Ekspertar åtvarar: «Covid-barn» opplever alvorlege kognitive vanskar

Av Sean Adl-Tabatabai, Newspunch. Omsett av saksyndig.

Ekspertar åtvarar no om at millionar av barn lid av alvorlege kognitive problem på grunn av Covid-nedstengingar og munnbindpåbod.

[Tracey Nolan på Twitter: «Logoped seier at ho har sett ein auke av ‘Covid-babyar’ som ikkje har nådd viktige milepælar, og som knapt kan snakke.»]

«Ein logoped i New Jersey seier at ho nyleg har sett ei bølgje av spedbarn og småbarn som er ‘ute av stand til å kommunisere’ etter å ha blitt fødd under pandemien – ein av fleire konsekvensar av stenging av skular og barnehagar dei siste åra som no har dukka opp.

Fenomenet, seier talevanskeekspert Nancy Polow, er del av ein urovekkjande trend blant barn fødd under eller like før pandemien, som ‘ligg etter’ på viktige milepælar på grunn av mangel på sosial samhandling under det tidsrommet.

For å gjere krisa verre: når foreldre søkte hjelp, vart dei ofte møtt med nedstengingsrelaterte stengsel, slik som munnbindpåbod, utfordringa av å ha konsultasjonar med småbarn over telefon eller PC, og frykt for fysisk frammøte til terapitimar.»

Notthebe.com rapporterer: Desse er barn. Liva deira har blitt gjort betydeleg verre og vanskelegare på grunn av Covid-hysteri.

Mange av oss prøvde å åtvare «ekspertane» om dette – dei ekspertane som insisterte at ingenting stod over Covid, at alt i verda måtte underordne seg det, og at barn ikkje ville lide so altfor mykje av å bli tvinga inn i isolasjon i fleire månader, om ikkje fleire år, i slengen.

Vi prøvde å åtvare dei. Vi mislykkast. Dei høyrde ikkje etter.

Kommentar frå saksyndig: Sjå òg «Merkelege pandemibabyar byrjar å sjå dagens lys – eit resultat av mRNA-injeksjonane til foreldra?», publisert 7.desember 2021.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s