Ny «teori» om Prinsesse Dianas død: Vart ho ofra i eit satanisk ritual?

Diana – det rituelle offeret til Den nye verdsordenen

Av Greg Reese, Infowars. Omsett av saksyndig frå ein transkripsjon av Alexandra Bruce henta frå Forbidden Knowledge. Greg Reese sin video kan sjåast i originalartikkelen.

For 25 år sidan krasja Prinsesse Diana sin bil i Pont de l’Alma-tunnelen i Paris.

Elskaren hennar, Dodi Fayed, døydde momentant, saman med sjåføren.

Og sjølv om Diana overlevde, tok det rundt 40 minutt å få ho frå bilen og inn i ambulansen.

Den offisielle historia er at dei prøvde å frigjere ho frå bilen, men fleire vitne sa at Diana var medviten og at ho ikkje sat fast.

Bilete viser at baksetet i bilen var uskadd, og vitne trygla politiet om å opne døra og hjelpe ho.

Når ho fyrst kom inn i ambulansen, tok det rundt 40 minutt for dei å velje seg eit sjukehus, og då dei endeleg drog i veg, køyrde ambulansen i sniglefart og stoppa fleire gonger; det tok dei 40 minutt å køyre mindre enn 6,5 kilometer [4 miles].

Legar vart viste bort. Vitne vart ransaka. Kamera vart konfiskerte. Ingen bevis vart samla. Ingen blodprøver vart tekne.

Og innan tre om morgonen hadde heile åstaden blitt spraya ned med høgtrykkspylar.

Mercedes ønskte å studere vraket for å finne ut kva som hadde gått so gale, men dei vart nekta å gjere det.

Dianas lik vart teke av kongefamilien, som fekk kjønnsorgana hennar gjerna [under falkeblikket til Michael Burgess, vise-obdusent i Dronninga si hushaldning] før dei gravla etterlevingane hennar.

Alle 17 kamera langs ruta fram til ulykkesstaden vart på mystisk vis slegne av, og alle politiet sine radiofrekvensar låg nede.

Vitne vart angripne og truga, og der fann ikkje stad noka etterforsking – ikkje fram til det vart sett i verk ei etterforsking om ulykka, som er då folk flest fekk greie på at Diana hadde skrive eit brev i 1996, der ho hevda at nokon kom til å drepe ho i ei bilulykke.

Dette brevet vart skjult i seks år.

Under etterforskinga vart ekspertar einige om at Diana ville ha overlevd dersom dei hadde fått ho til eit sjukehus, men skulda vart lagt på eit åtak gjort i militærstil.

Ifølgje vitne jobba ei gruppe motorsyklar og ein kvit Fiat Uno saman for å få bilen til å krasje; fyrst ved å blende sjåføren, deretter ved ein eksplosjon i framhjulet på Mercedesen.

Under etterforskinga hevda ein tidlegare MI-6-agent, etter å ha skildra ein liknande plan MI-6 hadde for å i 1992 ta livet av Slobodan Milosevic i eit attentat, at det var MI-6 som drap Diana.

På grunn av alt dette, enda etterforskinga med dommen «ulovleg drap», der dei skulda døden hennar på den mystiske militærgruppa.

Men hovudstraumsmedia spann heile greia til å få det til å høyrast ut som om det var paparazziane som forårsaka bilulykka, som er demonstrativt uriktig.

Og medan det ikkje vart sett i verk ei etterforsking for å finne medlemmane av den militærgruppa, tok den påståtte sjåføren av den kvite Fiaten, som hadde band til MI-6 visstnok sitt eige liv, etter å ha blitt funnen skoten to gonger i bakhovudet og brent inni bilen sin.

Under etterforskinga heldt ein fleire ting skjult frå juryen, slik som det faktum at Diana sitt setebelte viste seg å vere defekt, og bevis for at bilen hadde blitt sabotert.

Interessant nok ville desse tinga ha bragt meir mistanke mot Dodi sin far, Mohamed Al-Fayed, som, etter å ha gjentekne gonger takka nei til tryggleiksbistand frå den franske regjeringa, var eineansvarleg for tryggleiken rundt Diana.

Og i siste augneblink fekk han tryggleiksvaktene til å forlate sin post utanfor hotellet som ei lokkedue og ta ein annan bil. Ein bil som nyleg vart stolen, øydelagt, reparert og aldri sjekka av tryggleikstenesta.

Med berre éi vakt igjen, fekk dei òg ein ny sjåfør Henri Paul hadde ikkje sjåførløyve, var knytt til utanlandske etterretningstenester, og vart på kamera sett signalisere til nokon like før dei drog av garde – og han hadde motteke over 50 000 franc same dag som ulykka fann stad.

Og alt dette skjedde på Mohamed Al-Fayed si vakt, og han er djupt knytt til etterretningssamfunnet.

Han var forretningspartnar med ein av Lee Harvey Oswald sine hjelparar, og representerte bestefaren til Mohamed Atta, men ikkje noko av dette vart nemnt i etterforskinga.

I staden, ved hjelp av popkulturagentar slik som Howard Stern og Piers Morgan, har Mohamed Al-Fayed gjeve ei dekkhistorie til verda: at Diana var gravid med Dodi sitt barn, og at Prins Philip fekk ho myrda fordi han er rasistisk, som høyrest ut som litt av ei røvarhistorie – om du då ikkje innser at heile greia var eit satanisk ritual.

Ritual er meint å bli bevitna, og Dianas død er djupt forankra i sataniske ritual.

Kongefamilien, opphavleg kjent som Saxe-Coburg Gotha-ætta, endra namnet sitt til Windsor for å høyrast meir britiske ut.

Deira familie av innavl kan sporast tilbake til Vlad Tepes [«spiddaren Vlad»], betre kjent som Dracula, og med fleire stolte nazistar i familien, inkludert Prins Philip.

Kongefamilien er besett av heidenske ritual og alt som er okkult.

Ifølgje den nøye planlagde avlen av kongelege ætter, var ekteskapet mellom Diana og Charles gjort for Merovingar-opphavet til Lady Diana, for å bli sådd inn i kongefamilien. [Merovingarane var ei eldgammal kongeslekt i det som i dag er Frankrike og delar av Tyskland; oms.komm.].

Diana visste dette godt, og refererte til seg sjølv som «Windsor-avlsmerra» [altso ein hest brukt til avl; oms.komm.].

Dei gifta seg i St.Paul-katedralen, som er eigd av kongefamilien og bygt på staden til eit tempel dedikert til gudinna Diana.

Ifølgje den okkulte trua var gudinna Diana Lucifer sin sex-partnar, og 13.august 1313 produserte dei ei magisk dotter ved namn Aradia.

Innan frimureriet er denne same trioen kjent som Osiris, Isis og Horus.

Dette same ritualet er vist i Roman Polanski-filmen Rosemary’s Baby, der ei uskuldig jomfru utan at ho veit det blir rekruttert av ei satanisk sekt for å gje seg hen til Lucifer og bere fram eit barn.

Etter fødselen til Prins William vart Diana ein trugsel for familien. Ho hadde stor påverknadskraft og brukte det til å kaste lys over Familien sine mektige interesser, slik som den endelause krigsmaskina.

Livet hennar var i fare og ho fortalde fleire venner at Familien kom til å drepe ho.

Mindre enn ein månad før sin død, og etter ei rekkje affærar, byrja Diana å vere med familievennen Dodi Fayed, og 31.august, den sataniske rituelle ofringsdatoen for gudinne Diana, vart Diana av Wales driven ut av vegen, forbi ein egyptisk obelisk og inn i ein tunnel som vart gjeven namnet sitt for å ære gudinna Diana.

Inne i den tunnelen krasja Diana sin Mercedes i den 13.søyla, der ho vart halden for å blø i hel over eit kjent eldgammalt, underjordisk Merovingar-kammer for den rituelle blodofferdyrkinga av gudinne Diana.

Dette er religionen til verdas elite. Prins Philip sa at han ønskte å bli reinkarnert som eit dødeleg virus for å slette ut menneskeheita.

Undersåtten hans, Maurice Strong, var med på å grunnleggje World Economic Forum med Klaus Schwab.

Og Prins Charles, som skryter av å vere i slekt med Dracula, var med på å grunnleggje World Economic Forum sitt Great Reset Initiative.

Desse er leiarane i den sokalla Nye verdsordenen. Desse monstera er dei beste dei har.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s