Modig tidlegare barnestjerne varslar om pedofili-ring i Hollywood

Av Josefine Bru for Saksyndig.

Natural News rapporterer 4.januar 2022 at den berømte songarinna og skodespelarinna Annabella Avery «Bella» Thorne nyleg har snakka ut om alt det perverse som går føre seg i Hollywood. Nyheita har dei henta frå Newspunch, der Thorne kom med sjokkerande påstandar under eit intervju i kjendisen Emily Ratajkowski sin podcast. Thorne skal ha blitt seksuelt misbrukt då ho var barnestjerne, og ein Hollywood-direktør skal ha seksualisert ho då ho var berre ti år gammal. Han skulda ho for å prøve å «flørte» med han. Med hennar eigne ord:

«Eg fekk ein regissør til å gje meg tilbakemelding ein gong, og eg var ti, og dei ringjer casting-regissøren, som ringjer agenten min, og agenten min ringjer mora mi. Og dei seier, liksom, ‘So ho gjer ikkje framsteg fordi regissøren føler at ho dreiv og flørta med han og fekk han til å føle seg særs ukomfortabel’,» erindrar Thorne. Ho kjenner seg ikkje igjen i episoden, og meiner det ikkje er tid eller rom for noko særleg flørting i ein regisseringssituasjon, der fokus ligg på å levere skodespelarprestasjonane som dei ymse scenene krev.

Emily Ratajkowski svarte:

«Å leggje det over på eit ti år gammalt barn og få det til å sjå ut som dei fekk ein vaksen mann til å føle seg ukomfortabel, er galskap. Og so vart det formidla til ein casting-regissør som med glede formidla det vidare til mora di. Om du liksom treng ei meir føkka historie om Hollywood og pedofili og seksualiseringa av barn […].»

Bella Thorne påstår at ho vart «misbrukt» og «fysisk mishandla» då ho var barneskodespelarinne i underhaldningsindustrien frå ho var seks til ho var 14 – og dei rundt ho gjorde ingenting med det. Ho skal i den tida ha arbeidd for Disney.

Med andre ord vart ikkje Thorne berre seksuelt misbrukt frå svært ung alder av, men folk rundt ho visste kva som skjedde og gjorde ingenting for å stoppe det.

I seinare år har Thorne mellom anna regissert ein pornofilm for nettstaden Pornhub. Thorne er kjent (?) for rollene sine i filmar som Shake it Up (2010), Blended (2014) og Midnight Sun (2018). Ho starta «karrieren» med bilete i bladet Parents Magazine då ho berre var seks veker gammal. Ifølgje Natural News sponsar ho vanskelegstilte barn i Afrika gjennom ein organisasjon ved namn Nomad som hjelper til med å skaffe mat, medisinar og utdanning til fattige barn der.

Som Natural News skriv:

«Det er ikkje lenger eit spørsmål eller ein ‘konspirasjonsteori’ om det fins tein pedofiliring i Hollywood, det er berre eit spørsmål om kor djupt den går og kor omspennande den er. Fleire og fleire barnestjerner har dei seinare år stått fram som vaksne og varsla om heile greia, og det er på høg tid at visse ‘elitar’ får fengselsstraff for det.»

So langt ser det ut til at berre Harvey Weinstein har blitt straffa for slike avskyelege handlingar, men kva med resten? Til og med når Hollywood-medlemmer blir skulda og dømte for brotsverka sine, held eliten kjeft – og hovudstraumsmedia publiserer ikkje eit kløyva ord om det heller. Dei er meir opptekne av å fremje barnemishandling og satandyrking.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s