dei tidlege genomiske sekvensane av Covid-19, informasjon som kunne ha bidrege til å fastsetje opphavet til viruset, etter ønske frå vitskapsfolk frå det kommunistiske Kina.