Av Sean Adl-Tabatabai, Newspunch. Omsett av saksyndig.
På sundag [11.september 2022] erklærte leiar i Bidens Department of Homeland Security (DHS), Alejandro Mayorkas, at folk som trur på konspirasjonsteoriar er «USA sin fiende nummer éin».
På årsdagen for 11.september-åtaka fortalde Mayorkas MSNBC at «trugsellandskapet har utvikla seg» i dei 21 åra sidan 11.september, og at den nye trugselen som USA står overfor ikkje er utanlandske terroristar, men amerikanarar som er «radikaliserte» av ein «hatideologi», «antistatleg tankegods» og «falske forteljingar spreidd på nettplattformer».
«Tilbake då 11.september fann stad var vi svært fokusert på dei utanlandske terroristane, personane som prøvde å gjere alvorleg skade på oss her i USA,» heldt Mayorkas fram i ein tale på staden der World Trade Center stod.
Men no sa Mayorkas at tenestepersonar blir «meir og meir» bekymra for amerikanske innbyggjarar som blir radikaliserte av utanlandske terroristiske ideologiar.
«Vi ser ein framveksande trugsel, naturlegvis, no i dei seinare år av innanlandske valdelege ekstremistar,» sa Mayorkas. «Personen her i USA blir radikalisert til vald av ein utanlandsk terroristisk ideologi, men òg ein hatideologi, antistatleg tankegods, falske forteljingar spreidde på nettplattformer, sjølv personlege grunnar.»
Mayorkas sa i fjor at kvite ekstremistar er den største trugselen mot USA, og sendte ut terroralarmar der motstandarar av covid-nedstengingar og folk som ikkje stoler på Biden-regimet, var potensielle innanlandsterroristar.
På sundag gjentok senator Mark Warner (Demokrat, delstaten Virginia) Mayorkas sine kommentarar ved å antyde at «valfornektarar» som «gjekk til åtak på» Capitol-bygningen 6.januar [2021] er ein større trugsel mot «vårt demokrati» enn utanlandske terroristar.