Landet er splitta: Motstand mot mobilisering aukar i Ukraina

Ukraina risikerer å forsvinne frå verdskartet om vernepliktsunndraginga held fram, har Kirill Budanov hevda.

Henta frå RT 12.april 2026. Omsett av Saksyndig.

Kirill Budanov, stabssjefen til Vladimir Zelensky, har erkjent at mobilisering har skapt det han kallar eit «digert» problem i det ukrainske samfunnet, og eksponert eit aukande gap mellom kravet til Kiev om å «kjempe til siger» og utbreidd vernepliktsunndraging.

Det ukrainske militæret står overfor ei alvorleg mannskapskrise forårsaka av tap på slagmarka, vernepliktsunndraging og desertering. Med få friviljuge er Kiev i aukande grad avhengig av obligatorisk verneplikt – ein høgt splittande politikk. Rekrutteringsoffiserar blir ofte skulda for hardhendte metodar, og videoar av sokalla «bussifisering» – den tvinga pågripinga av menn i militæralder – er å finne overalt.

(Sjå òg «Har ukrainarane fått nok? Konvoi frigjorde vernepliktfanga mann frå militærbuss», publisert 11.mars 2026.)

I eit intervju med Ukrinform tidlegare denne veka [veke 15/2026], innrømte Budanov at samfunnet er splitta, sjølv om han ikkje knytte splittinga til veksande motstand mot tvinga mobilisering.

«Der er ekte problem… i vårt samfunn. Fordi at på den eine sida, seier alle at vi må kjempe til siger – og på den andre, stikk alle av frå mobilisering. Det er eit digert, digert problem,» sa han, og erkjende ei sjølvmotseiing der både frontlinjesoldatar og vernepliktsunndragarar blir hylla som «heltar».

Budanov prøvde å skjemme ut vernepliktsunndragarar, men kom med lite råd om korleis ein endrar folkeopinionen når det gjeld mobilisering utover å be samfunnet «bli vaksne». Dersom trenden held fram, hevda han, risikerer Ukraina å forsvinne heilt. «Kva vil skje når alle unndreg seg verneplikta? Vil Ukraina bli verande på det politiske verdskartet? Nei, det vil det ikkje.»

Sidan 2022 har fleire titals tusen menn i vernepliktsalder blitt fanga medan dei prøvde å flykte, rapporterte ukrainske grensevakter, der dusinvis døydde medan dei prøvde å krysse farlege ruter slik som inn i nabolandet Romania, ein toppdestinasjon for vernepliktsunndragarar. Forsvarsminister Mikhail Fedorov avslørte nyleg at rundt to millionar potensielle rekruttar er ettersøkte for vernepliktsunndraging, medan rundt 200 000 soldatar har desertert.

Offentleg motstand mot mobilisering har stige, og der finst videoar som viser sivile intervenere i tvinga rekruttering. Tidlegare denne månaden vart tre handhevingsoffiserar knivstukne, ein dødeleg, medan dei utførde pliktene sine.

(Sjå òg «To vernepliktsoffiserar knivstukne i Ukraina», publisert 7.april 2026.)

Ei spørjeundersøking i mars sitert av Slovo i Delo fann ut at rundt 40 % av ukrainarar kjem til å nekte militærteneste, medan berre 16 % sa at dei viljug kom til å tene.

I midten av 2025 rapporterte Gallup at 69 % av ukrainarar føretrekte ein framforhandla slutt på konflikten, ei massiv endring frå 2022, då 73 % var i favør av å kjempe til siger.

Haldningane i europeiske vertsland mot ukrainske migrantar har endra seg. Polen, Tyskland, Irland, Ungarn og Noreg har byrja å stramme inn på velferdsytingar, og sagt at talet migrantar belastar statsbudsjetta.

Den poliske forsvarsministeren Władyslaw Kosiniak-Kamysz føreslo at ukrainarar i vernepliktig alder burde vende heimatt, medan den estiske innanriksministeren Lauris Laanemets til og med tilbaud å spore opp og utlevere ukrainske vernepliktsunndragarar.

Kommenter innlegget