Av Martin Armstrong, Armstrong Economics. Omsett av saksyndig.
Der sirkulerer rapportar om at Greenpeace snart kjem til å droppe sitt posterbarn for klimaendring, Greta Thunberg. Den svenske aktivisten vart kasta ut i berømmelse og vart berykta for lidenskapelege talar som ho sannsynlegvis vart tvinga til å lese og tru på. Klaus Schwab hadde til og med den unge jenta med i filmen sin, The Forum, for å promotere Agenda 2030.
Greta er no 19 år, og ikkje lenger den perfekte, barnlege marionetten med musefletter og uskuld. Eg åtvara at foreldra hennar visstnok manipulerte denne jenta for å sjølv tene på ho. Ho lid av autisme og depresjon, og foreldra hennar sa offentleg at å sende ho på paradar rundt om i verda var «medisin» for plagane hennar. Det høyrdest meir ut som utnytting.
Som vaksen avvik ho frå manus. I fjor sa ho at demokrati burde bli prioritert framfor klimaendring i eit trekk som gjorde hjelparane hennar sinte. Ved eit uhell delte ho eit bilete av «føreslegne innlegg» som hjelparane hennar bad ho dele i ymse sosiale medieplattformer. Greta kom til og med i elden med den indiske regjeringa etter at ho vart sett med popstjerna Rihanna som byrja å promotere protesten til dei indiske bøndene.
Ein snakkar no om at klimaendringsfolkken planlegg å kvitte seg med tenåringen. Andre aktivistar har byrja å offentleg kritisere ho, som aldri ville ha skjedd då ho var omringa av Al Gore, Jennifer Morgan og deira likesinna. «Sidan byrjinga har vi sagt at vi ønskjer å vere hierarki-fri – og likevel såg mange på Greta som ein leiar,» sa sveitsiske Jann Kessler. Andre har jamra seg over at ho ikkje var den fyrste til å protestere mot vêrsyklusen.
Til dei vaksne som misbrukte denne uskuldige jenta – korleis våger de!
Kommentar frå saksyndig: Ifølgje ein tale Greta heldt på TEDx Talk, lid ho av Aspergers syndrom, tvangsliding (OCD) og selektiv mutisme. Sistnemnde er ifølgje Wikipedia ein sjeldan tilstand der barn og unge konsekvent ikkje snakkar i visse samanhengar. Tilstanden kan vere knytt til «underliggende angstproblematikk» og eit uttrykk for «stor grad av sosial angst». Aspergers er ei autismespekterforstyrring der personar ofte har «en intens interesse for ett bestemt tema», i Greta sitt tilfelle er det openbert klimasaken. Andre trekk ved Aspergers er manglande nonverbale kommunikasjonsevner, svekt empati og det at ein er fysisk klossete. Greta har ifølgje den engelskspråklege Wikipedia-artikkelen om ho vore oppteken av klimaendring sidan 2011, då ho var åtte år gammal. Situasjonen sendte ho inn i ein depresjon som varte to månader, der ho slutta å snakke og ete. Som eit resultat gjekk ho ned ti kilo. Det var i etterkant av den episoden at ho fekk dei tre diagnosane.
[…] Av Martin Armstrong, Armstrong Economics. Omsett av og henta frå saksyndig. […]
LikarLikar