Bill Gates håper at «konspirasjonsteoriar» om globalist-agendaen hans snart skal «byrje å døy ut»

Av Baxter Dmitry, Newspunch. Omsett av saksyndig.

Bill Gates har innrømt at han håper «sprø konspirasjonsteoriar» om globalist-agendaen hans snart skal «byrje å døy ut», medan han tilstår at elitane enno har til gode å finne ein måte å overbevise alle om å akseptere planane hans.

Gates fortalde til The Guardian, eit venstreorientert nyheitsmedium som han finansierer med rundt 13 millionar dollar i året, at han brukte å tru at nettbaserte «konspirasjonsteoriar» om han sjølv vart skapte av «ein robot som sendte ut sprø meldingar». Derimot, då han gjekk ute blant folk under pandemien, innsåg han kor mange som hata han djupt og inderleg.

«Der har vore nokre tilfelle der eg har møtt på folk ute i offentlegheita der dei skrik til meg at eg set chippar i folk, og det er temmeleg rart å sjå: ‘Wow, galningar finst verkeleg, det er ikkje berre ein eller annan robot som sender ut sprø meldingar’.»

«Eg trur dei byrjar å døy ut,» sa den ikkje-valde verdshelse-tsaren. «Eg håper det, for det er tragisk dersom det gjer folk mindre tilbøyelege til å stole på vaksinar, eller å gå med munnbind der dei burde gjere det.»

«Det var litt av eit fenomen; her i USA vart det fokusert på meg og Tony Fauci, og internasjonalt var det meir berre meg fordi dei ikkje visste kven Tony var – han gjekk verkeleg glipp av det!

Men du veit på ein måte at du ikkje burde gjere narr av det heller. Sjølv om det er den einaste rasjonelle måten å handtere det på, so er det temmeleg alvorleg stoff. Innovasjonane rundt korleis du får sanninga ut må vere like interessant som den store løgna – vi står overfor det i ei rekkje domene, og eg har ikkje sett ei so god løysing som vi alle ville ha lika å sjå.»

Etter å ha forklart at den noverande stoda i verda plasserer han under «mykje press», innrømte Gates òg at han og hans globalistkompisar får «dårlege karakterar» og opplever «uventa motbør» medan dei ruller ut agendaen sin.

«Det ville ha vore skrekkeleg å vende seg vekk berre fordi vi får dårlege karakterar på grunn av uventa motbør,» fortalde han The Guardian i eit eksklusivt intervju i forkant av tysdagens publisering av den årlege Goalkeepers Report frå den stiftinga der han er med-leiar.

Ifølgje Robert F. Kennedy jr. utfører Gates «global sosial og medisinsk eksperimentering» og har «ei religiøs tru om at han kan bruke teknologi (vaksinar og GMO-landbruk» for å gjere han til frelsaren av heile menneskeheita.»

«Gates sin strategi om å kjøpe WHO [Verdas helseorganisasjon] og kjøpe kontroll over amerikanske tenestepersonar slik som Tony Fauci og Deborah Birx» tydar at medgrunnleggjaren av Microsoft no kan «diktere global helsepolitikk som påverkar sju milliardar menneske og kontrollere dei mest intime detaljane i liva våre,» sa Kennedy jr. på si Instagram-side.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s