Patetiske Nakstad skremmer med ny koronavariant: «Kraken»

Biletet er henta frå Wikipedia.

Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad grip no febrilsk etter dei siste halmstråa for å klore seg fast som koronaskremmaren i Noreg. No snakkar han om den nye undervarianten av omikron, XBB.1.5., som for tida «herjar» i USA. Den har fått det komiske tilnamnet «Kraken», oppkalla etter det mytologiske sjømonsteret som sjømenn har frykta i uminnelege tider.

Som Nakstad sjølv seier til TV2:

«I tillegg til forgjengernes evne til å omgå immunitet, har varianten også en ny mutasjon som gjør at den ganske lett binder seg til cellene våre. Derfor er den mer smittsom og viser nå svært stor spredningsevne i USA.»

The Epoch Times skriv 2.januar at XBB.1.5 utgjer meir enn 40% av nye tilfelle i USA, dette ifølgje data frå det amerikanske Centers for Disease Control and Prevention (CDC). Der har skjedd ein auke: i veka som slutta 24.desember var prosenttalet 21,7%, og veka etter var talet 40,5%. Til samanlikning var undervariantane BQ.1 og BQ.1.1. på høvesvis 26,9% og 18,3% av totale nye amerikanske tilfelle. XBB.1.5. skal ha dukka opp i USA i slutten av november og har dobla i prevalens kvar veke sidan den gong.

Dr. Barbara Mahon i CDC fortalde CBS News at undervarianten er spådd å bli dominerande på den amerikanske austkysten og vil auke i andre regionar i landet, men at det for tida ikkje er noko som tydar på at varianten er meir alvorleg enn dei andre.

XBB.1.5. stammar frå XBB-undervarianten, som fyrst vart identifisert i India i august. Epoch Times skriv vidare at XBB òg har vore ansvarleg for auken i covid-19-tilfelle i delar av Asia, inkludert Singapore. Varianten kjem frå Omikron BA.2.-undervarianten. Der har funne stad ein sokalla rekombinasjon; at genetiske data frå to versjonar av viruset som stamma frå BA.2. som hadde smitta ein person på same tid, vart kombinert under den virale replikasjonsprosessen for å danne den nye XBB-undervarianten. Dei to versjonane av viruset har dermed «para» seg for å setje til verda eit nytt «avkom».

XBB.1.5. følgjer det same mønsteret som tidlegare variantar: det smittar lettare, men er ikkje nødvendigvis farlegare. Dette faktum vel hovudstraumsmedia (og Nakstad) å beleileg ignorere: her skal det skremmast for alle pengane, for mRNA-injeksjonane går snart ut på dato!

All News Pipeline har klokeleg sett gjennom denne agendaen, og antydar at denne «Kraken»-varianten (XBB.1.5.) er eit mottrekk frå globalistane for å prøve å motverke den veksande skepsisen blant amerikanarar mot «vaksinane»:

«[…] vi er ikkje det minste overraska over at dei [«Big Pharma-mafiaen»; artikkelforfattaren sine ord] no kjem med ‘Kraken’ som den nyaste måten å skremme dei uinformerte til å ta dødssprøytene slik The Epoch Times åtvara om i denne nylege historia om Omikron variant XBB.1.5., som er i ferd med å bli den mest dominerande varianten i USA.»

Nakstad er den norske utgåva av sokalla «helseekspertar» som har fått i oppdrag å åtvare om nye covid-bølgjer som treffer oss i vinter. I USA blir det antyda nye munnbindpåbod og nedstengingar, og meir press frå globalistane til å gå og bli injiserte med dei mest oppdaterte «boosterane». Han har i likskap med sine medsamansvorne i Big Pharma, hovudstraumsmedia og regjeringar rundt om i den vestlege verda, blod på hendene. Han har òg tent store pengar gjennom sin aksjepost i det medisinske firmaet EpiGuard.

Vår sokalla «ekspert» seier derimot at «Kraken» ikkje har blitt påvist i Noreg hittil. Han meiner det ikkje er grunn til bekymring for alvorleg sjukdom enno. Han set prikken over i-en ved å kome med den vanlege remsa om å «følge utviklingen nøye».

So nyleg som i juli 2022 vart det åtvara om BA.5, som dei gav tilnamnet «ninja-korona». Den gong som no handlar alt om å få flest mogleg til å late seg injisere med eksperimentell mRNA-teknologi. For å sitere Saksyndig-artikkelen om ninja-korona:

«Når du treng å fabrikkere nye falske skremselsobjekt på denne måten for å minne folk om at noko som tydeleg er over, på ein eller annan måte ikkje er over, då veit du at den greia verkeleg er over.»

Slutt med det tullet ditt, Nakstad. Du drit deg loddrett ut for ettertida!

Skrive av Josefine Bru og redaktøren i Saksyndig.

One comment

  1. Den sprengte hvalbiffen Nakstad aner ikke hva skam er, og nå er det muligens oppbygning til «ny runde». Helt utrolig!!
    Han fikk jo også fritt leide til å tømme ut litt av skremselspropagandaen sin, i den såkalte «Debatten» sist torsdag. Et sted må han jo begynne, og da er jo NRK et perfekt sted, siden de ikke lenger driver journalistikk. Han elsker rollen sin, det er ikke vanskelig å se. Han er uansett en av hovedaktørene i det og systematisk ødelegge livet og helsa til folk. Og mer ondskapsfull enn det er det nesten ikke mulig å være.

    Bra dere er på, Saksyndig!

    Likt av 1 person

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s