Det europeiske legemiddelbyrået og smittevernbyrået piskar den daude hesten: Anbefaler ny koronavaksine til alle over 60 til hausten

Av Josefine Bru, konstituert redaktør i Saksyndig.

Eg må nesten le der eg sit i min vakre, solbada hage. Det ser ut som visse aktørar enno ikkje har innsett at koronaprosjektet er ein daud hest, og at det er fånyttes å drive og piske den. NRK skreiv 9.juni 2023 at Det europeiske legermiddelbyrået (EMA) og Det europeiske smittevernbyrået (ECDC) tilrår ein ny og oppdatert korona-«vaksine» til hausten. FHI har interessant nok enno ikkje avgjort om Noreg òg skal følgje denne tilrådinga.

For å presisere meiner EMA og ECDC at det er riktig å utvikle ein «vaksine» som rettar seg mot den sokalla XBB-varianten av viruset, betre kjent som «Kraken». Varianten og «nære slektninger» har vore dominerande i Noreg og store delar av verda dei siste månadene:

«Disse variantene har vist seg å være svært gode på å omgå immunforsvaret, og truer med å skape nye smittebølger. En fersk norsk studie viser at både vaksinerte og tidligere smittede får en veldig svak immunrespons, når de utsettes for disse utgavene av viruset.»

Ifølgje dei to byråa er målet å ikkje berre beskytte mot alvorleg sjukdom, men òg auke sjansane for unngå smitte og mild sjukdom. På det grunnlaget tilrår dei to byråa difor vaksinasjon av alle over 60 år, helsepersonell, gravide og yngre som har underliggjande sjukdommar. For det fungerte jo strålande sist dei dreiv og masse-«vaksinerte»…?

Ikkje overraskande har Verdas helseorganisasjon (WHO), som er leia av ein mistenkt krigsforbrytar utan medisinsk utdanning, òg teke til orde for å utvikle ein ny «vaksine» retta mot dei nye variantane.

Har ein fyrst skite i senga, kan ein like godt pisse i den òg. Fagdirektør Preben Aavitsland – eller eg er meir freista til å kalle han Preben Fåvitsland – fortel til NRK at FHI jobbar med å utarbeide sin vaksinestrategi, som vil gjelde til hausten og vinteren. Som Fåvitsland seier til NRK:

«Vi holder på å vurdere dette, men konklusjonene vil komme etter sommeren. Vi er enige med ECDC og EMA i at man i framtidig vaksinasjon bør prioritere grupper med økt risiko for alvorlig sykdom […].»

Fåvitsland meiner dei tidlegare «vaksinane» framleis gjev godt vern mot alvorleg sjukdom og død:

«Beskyttelsen mot å bli alvorlig syk ser ut til å være god og langvarig etter vaksinasjon eller infeksjon, mens beskyttelsen mot å bli smittet taper seg i løpet av få måneder […].»

På spørsmål om kva slags smittescenario han ser føre seg i Noreg til hausten, svarer Fåvitsland følgjande:

«Epidemien framover bestemmes av balansen mellom virusets utvikling og befolkningens immunitet. Vi renger med to til fire bølger hvert år, men at disse bølgene er nokså små og ikke utfordrer kapasiteten i sykehusene. Det kommer nok en bølge til vinteren, men kanskje også en bølge eller to før det.»

Legg merke til at han bruker ordet epidemi, ikkje pandemi. WHO nedgraderte nemleg covid-19 5.mai 2023 – pandemien er ikkje lenger ei internasjonal folkehelsekrise. 6.juni rapporterte FHI i tillegg at koronasertifikatet blir lagt ned frå og med 30.juni, dette fordi EU si forordning om koronasertifikat blir oppheva denne datoen. Altso krev dei fleste land ikkje lenger dokumentasjon for koronavaksine for innreise.

Medan FHI-direktøren ikkje er spesielt bekymra for komande virusvariantar, ventar han og FHI lågare oppslutning rundt «vaksinane» enn under vaksinasjonskampanjen i 2021. Smittevernoverlegen i Drammen, Einar Sagberg, seier til NRK at færre enn halvparten av dei over 75 år meldte seg for oppfriskningsdose våren 2023: «Bare 45 prosent kom for å få vaksinen […].»

Vel, grunnen til at dei forventar lågare oppslutning kan jo vere alle vaksineskadane, og det faktum at mange rett og slett har døydd. FHI rapporterte 8.juni 2023 om betydeleg overdødelegheit i Noreg i 2022:

«Det var en betydelig overdødelighet i Norge i 2022 Overdødeligheten dette året er i FHIs modeller beregnet til 11,5 prosent (prediksjonsintervall 6,4 til 17 prosent) som tilsvarer 4682 flere dødsfall enn forventet.»

Tidlegare FHI-direktør Camilla Stoltenberg (som «tilfeldigvis» har skifta jobb) meiner at «Covid-19-assosierte dødsfall står for en stor andel av overdødeligheten.» For åra 2020 og 2021 som heilskap, då «pandemien» var på sitt verste, var dødelegheita derimot innafor det som er forventa. I 2021 var det interessant nok lågare dødelegheit enn forventa fyrste halvår, men høgare enn forventa siste halvår. Siste halvår av 2021 var folk flest «fullvaksinerte», medan dei færraste ikkje var det fyrste halvår.

Og no er dei altso i gang igjen. Jaja, vi får berre lagre dette som bevis til det komande landssvikoppgjeret, folkens.

Kommenter innlegget