Steve Kirsch: «Eg har no ein informant djupt inne i CDC»

Av Steve Kirsch. Henta frå hans Substack. Omsett og noko forkorta av saksyndig.

E-posten som eg sendte til nesten 300 tilsette i CDC gav endeleg løn for strevet. Ein av dei svarte på ein trygg kanal, og eg kan no stille spørsmål og få svar.

Her er dei to tinga eg lærte:

  1. Vedkomande trur at alle i CDC drikk Kool-aiden. Med andre ord, sovidt han veit, trur dei alle genuint at vaksinane er trygge og effektive, akkurat som mine blå-pilla venner. Sjølv dei på toppen. Dersom der er dissidentar, snakkar dei ikkje ut internt. Korleis skjer dette? Det er gruppetenking. Kva skjer med kritiske tenkjarar? Dei dreg sin veg. Eg trudde vitterleg folk som Tom Shimabukuro og John Su visste kva dei dreiv på med, men dei har ikkje peiling. Dei er nett som mine akademiske legevenner: dei trur verkeleg at vaksinar er trygge, og at eg er sprø. Wow. Berre wow. Eg veit framleis ikkje (enno) korleis dei berre kan avfeie mitt poeng om at dei aldri påpeiker VAERS-underrapporteringsfaktoren under presentasjonane sine. Derimot er det sant at dei genuint trur at der ikkje finst nokon korrupsjon og difor inga trong til å verne varslarar. Sjekk ut denne kommentaren. [Ein Substackar som kallar seg «A Midwestern Doctor» bekreftar det Steve Kirsch seier; oms.komm.]
  2. Substacken min er blokkert i CDC. Den er sett på som «utrygg».

Du kan ikkje dikte opp dette. Verkeleg ikkje.

Ein vaksine som har drepe fleire hundre tusen amerikanarar er «trygg» og min Substack er «utrygg». Wow.

Kjelda mi kan ikkje gå offentleg fordi personen vil bli gått til åtak på og marginalisert av pressa.

Den beste måten å opne opp alt dette er å finne ein amerikansk senator som vil følgje dette opp

Den senatoren er naturlegvis Ron Johnson.

Basert på det eg ser og høyrer i samtalar med andre, trur eg den beste måten å hjelpe han med å bli gjenvalt, er ved hjelp av støtta frå Demokratar i Wisconsin.

Diskusjonen min med Lara Logan

Problemet vi står overfor er å bli synlege i hovudstraumspressa. Eg sat nettopp i telefonen med tidlegare 60 Minutes-journalist Lara Logan. Ho kan ikkje få nokon av sine tidlegare venner til å dekkje den israelske tryggleikshistoria fordi det går imot forteljinga. Eg spurde «kva grunn gjev dei deg?» Ho sa det er variantar av «orsakingar» slik som «for oppteken», «ikkje mitt felt», osb. Problemet er at reporterane faktisk trur at vaksinane er trygge og effektive, so dei ønskjer ikkje å gjere noko som kan skape «vaksinenøling».

Eg spurde ho «korleis kan vi då slå hòl på dette?»

Ho svarte at det er svært, svært vanskeleg. Dersom det var lett, hadde det blitt gjort for lenge sidan.

Til dømes sat Andrew Wakefield med særs skadeleg innside-informasjon frå CDC der kjelda vart teken på tape, og det gjekk ingenstad.

Her er andre ting eg lærte nyleg

  1. Hundrevis av legar forlèt Kaiser i avsky over kva som skjer no.
  2. Eg høyrde òg frå ein sjukepleiar at andre sjukepleiarar «forsvinn» i lange periodar… Ho trur at desse sjukepleiarane er vaksineskadde.
  3. Eg høyrde at på Kaiser tek dei no imot nye, unge pasientar med kreft so ofte som ein gong for dag. Før vaksinane skjedde dette nokre få gonger i året.
  4. Pilotar i Southwest blir ikkje tvinga til å vaksinere seg. Dei er opprømte over dette. To av pilotane snakka med ein av våre VSRF-medlemmer i dag om alle helseproblema dei har høyrt om frå pilotar i andre flyselskap.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s