Av Mac Slavo, SHTFPlan.com. Omsett av saksyndig.
Ein medlem av dei tyske lovgjevande styresmaktene åtvarar openlyst om at 24.september vil bli ein dag der alle vil hugse «nøyaktig kor han eller ho var». Dette kjennest litt ut som ei 11.september-hending, og det er ikkje naudsynt å seie at slike dagar ikkje skjer so veldig ofte.
Som Michael Snyder, som skriv for The End of the American Dream, sa: For dei som levde på den tida, var John F. Kennedy sin død ein av dei dagane. Visseleg var 11.september ein av dei dagane. Men for å vere ærleg er der ikkje mange slike dagar for dei som for tida bur på denne planeten.
Det som det tyske parlamentet nyleg sa verkar so underleg:
«Ingen vil gløyme 24.september 2022, og alle vil hugse nøyaktig kor han eller ho var.»
Videoen av dette klippet har gått viralt på sosiale media.
Uheldigvis veit ingen om han prøver å piske opp frykt, eller om dette er prediktiv programmering, eller om han berre følte at han trong å åtvare den politiske herskarklassen i Tyskland. Dersom han ikkje var meint å seie dette, kunne det tyde at denne faretrugande hendinga blir dytta fram? Eller prøver han berre å kondisjonere folket til å akseptere slavebindinga si når planeten vaknar opp til den verkelege agendaen?
Det har vore iøyrefallande stille når det gjeld store hendingar og nyheiter i det siste.
«Vi er på veg mot tider der vi vil sjå katastrofale hendingar utspele seg som folk flest aldri kunne førestille seg var moglege. Heile menneskehistoria har bygt seg opp til eit digert klimaks, og vi får vere her og sjå det. Kjem denne månaden til å bli spesielt betydeleg?» – Michael Snyder, The End of the American Dream.
Med tanke på at videoen går virtalt, ifølgje rapportar, kan dette berre vere ein måte å distrahere folket, eller sikre seg om at folket held fram med å «sjå bløffen deira». Berre tida vil vise om dette vil vere noko som vil manifestere seg.
Hald fram med å bruke din kritiske sans. Dersom du blir leia til å førebu deg, ver vennleg og gjer det. Dersom du trur denne åtvaringa ikkje er noko anna enn sludderet til ein politisk parasitt, so ta det med ei klype salt. Likevel er denne åtvaringa merkeleg, for å seie det mildt.