WEF: «Gje suvereniteten dykkar til eliten eller døy!»

Av Sean Adl-Tabatabai, Newspunch. Omsett av saksyndig.

World Economic Forum-handlangar Yuval Noah Harari åtvara menneskeheita sist fredag at dersom dei nektar å gje suvereniteten sin til eliten, vil dei stå overfor utrydding.

I ein tale på 2022 Warwick Economics Summit, byrja Harari ved å etterape dei sedvanlege venstreekstreme snakkepunkta relatert til Klimaendring, og oppmoda verdas nasjonar om å betale to prosent ekstra av sitt BNP kvart år for å unngå ei «katastrofal» klimahending.

Infowars.com rapporterer: Ein kritikk som Harari langa ut, var at politikarar ofte flyttar store mengder av pengane til landa sine over i militæret i krigstider, og argumenterer for at dei kan gjere det same for å bekjempe klimaendring.

Seinare på toppmøtet fremja Harari ideen om at menneske ikkje treng å reise til fjerntliggjande øyar på ferie for å vere lykkelege, og at dei ikkje treng å bruke pengar på venleiksprodukt som skader miljøet for å føle at dei tek seg godt ut.

Essentielt føreslår han at gjennomsnittspersonen gjev opp basiske ting som gjev dei nyting, i byte mot alternativ som etablissementet har vurdert som meir «miljøvennlege».

Naturlegvis kjem Brad Pitt-ane, Leonardo DiCaprio-ane og Yuval Noah Harrari-ane i verda til å halde fram med å fly private jetfly medan lemena blir tvinga til å halde seg heime for å hjelpe til med å «redde Jorda».

WEF-rådgjevaren hevda òg at verdas mektigaste og rikaste nasjonar er mest ansvarlege for den påståtte klimakrisa, og mislykkast i å adressere forureininga skapt av mange av planeten sine fattigaste land og rike borgarar.

Når det gjeld Amerika sa Harari at USA har gjeve opp plassen sin som ein global leiar, og la til: «ingen trer eigentleg til for å fylle det vakuumet.»

For å utnytte det at USA visstnok er fjerna som verdsleiar under Joe Biden sin «leiarskap», vil organisasjonar som WEF og WHO steppe inn for å dytte planeten inn i eit globalt teknokratisk og medisinsk diktatur, ifølgje Harari.

«Vi treng eigentleg ikkje eit bestemt land som leiar. Ideelt burde mange land, mange organisasjonar på grasrotnivå kvar og ein bidra med ideane sine, motivasjonen deira mot eit felles prosjekt,» sa han.

Den som var vert for diskusjonen var Bill Weir frå CNN, som spurde Harari om ny teknologi vil hjelpe menneskeheita med å trivast utan å skade Jorda.

Klaus Schwab-lakeien svarte Weir med å innrømme at teknologi er eit «tviegga sverd» som kan brukast til å anten skade eller hjelpe menneske.

Han åtvara òg om at eliten ikkje burde stole på ein «Noas ark»-type teknologi for å redde dei frå ei katastrofal global hending.

Harari innrømte rett og slett at eliten vil hamstre teknologien for å redde seg sjølve, medan det store fleirtalet av folk vil lide.

«Der er ein særs stor fare for at med klimaendring, når folk snakkar om korleis framtida vår vil bli, vil der ikkje vere noko ‘oss’. Der er ikkje noka ‘vår framtid’. Menneskeheita kan dele seg opp i ein majoritet – kanskje – av folk som vil lide enormt, og ein minoritet som vil ha ressursar, rikdommen, [og] teknologien for å beskytte seg sjølve, og til og med blomstre i ein slags teknologisk Noas ark. Dette er ekstremt farleg,» fortalde han Weir.

Seinare under diskusjonen gav Harari æra til «framveksten av populistiske og ultra-nasjonalistiske parti i ulike delar av verda» for at politikarar skremmer folk med «fantasiar om at de vil bli erstatta om eit par tiår av innvandrarar og utlendingar».

«Sjølv om dette sannsynlegvis ikkje er sant, og sjølv om det skjer om førti eller femti år, og sjølv om det er basert på komplisert demografi, er det kraftig nok til å sende alle slags ultra-nasjonalistar og populistar til makta,» forklarte han.

Medan han sa at han ikkje likar «den typen politikk», antyda Harari at det globale etablissementet bruker populistiske strategiar for å «mobilisere folk rundt eit langsiktig, tåkete prosjekt» når det gjeld å kjempe mot klimaendring.

Ein tilskodar på toppmøtet spurde Harari kva globalistane kan gjere med diktatorar slik som Xi Jinping i Kina som kanskje ikkje vil gå med på den venstreorienterte grøne rørsla.

Som svar antyda WEF-rådgjevaren at borgarar framleis vil ha evna til å skape endring sjølv i nasjonar som Kina.

Avslutningsvis fortalde Harari menneskeheita at «vi har ikkje mykje tid» for å igjen sameine prioritetane våre slik at alle innbyggjarane i verda kan få «kva som helst slags framtid» i staden for berre eliten.

Naturlegvis konsoliderer løysinga hans global makt opp i hendene på den same eliten som ønskjer å redusere verdas befolkning for å skape ein tenarklasse.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s