Av Larry Johnson. Henta frå Sonar21.com. Omsett av saksyndig.
Eg ville ha elska å kunne ta æra for dei følgjande orda, men dei høyrer til ein ny venn. Ein no pensjonert journalist som hadde ein eksemplarisk karriere. Han nådde ut til meg nyleg og uttrykte at han sette pris på det eg skreiv og oppmuntra meg om å halde fram med det. Du kjenner deg audmjuk når ei legende tek seg tid til å fortelje deg at du gjer ein god jobb.
Eg vil ikkje avsløre namnet hans i denne omgang (med mindre han gjev meg løyve til å avsløre identiteten hans). Men han treffer midt i blinken i sin analyse av kva som har skjedd med det amerikanske militæret. Medan amerikanske politikarar held fram med å insistere, som den vonde dronninga i Snøkvit som stirar inn i den magiske spegelen, at USA er det vakraste av dei alle, er sanninga noko heilt anna:
«1800-tals Storbritannia gjekk nesten hundre år etter Waterloo utan ein større krig (bortsett frå Krim). Militæret deira vart ekspedisjonsstyrke utstasjonert i kortvarige krigar mot ymse Fuzzy Wuzzie [omtrentleg omsetjing «hottentott-krigarar»; oms.an.] utan fyrsteklasses våpen eller til og med god taktisk disiplin. Snarare som USA sidan Vietnam.
Det som Trump kalla «forever wars» [«evigheitskrigar»] (og eg kallar krigar av rein og skjer imperialisme), etter Sovjetunionens fall flytta Pentagon planlegging og operasjonar over til det som hadde vore stebarnet til Forsvarsdepartementet i årevis – ‘spesialoperasjonar’. Spesialoperasjonskommandoen (òg kjent som SOCOM [Special Operations Command]) vart unnfanga og slagdoktrinen vart dominert av Rangers, spesialstyrkar, SEALS, osb og vårt militære arsenal krympa tilsvarande for å støtte lette operasjonar med luftkontroll og total dominans av slagmarka. Krig via XVIII luftborne korps.
Utplassering av våpen i felten vart ein tapt kunstart. Sjølv det å følgje med på luftforsvaret si bukkhopping av russarane og kinesarane, som vi ser et opp Ukraina og NATO sine støttevåpen, vart for mykje bryderi. No eksponerer Russland papirtigeren til USA og NATO si militærmakt når dei «demilitariserer» oss so vel som Ukraina. Vår respons på den enorme nye utfordringa til beregrupper og gammaldagse bemanna bombefly er det idiotiske B21. Vi blir kvelte av fortidige legender, ein arrogant antakelse av framhaldande etterkrigshegemoni, og vi glir mot det å bli ei annanrangs makt.
Den amerikansk staben som planla støtteoperasjonen for Ukraina, kven dei enn er, burde bli skotne. Vi sendte dei feil våpen (i mangel av dei riktige) og sat på sidelinja medan dei gjekk gjennom all lagerhus-støttematerialet vi hadde som ein full tenåring. No kan vi ikkje lenger støtte dei. Og dei balanserer på kanten av nederlag.
Nest etter Napoleon er russarane dei beste artillerimennene i verda. Denne krigen kom alltid til å dreie seg om artilleri til sjuande og sist. Og vi sendte dei via luftleveranse ein elementær M777 haubits for spesialoperasjonar som ikkje var tøff nok for jobben, og som lett vart sett ut av spel på grunn av overdriven bruk, for so å gå tom for ammunisjon.
Vi burde ha sett alt dette kome. Vi skreid ikkje berre fram på arrogant maner utan skikkeleg studium, vi visste at vi var i ein industriell krig og det var eit spel vi ikkje kunne spele lenger. Dette var ein militær katastrofe frå byrjinga. Kvar ein planleggjar med respekt for seg sjølv ville fråråde det. Det ser ut som om Forsvarsdepartementet er skremde no og kjem til å motstå Biden-administrasjonen sitt neocon-press for å «eskalere». Mumlinga om Krim indikerer at administrasjonen byrjar å tenkje på sluttspelet.»
Eg har hatt æra av å jobbe med det amerikanske militæret sine spesialoperasjonsstyrkar i 37 år. Desse einingane har nokre fabelaktige evner i å utføre gisselredning og raid. Det som gjer dei «spesielle» er utvalsprosessen som dei ymse einingane gjer for å finne kvalifiserte menn (og somme kvinner) til å utføre oppdraga. Trass ferdigheitene og intelligensen deira, kan ikkje desse einingane snu slagets gang i ein krig mot likeverdige. Dei har ikkje magiske evner til å motstå konstant bombardering frå artilleri. Dei kan vere i stand til å halde ut prøvelsane betre enn ein vanleg soldat i hæren eller i marinen, men når dei blir konfrontert av ein fiende som kommanderer lufta og dominerer med artilleri og skjold, er dei i like stor fare for å bli drepne eller såra som den gjennomsnittlege soldat.
Eg trur vi er vitne til slutten på USA sine dagar som verdas politimann. Det amerikanske militæret er ein dyr ekspedisjonsstyrke. Å sende troppar og utstyr til utlandet for å føre krig er eit dyrt føretak. Ikkje berre når det gjeld tapte liv, men det krev, som vi har sett i Afghanistan og Irak, milliardar av dollar som blir brende opp på slagmarker utan å oppnå noko betydeleg politisk utfall som styrkar tryggleiken til USA.
Vi er vitne til ein ny fase i denne realiteten i Ukraina. Amerikanske våpen på slagmarka på Donbas endrar ikkje spelet. Krigen i Ukraina har eksponert svakheita til den logistiske evna til både USA og NATO-medlemmene. Vi har nådd eit punkt der USA sine forsvarsleverandørar berre kan produsere 20 000 artillerigranatar per månad medan Russland fyrer av like mange på éin dag og er i stand til å halde fram med å forsyne troppane sine.
Besettelsen til USA i å produsere svinedyre kamp- og bombefly er sjølvdestruktiv. Vi har nådd punktet i historia der bemanna stridsfly ikkje lenger er levedyktige i luftforsvarssystema som Russland og Kina har sett i verk. Teknologi har brakt oss til det punktet der eit presisjonsstyrt missil kan gjere jobben til eit bombefly eller eit kampfly for berre ein brøkdel av pengane som krevst for å sende ut og vedlikehalde eit bemanna fly.
Det amerikanske militæret forverrar feilen som den amerikanske hæren gjorde då dei gjekk inn i Andre verdskrig:
«Det siste åtaket gjort på hesteryggen av den amerikanske hæren fann stad i 1942, då USA kjempa mot den japanske hæren i Filippinane. Etter det vart kavaleriet erstatta av stridsvogner.»
Tenk på det ein augneblink. Fyrste verdskrig og nyskapingane stridsvogna og maskingeværet gjorde kavaleriet irrelevant for moderne krigføring. Likevel insisterte den amerikanske hæren på å halde på den evna sjølv om den var strategisk og taktisk ubrukeleg. Det amerikanske militæret i dag gjer ein liknande feil – altso at dei tviheld på historiske forsvarssystem som har blitt gjort overflødige av teknologi.
[…] Av Larry Johnson. Henta frå Sonar21.com. Omsett av og henta frå saksyndig. […]
LikarLikar
[…] Av Larry Johnson. Henta frå Sonar21.com. Omsett av og henta frå saksyndig. […]
LikarLikar