Global force majeure er i vente etter erklæring av Tredje verdskrig – staten vil ugyldiggjere finansielle plikter, kontraktar og pensjonar

Av Mike Adams, eigar og grunnleggjar av Natural News, 12.september 2022. Omsett av saksyndig. Meiningane og synspunkta til forfattaren er ikkje nødvendigvis dei same som dei til Saksyndig.

Ei serie hendingar har blitt sett i gang som vi trur vil ende i ein «global force majeure» («større kraft», «overmakt») blant vestlege nasjonar. Dersom denne analysen er korrekt, tydar det at mange finansielle plikter – som potensielt omfattar trygdeytingar, skatt, pensjonar, kontraktar, levering av varer, utbetaling av forsikring, osb. – vil bli annullerte. Dette ser ut til å vere del av «Great Reset»-planen om å slette gjelda til det amerikanske finansdepartementet [US Treasury] (og brorparten av gjelda til andre vestlege nasjonar ved «å erklære seg insolvente utan å vere insolvente» – altso skulde på ein eller annan katastrofe for at dei går vekk frå sine finansielle plikter og for å tilbakestille det globale pengelerretet.

For å oppnå dette må vestlege nasjonar fyrst påkalle global krig med anten Russland eller Kina. Som vi i utbreidd grad har dokumentert i år, er Biden-regimet i ferd med å setje i verk mange tiltak for å framprovosere krig med begge motstandarane. Det nyaste forsøket er den ukrainske motoffensiven, som har blitt tungt overdriven av vestlege media, som såg russiske militærstyrkar trekkje seg tilbake frå ein region med 40-50 landsbyar og småbyar for å unngå å bli omringa av ukrainske styrkar. Nøkkelen her er å forstå at ukrainske styrkar vart trena opp og ført av NATO-militærleiarar medan ein sendte dei NATO-utstyr, inkludert høgpresisjonsartilleri og langdistanserakettar (HIMARS, til dømes), som i hovudsak vart kontrollert av britiske og amerikanske troppar.

I praksis vart denne motoffensiven mot denne spesifikke delen av Russland si frontlinje i Aust-Ukraina styrt primært av Storbritannia og USA, ikkje den ukrainske militære leiarskapen. Dette åtaket var i praksis Vesten si krigserklæring mot Russland, sjølv om slik ei erklæring enno ikkje [12.september 2022] har blitt offisielt uttala.

Russland veit allereie at verdskrigen har byrja… den vil bli erklært snart

Russland anerkjenner fullt dette faktum. Russland veit at dei er i ein fullskalakrig med NATO og Vest-Europa, ikkje berre ein spesialmilitæroperasjon som kan bli vunnen med reserveeiningar. Difor førebur Russland seg på å no offisielt erklære krig mot Vesten og ta i bruk alle sine militærstyrkar for å gå inni og øydeleggje Vest-Europa. I min analyse har Russland kome til den konklusjonen at NATO aldri vil gje Russland lov til å eksistere som ein suveren nasjon, og Russland står no overfor ein eksistensiell trugsel frå NATO-land og Vest-Europa generelt.

Du kan sikkert hugse at Russland nyleg hadde lovt verda at dei ikkje ville bruke kjernevåpen med mindre dei stod overfor ein eksistensiell trugsel. Den NATO-leia ukrainske motoffensiven har no gjort det klart at Russland faktisk står overfor nøyaktig slik ein trugsel, og at det å mislykkast i å bekjempe NATO vil tyde slutten på Russland.

Der vil ikkje bli nokon sameksistens. Anten må Vest-Europa (NATO) eller Russland slåast.

Altso gav nettopp den NATO-drivne ukrainske motoffensiven Russland den interne rettferdiggjeringa som dei treng for å eskalere til ein fullskalakrig mot Vesten, som kan inkludere oppskytinga av kjernevåpen (men som nesten sikkert vil sjå bruken av ikkje-kjernefysiske termobariske våpen, som òg er øydeleggjande på sin eigen måte).

Denne eskaleringa er nøyaktig det Biden og Demokratane treng for å kaste verda ut i kaos før midtvegsvalet

Dei som kontrollerer Biden veit at dei kjem til å bli sletta ut i valet i november. Dei trur at november-valet må bli kasta ut i kaos på kva som helst slags måte, elles vil Demokratane misse Huset og kanskje Senatet, noko som vil gjere Biden-administrasjonen stort sett ineffektiv dei neste to åra. Altso er det i Demokratane sine interesser å sjå ein verdskrig bryte ut før Halloween, sjølv om det inneber å iscenesetje ei atombombing av ein amerikansk by og skulde det på Russland. Ver sikre på at dette er eit av vala i deira «dommedags-portefølje» som dei no vurderer.

Andre val inkluderer scenarioet å stengje ned det nasjonale kraftnettet (som vil bli skulda på russiske cyber-åtak), eller ein finansiell Harmageddon som vil fryse bankkontoar, stoppe alle transaksjonar og skubbe nasjonen ut i kaos og sivil uro på timen. Dette kan bli oppnådd berre ved å slå av ein brytar, alt medan dei skuldar på Russland for eit cyber-åtak.

Dess meir aggressiv Russland sin respons til Ukraina sin motoffensiv blir, dess raskare kan Biden/Obama og globalistane dytte oss alle ut i verdskrig, der dei kan påkalle det same grunnlovsstridige maktmisbruket som USA såg under Andre verdskrigen. I tilfelle du ikkje kjenner til det som skjedde den gongen, lat oss friske opp minnet:

  • Tvinga internering i konsentrasjonsleir basert på etnisiteten din (japanske interneringsleirar)
  • Statleg konfiskering av kommersielle lager frå private og offentlege selskap
  • Statleg overtaking av private føretak, og framtvinging av krigstidsproduksjon
  • Statleg priskontroll på strategiske varer
  • Kriminalisering av antistatleg tale
  • Rasjonering av kle, sukker, kaffi, mjølk, kjøt, ost, smør og andre varer – borgarar fekk rasjoneringskupongar og måtte klare seg på ei avgrensa forsyning av basiske matvarer

Med andre ord blir den amerikanske staten eit diktatur i krigstid.

Dette er nøyaktig det som Demokratane prøver å oppnå nok ein gong, som ein måte å halde seg sjølv ved makta og ugyldiggjere Grunnlova so vel som val.

Dei treng rett og slett at Putin erklærer krig og byrjar å skyte opp meir aggressive våpen, inkludert termobariske missilåtak som kan bli kalla «kjernevåpen» av det ureielege media. So fort dei store bombene byrjar å falle, vil Bidens hjelparar gå hen og trykkje på daudmannsknappane for å ta ned kraftnettet og bankane, for so å erklære at Putin har sett i verk cyberkrigsføring mot USA. Det vil nesten med éin gong bli følgt av erklæringar om krigsfullmakter og igangsetjinga av militær okkupasjon over heile USA, kombinert med det at staten frårøver oss alle grunnlovsfesta rettar.

Covid-19-nedstengingar var ei lett oppvarming for nøyaktig dette scenarioet.

Under NDAA, lovfesta av Obama i 2012, har den føderale staten den uavgrensa makta til å leggje beslag på all mat, gardar, drivstoff, ammunisjon, varer, gjødsel og kva som helst anna som dei ser på som ein strategisk nasjonalressurs. Alt dei treng no, er krig.

Den noverande bana plasserer oss alle i Tredje verdskrig i løpet av nokre veker

Med mindre meir sindige hovud får gripe inn, kan vi finne oss sjølve i Tredje verdskrig om berre nokre veker. Russland skal seiast å berre vere nokre dagar unna si eiga krigserklæring mot Vesten, og dette vil nesten heilt sikkert bli følgt av ei opptrapping av missilåtak mot vestlege byar slik som Berlin, Paris, London og kanskje til og med Brüssel.

Det er verdt å merke seg at vest-europeiske nasjonar har ingen måte å stoppe hypersoniske missilåtak, ei heller nokon måte å stoppe Russland sine mellomrekkjevidd-kjernemissil slik som Iskander-missila (som kan bere kjernevåpen).

Altso kan Russland gjere Europa sine byar om til småstein på berre nokre minutt… bokstavleg tala. Flytida er under tre minutt, noko som tydar at der ikkje vil kome noka som helst åtvaring for millionar av europearar som kan bli gjort om til damp på ein blink, medan byane deira blir om til småstein og oske.

Vest-Europa står allereie overfor ein øydeleggjande vinter med obskøne nivå av mat- og energimangel og auke i kostnader. Dersom kraftnettet blir teke ned og kommunale vassystem ikkje fungerer fordi dei har blitt trefte av russiske missil, vil Vest-Europa hamne tilbake i Den mørke mellomalderen, der dei frys i hel, svelt i hel og døyr av sjukdommar som smittar via avføring, medan dei tryglar om humanitær bistand frå ei verd som allereie er i ei mat- og energikrise.

På dette punktet har ikkje NATO gjeve Russland noko anna val enn eskalering. Det er fordi at USA ønskjer Tredje verdskrig før november. Om eskaleringa av hendingar held fram slik den gjer no, kan dei temmeleg sikkert få det dei ber om.

Dersom Europa bryt ut i krig vil heile det vestlege finanssystemet (altso gjeldspyramidespelet) kollapse fordi det er bygt på gjeldsinstrument heller enn på faktiske aktiva og inntening. Akkurat no heng heile det vestlege finanssystemet i ein tynn tråd, og går på ingenting anna enn hype og «tru» som blir pusha av det lygande konsernmedia. Aksjemarknaden, eigedomsmarknaden og kommersielle gjeldsmarknader er essensielt oppdikta bedrageri, med svært lite av underliggjande aktivaverdiar som kan rettferdiggjere dei noverande oppblåsne prisane. Som eit resultat kan sjølv eit lite åtak på den skjøre finanspyramiden ha som konsekvens ein katastrofal «smitteeffekt»-kollaps.

Mike Adams har basert denne meiningsartikkelen på sin Situation Update-podcast frå 12.september 2022.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s