Av Miranda Sellick, RAIR Foundation. Omsett av saksyndig.
I eit intervju med RAIR Foundation USA forklarer ein av medgrunnleggjarane av Freedom Fighters Canada korleis ho visste frå byrjinga at covid-skremselen ikkje var det som den vart påstått å vere.
Bethan Nodwell, ein sjukepleiar som tidlegare arbeidde på eit lite sjukehus utanfor Quebec, berre ein kort køyretur frå Ottawa, gjenfortel dei forvirrande tidlege dagane av pandemien.
«Alt endra seg støtt og stadig,» seier ho. «Det kom inn hardt og aggressivt. Og då Trump føreslo at hydroksyklorokin kunne fungere, oppstod det straks motstand. ‘Nei, det er farleg,’ vart vi fortalt.»
Derimot visste Nodwell at hydroksyklorokin er mykje brukt til å behandle lupus, artritt og andre immunkompromitterande tilstandar.
«Vi har gjeve det til millionar av barn i Afrika og India,» seier ho, og peiker på tryggleikshistorikken til legemiddelet. Men kollegaene hennar var ikkje viljuge til å prøve det. «Alt dreia seg om å vente på vaksinen,» erindrar ho. «Eg kunne sjå at der berre fanst éin veg, éi løysing. Utgangen gjekk berre gjennom vaksine.»
Dette fekk alarmbjøllene til å ringje hjå Nodwell.
«Eg synest det var merkeleg som vanleg; vi hadde brukt alt vi kunne for behandling, førebygging, alt for post-infeksjon.»
Nodwell oppdaga raskt at opinionen vende seg mot ho. Etter å ha blitt kalla uansvarleg og uvørden, takka ho nei til å delta i fase tre av dei kliniske forsøka til mRNA-sprøytene. Ho forklarer at farmasøytiske selskap vanlegvis utfører avsluttande legemiddelforsøk på menneskelege pasientar og ventar på uventa reaksjonar og resultat før dei slepper ut ei ny behandling. Det gjorde dei ikkje no.
«Men vi, det kanadiske og det amerikanske folket, var fase tre av dei kliniske forsøka. Vi byrja svært raskt å støyte på problem slik som spontanabortar og myokarditt. Vi hadde sett Guillain-Barré-syndrom og Bells parese før med andre vaksinar, men ikkje på slikt eit nivå, rate eller intensitet.»
Ho innsåg i tillegg korleis den fyrste nedstenginga var til skade for sårbare barn.
«Eg ringde lærarane på skulen og fortalde dei at vi måtte få barna tilbake til klasserommet. Det var farleg for barn i miljø der det føregjekk mishandling. Vi såg òg auka vald i heimen og i akuttmottak, der kvinner og barn kom i ein frykteleg tilstand. Nedstengingane gjorde formidabel skade.»
Deretter kom munnbinda. Med sin sjukepleiarekspertise forstod Nodwell straks at munnbind ikkje fungerte.
«Dersom du verkeleg ønskjer å vere beskytta, treng du ei smittevernsdrakt,» forklarer ho. «Og likevel såg vi alle involvere seg i Kabuki-teateret, delta, tru på det og hudflette alle som ikkje lét seg takast med.»
[Kommentar frå saksyndig: Komplett smittevernsutstyr ved mistanke om virusinfeksjon på norske sjukeheimar består av munnbind, vernebriller og/eller visir, smittevernsfrakk og hanskar. Munnbind åleine er med andre ord ikkje nok til å unngå virussmitte, men medfører ei rekkje helseplagar som kan gjere ein meir utsett for effektane av virusinfeksjon.]
Etterkvart som den manglande effektiviteten til vaksinane og deira farlege biverknader blir rapportert i stadig aukande grad, ser motstanden mot vaksinepåbod og oppfriskningsdosar ut til å vekse over heile verda. Danmark har forbode sprøytene for dei under 18, og Storbritannia for 11 år og yngre. Derimot ser statsminister [i Canada] Justin Trudeau ut til å ha gått glipp av meldinga når det gjeld den vitskaplege evidensen, og held fram med å drive kanadiarar i alle aldrar til å ta sprøytene. Dette utgjer eit problem for Freedom Fighters Canada, seier Nodwell, fordi der er no so mange trugslar mot vår personlege fridom.
«Skal vi fokusere på vaksinane, digitale ID-ar, transhumanisme eller inflasjon?» spør ho. «Dei går til åtak på oss på so mange frontar.»
Takka vere at Canada sin ArriveCAN-app har mislykkast so kolossalt, har bruken av digital ID fått mange menneske til å rette fokus mot problemet.
«Vi håper at fleire og fleire ikkje samtykkjer,» seier Nodwell. «Fordi digitale ID-ar knyter seg til eit sosialkredittsystem. Der er so mange hint om kva som er i vente. Det er særs urovekkjande.»