Land i Europa avviser transkjønnsgalskapen som blir støtta av woke-besette USA

Av Josefine Bru for Saksyndig.

Natural News skriv 5.januar 2023 at fleire europeiske land avviser transkjønnsideologien som USA støttar, som er ein del av woke-galskapen som har ride landet som ei mare i fleire år. Den konservative radioverten Dennis Prager skreiv 3.januar i WND:

«For fyrste gong i historia er USA verdas hovudeksportør av destruktive idear. USA sin krig mot sanning, vitskap og barn har i stigande grad plassert dei på utsida av den vestlege verda.»

Og vidare:

«Det mest openberre dømet på eit USA i forfall er dei perverse amerikanske doktrinane rundt transkjønnstema. Kjønnet […] til kvart eit individ er ikkje eit gjeve faktum; ‘men føder barn’; men som seier at dei er kvinner kan konkurrere i kvinnesportar; og legar og barnesjukehus er i sin fulle rett til å fjerne kirurgisk dei friske brysta til unge kvinner – og til og med jenter – som seier at dei er gutar.»

I Storbritannia skal det høgst kontroversielle Gender Identity Development Service (GIDS), underlagt Tavistock Clinic, stengje dørene, etter at ein gjennomgang avdekte at tenesta var usikker. National Health Service (NHS), det britiske offentlege helsevesenet, konstaterte det latterleg openberre då dei i oktober 2022 sa at «barn som trur dei er trans går truleg berre gjennom ein kortlevd fase». Natural News skriv i ein artikkel frå 25.oktober 2022 at Tavistock Clinic i London lenge har pusha ein transhumanistisk agenda, og står i stor grad bak «kjønnsskifte»-agendaen som herjar i verda. I 2019 saksøkte ei mor klinikken for å lyge til ho og barnet hennar om kor «trygge» pubertetsblokkerande legemiddel var.

Som vanleg står dei anti-menneskelege globalistane bak. Målet med transpropagandaen er å kjønnsforvirre unge slik at dei trur dei er «fødd i feil kropp», eller at dei har «feil kjønn». Ein fører so skam til skade ved å kjønnslemleste dei og gjere dei ute av stand til å få eigne barn. Kjønnsdysfori, ein tilstand som for berre ti år sidan var uhyre sjeldan, ser no ut til å bli vanlegare og vanlegare ettersom fleire og fleire unge blir hjernevaska av denne mørke, menneskefiendtlege agendaen.

Heldigvis får fleire land i Europa no opp auga for kva menneskeheita sine fiendar driv på med.

I Irland kjem psykoterapeuten Stella O’Malley, som òg er direktør for transkjønns-nonprofiten Genspect, med følgjande hjartesukk: «Vi trur ikkje det å endre pronomen vil hjelpe nokon. Det skaper fleire problem enn det løyser.»

Bortsett frå Storbritannia avviser 12 andre europeiske land det amerikanske «ikkje-binære» åtaket på menneskeleg seksualitet og barn – altso 13 totalt.

Sveits erklærte nyleg at sex ikkje er «ikkje-binært», altso at det berre finst to kjønn, jamfør synet til den sveitsiske regjeringa og landet for øvrig. «Den binære kjønnsmodellen er framleis sterkt forankra i det sveitsiske samfunnet», sa det Sveitsiske føderale rådet. Ein rapport frå Associated Press nemnde at sveitsiske borgarar anten blir registrert som mannleg eller kvinneleg – ingen andre alternativ.

Sverige enda praksisen med å skrive ut pubertetsblokkerarar til dei under 18. Frå og med desember 2022 vil fjerning av brysta (mastektomi) berre bli gjort i ekstremt sjeldne tilfelle. Fokus skal i staden liggje på «god psykososial omsorg».

Eit anna land som òg fokuserer på psykososial omsorg for kjønnsforvirra personar, er Frankrike. Landet gjekk imot medisinsk intervensjon for transpersonar slik som hormonblokkerarar og operasjonar. Ein liknande politikk mot medisinske prosedyrar på transpersonar vart sett i verk av Finland i 2020.

Fleire og fleire land avviser dei noverande verdiane i USA, og med rette. Feministen Camille Paglia går so langt som å hevde at transkjønnsideologi er teikn på kulturell kollaps.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s