Arbeidsgjevars patetiske forsvar mot skuldingar om kritikkverdige forhold i arbeidsmiljøet: «Ingen av dei andre i personalgruppa har klaga over det!»

I mine 16 år i helsesektoren har eg ved fleire høve utfordra arbeidsgjevar når det gjaldt kritikkverdige forhold på arbeidsplassen. Om arbeidsgjevar har respondert i det heile, har essensen i forsvaret mot skuldingane mine vore at «ingen av dei andre i personalgruppa har klaga over det». Med det meinte arbeidsgjevar at det berre var eg som hadde reagert på dei kritikkverdige forholda. Samstundes vart det òg antyda frå deira side at forholda hadde ein subjektiv natur, og ikkje ein objektiv. Og dei hadde heilt rett i at det berre var eg i personalgruppa som hadde klaga over det – iallfall den i personalgruppa som framleis jobba der. Og iallfall den einaste som hadde klaga til leiinga.

Mønsteret gjentok seg med jamne mellomrom i dei 15 åra eg jobba i det kommunale helsevesenet i ein større vestlandsby. Her skal det seiast at eg i fleire av dei åra var resultateiningsverneombod (REVO), eit overordna verneombod for dei andre verneomboda i «resultateininga» i den bydelen eg jobba i. Dermed var det jobben min å peike på kritikkverdige forhold som kunne vere brot på Arbeidsmiljølova. Om dei var eit brot på dei eller ikkje, var opp til organ slik som Arbeidstilsynet å avgjere. So fort dei vart nemnde, var derimot arbeidsgjevar raskt på pletten og forsvarte med nebb og klør kvifor dei hadde gjort det dei hadde gjort. Og det etter at dei hadde ignorert meg i lengre tid, og eg difor ikkje såg nokon annan utveg enn å involvere Arbeidstilsynet.

I det tilfellet der eg som REVO varsla Arbeidstilsynet, vedgjekk aldri arbeidsgjevar at forholda var kritikkverdige. Like etter at dei vart gjort merksame på varselet, vart forholda ordna opp i påfallande raskt. Dåverande einingsleiar skjelte meg huda full fordi eg hadde «gått utanfor tenesteveg» utan å «gå i dialog med arbeidsgjevar», endå det var nettopp det eg hadde prøvd i eit halvt år. Her var det sannsynlegvis avdelingsleiar, min næraste overordna, som ikkje kunne, ville eller orka å ta saka vidare, eller hovudverneombodet, som var altfor oppteken med sine andre verv og dobbeltroller i kommunen til å setje seg inn i den komplekse og nokso alvorlege saka, langt mindre ta den vidare oppover i systemet. Arbeidsgjevar ordna opp i forholda, men erkjente aldri at dei var kritikkverdige. For utanforståande framstod nok difor denne brå endringa som uforklarleg.

Arbeidsgjevar sa nok sanninga då dei hevda at ingen andre enn eg i personalgruppa hadde klaga over dei kritikkverdige forholda. Dei tilsette klaga til meg titt og ofte over nemnde forhold, og kanskje til avdelingsleiar òg, men klagane vart aldri av avdelingsleiar tekne opp på leiarmøte, slik at einingsleiar fekk vit på kor ille det eigentleg var. Eg klaga ofte til hovudverneombodet, som var verneombodet over meg, men som eg tidlegare nemnde, tok han aldri saka vidare opp, til dømes til leiande hovudverneombod, som hadde direkte kommunikasjon med arbeidsgjevars representantar på etats- og byrådsnivå. Dei andre tilsette «på golvet» ytra aldri eit ord om tinga sin grelle tilstand når einingsleiar var i nærleiken. Dei tagde bom stille so fort han viste seg i bygningen.

Ingen i personalgruppa klaga til leiinga fordi ingen av dei torde. Mønsteret gjentok seg igjen og igjen. Seinast frå mars 2020 då «pandemitiltaka» øydela det psykososiale arbeidsmiljøet på sjukeheimen, stal frå bebuarane livsgnisten og sperra dei pårørande ute frå å besøke sine kjære. Uvitskaplege munnbindpåbod forverra det subjektive arbeidsmiljøet til dei tilsette, og dei klaga dag ut og dag inn over hovudverk, svimmelheit, pusteproblem og hudproblem. Dei var møkka leie av pandemiterroren og ikkje minst av tryna til Solberg, Høie, Guldvog, Nakstad og resten av den gjengen. Alle klaga dei, men ingen klaga til leiinga. Eg var den einaste som klaga, og vart difor straffa for det. Eg klaga til verneombodet, som faktisk tok saka vidare til hovudverneombodet – men «ingenting» kunne gjerast. Eg vurderte å klage til næraste avdelingsleiar, men ho var sjukemeldt bortimot heile tida – og faktisk direkte psykisk ustabil. Den nye einingsleiaren var det heilt uaktuelt å klage til. Arbeidstilsynet? Dei avviste meg irritert. Eg var då ikkje eingong verneombod på den tida (eg var tillitsvalt).

Mine kollegaer har med få, heiderlege unntak vore ein gjeng feige rotter og rævsleikjarar utan ryggrad, integritet og vilje til å gjere noko med ein uakseptabel jobbsituasjon. Kva er forklaringa på dette? Ei autoritær leiing som har skremt dei frå sans og samling, og truga med tap av jobb, rykte og autorisasjon om dei vågar å opne kjeften? Haldninga om at «nokon andre ordnar opp», slik at dei sjølv slepp å plutseleg stå arbeidslause når dei har bustadlån, billån og tre-fire ungar å ta seg av? Det kan vere ein kombinasjon. Spørsmålet er kva som kom fyrst av høna og egget. Det skal seiast at det overveldande fleirtalet av kollegaene mine har vore damer, men eg har opplevd at menn har demonstrert den same feigskapen og konfliktsky veremåten. Damer er dessutan vel so «modige» når dei opptrer i flokk mot eit utvalt «bytte». Og kven er modigare enn ein einingsleiar, ein etatsdirektør og ein (kvinneleg) kommunejurist som har heile det kommunale byråkratiet i ryggen?

«Pandemien» endra ikkje det norske arbeidslivet over natta. Den nesten totale mangelen på mot og integritet fanst der allereie. Alt låg til rette for innføring av øydeleggjande tiltak og retningslinjer utan at nokon våga å ytre so mykje som eit musepip av protest. Dette er berre ein hypotese frå mi side, men det er kanskje ein grunn til at damer er overveldande overrepresentert i det norske helsevesenet. Kanskje er det i arbeidsgjevars interesse å heller tilsetje ei 20-årig, underdanig jente enn ein erfaren, mannleg helsefagarbeidar som ikkje er redd for å seie ifrå til arbeidsgjevar når noko openbert er riv, ruskande gale. Damer og jenter finn seg etter mi erfaring i utrulege mengder tøys, tull og fanteri frå ein totalitær arbeidsgjevar, fordi dei i sin usikre, passive natur kanskje har lettare for å late seg herse med og godta sjølv den grovaste urett. Igjen, der finst heiderlege unntak, og igjen vil ein sjå den same unnvikande åtferda hjå menn. Spesielt når jobb, rykte og ei skyhøg lønning står i fare. Kva skal ein med integritet når ein har ræva full i pengar?

Alle har sine tretti sølvpengar. «Ingen av dei andre i personalgruppa har klaga over det» er verken ei forklaring eller ei orsaking. Det er ikkje eingong ei løgn. Det er ei sørgjeleg stadfesting av det faktum at arbeidskollegaer vil vende seg mot deg, konspirere mot deg og få deg ofra på «alteret» so fort arbeidsgjevar byrjar å rasle med dei kommunale sablane.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s