Den australske regjeringa er forbløffa over at vaksinerte driv og døyr «i ein vanvittig fart»

Av Sean Adl-Tabatabai, Newspunch. Omsett av saksyndig.

Den australske regjeringa seier at dei er «bekymra» og «forbløffa» over den plutselege auken i dødsfall blant vaksinerte i heile landet.

Regjeringa seier at dei vurderer å lansere ei hasteetterforsking rundt landet sin «utruleg høge» overdødelegheitsrate på 13% i 2022.

Benzinga.com rapporterer: Ein analyse av data frå Australian Bureau of Statistics (ABS) gjort av Actuaries Institute viste at 15 400 ekstra menneske døydde i løpet av dei fyrste åtte månadene av året i landet.

Actuaries sa at talet inkluderer rundt ein tredjedel av dei som har inga tilknyting til covid-19.

13% var eit «utruleg høgt dødelegheitstal», og det var «ikkje tydeleg» kva som stod bak auken, sa Karen Cutter, talskvinne for instituttet si Covid-19 Mortality Working Group.

«Dødelegheit varierer vanlegvis ikkje med meir enn 1 til 2%, so 13% er langt høgare enn kva som er normalt,» sa ho.

«Eg veit ikkje om [noko anna samanliknbart] i nyleg fortid, men eg har ikkje gått tilbake og sett [på historia]. Dei snakkar om at influensasesongen 2017 var skikkeleg ille, og dødelegheitsraten der var 1% høgare enn normalt. So det er langt utanfor det normale,» sa ho.

Dette kom etter at Australia sine nylegaste dødelegheitsdata vart offentleggjorde i november, som viste at der hadde vore 128 797 dødsfall frå 1.januar til 31.august, som var 17% høgare enn det historiske gjennomsnittet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s