Av Baxter Dmitry, Newspunch. Omsett av saksyndig.
Ei rekkje nifse spådommar av Nostradamus om dronninga sin død i 2022 – og den plutselege abdiseringa av kong Charles III – har blitt avdekt.
Den franske astrologen og klarsynte har trekt til seg internasjonal berømmelse for å spå framtidige hendingar slik som 11.september, Irak-krigen, prinsesse Dianas død og koronavirus-pandemien.
No har utdrag publisert av Nostradamus i 1555 vist innsynet hans i «Abdiseringa av kong Charles III av England» i kjølvatnet av døden til dronninga.
For året 2022 inkluderte den klarsynte sine avsløringar byrjinga på ein ny verdskrig, ei dronning sitt farvel, ei global omskaking, med naturlege hendingar, som vil utløse verdsomspennande kaos og maktkampar, so vel som fallet til ein meteoritt, ein økonomisk kollaps og jordskjelv.
I 2019 åleine spådde Nostradamus brannen som raserte Notre Dame-katedralen i Paris, og spådde at i løpet av 2020 ville kommersiell romfart vere mogleg, noko som Space X-selskapet byrja å sysle med.
Ifølgje Nostradamus vil kong Charles bli tvinga vekk av det britiske folket etter at dei bestemmer at han er «uverdig», noko som fører til at ein uventa mann blir utnemnt til den nye kongen.
Forfattar Mario Reading, ein leiande ekspert på Nostradamus, avkoda fleire av spådommane til astrologen rundt temaet i boka si Nostradamus: The Complete Prophecies For The Future.
I boka forklarer Reading at Nostradamus vellykka spådde at dronninga kom til å døy i 2022.
«Denne strofa vil ikkje kome som noka overrasking for det britiske folket, og det har omfattande implikasjonar,» skreiv Reading.
«Innleiingsvis vil dronning Elizabeth II døy, om lag 2022, i ein alder av rundt 96, fem år mindre enn mora hennar levde.
Prins Charles vil bli krona i hennar stad, og bli ‘Konge av øyane’, der implikasjonen er at han ikkje lenger er konge over dei andre regionane i verda der mora hans styrte – Canada, Australia, New Zealand, osb. – som i mellomtida vil ha blitt republikkar.»
Ifølgje Nostradamus vil Charles sitt velde bli kort og fullstendig katastrofalt. Undersåttane hans, det britiske folket, vil gå til opprør mot han, rasande fordi han sveik den britiske nasjonen.
Kan Nostradamus referere til Charles sin nære vennskap med Klaus Schwab og hans lojalitet til World Economic Forum? Charles har allereie svore truskap til det globalistiske WEF, og signalisert at The Great Reset har høgste prioritet for han, noko som set suvereniteten til nasjonen hans i fare.
So kan jo òg Nostradamus referere til Charles sin nære vennskap med Jimmy Savile, Storbritannias mest produktive pedofile.
Der er mange grunnar til at det britiske folket kanskje kan gå til opprør mot Charles III. Ikkje gløym rolla hans i den tragiske døden til prinsesse Diana, den unge og vakre kona som han var bestemt å kvitte seg med.
Charles si tvilsame fortid burde ikkje kome som noka overrasking. Storbritannia og samveldet har no ein monark som stammar frå Dracula, tyrannen som dyppa brødet sitt i blodet av sine spidda offer.
So kanskje er det ikkje overraskande at Charles er nære venner med Klaus Schwab, den globalistiske overherren, som med sine planar for autokratisk slavebinding av menneskeheita representerer ein moderne versjon av tyrannen Vlad Dracula sin ekstremt valdelege styremåte.
Nostradamus hevdar deretter at folket sitt pågåande raseri mot Charles er so stort at når agendaen hans blir avslørt, vil han bli tvinga til å abdisere. Reading forklarer:
«Presset mot han er so stort, og alderen hans med, at Charles går med på å abdisere til fordel for sonen sin.
Spørsmålet er kva slags son? For i den siste linja gjer Nostradamus det særs tydeleg at ‘ein mann vil erstatte han som aldri var venta å bli konge’.
Tydar det at prins William, som ein ville forvente at overtok trona etter far sin, ikkje lenger er i biletet?»
Dette kan tyde at woke-prins Harry, favoritten til World Economic Forum, blir konge i staden? Det vil gjere han til kong Henry IX, berre 38 år gammal.
Spådommane har skapt ein storm på nettet, og får mange til å hevde at den globale eliten er i ferd med å skape ein situasjon der Harry og kona hans Meghan blir konge og dronning-gemalinne av England.
Dersom Nostradamus har rett og Charles blir tvinga til å abdisere, og noko rart skjer med William si linje, og Harry blir krona til konge, vil det isofall bli klart som dagen at Klaus Schwab og WEF har infiltrert kvar regjering og institusjon på jorda, og globalistane sin draum om ei eiverdsregjering vil vere oppfylt.