Mine damer og herrar: Ta vel imot «ninja»-korona!

No er det «ninja»-varianten av Covid dei vil at du skal vere redd for: Vil det nokosinne ta slutt?

Av Ethan Huff, Natural News, 12.juli 2022. Omsett av saksyndig.

Ein skulle nesten tru det var satirisk meint, men det konsernkontrollerte media påstår at ein splitter ny variant av Wuhan koronavirus (Covid-19), som dei latterleg nok kallar «ninja» er på veg – og det er den mest farlege varianten til no, blir vi fortalt.

BA.5, som dei òg kallar den, er sagt å vere ein «undervariant» av «omikron»-varianten, som er eit anagram for moronic-varianten [moronic = idiotisk; oms.an.]. Ja, dei forventar verkeleg at folk skal tru at ein Moronic Ninja vil drepe oss alle om vi ikkje nok ein gong tek på oss munnbind og blir «boosta» gjentekne gonger.

Det amerikanske Centers for Disease Control and Prevention (CDC), leia av eit privat konsern leia av Big Pharma-lakei Rochelle Walensky, insisterer at Moronic Ninja-undervarianten tener som «ein sterk påminnar om at Covid-pandemien ikkje er over».

Berre ei kort melding å ha i mente: Når du treng å fabrikkere nye falske skremselsobjekt på denne måten for å minne folk om at noko som tydeleg er over, på ein eller annan måte ikkje er over, då veit du at den greia verkeleg er over.

«Ninja»-varianten handlar om å selje fleire vaksinar og oppfriskningsdosar for å halde ved like pengeflyten inn til Big Pharma

So langt er det einaste rådet frå det konserkontrollerte media for å kjempe mot Moronic Ninja, er å halde fram med å bli vaksinert og boosta med jamne mellomrom.

Sjølv om sprøytene ikkje ein einaste gong har vist seg å gjere noko anna enn å få covid-truande til å kjenne seg dydige, blir dei framleis framstilt som det «beste forsvaret» mot den endelause covid-bløffen, som i tillegg til avfolking ser ut til å handle om pengar for Big Pharma.

«Det blir til og med utvikla omikron-spesifikke oppfriskningssprøyter som i dei komande månadene vil kunne gjere dei beste vaksinane meir effektive mot BA.5 og deira genetiske søskenbarn,» rapporterte ein nettstad for falske nyheiter nyleg, og demonstrerte at dette er berre nok eit pengerøveri forkledd som folkehelse.

«BA.5 sine utbreidde mutasjonar gjorde undervarianten mindre gjenkjennbar til alle dei antistoffa vi har bygt opp frå vaksinar, oppfriskningsdosar og tidlegare infeksjonar. BA.5 har vore i stand til å gli forbi immunforsvaret vårt, som ein ninja, og bidrege til den aukande førekomsten av gjennombrotsinfeksjonstilfelle og infeksjonar.»

Artikkelen fastslår deretter temmeleg skråsikkert at målet er å halde folk skremde og injiserte med oppfriskningsdosar for alltid. Den seier bokstavleg tala at dess fleire «tilleggssprøyter» ein person får «på toppen av grunnsprøytene, dess betre beskytta er du.»

Utruleg nok skuldar dei framleis på den sokalla Covid-sjukdommen på ein «sta anti-vax-minoritet», sjølv om dei einaste folka som blir sjuke er dei som tok dei mange sprøytene og framleis blir sjuke av dei.

Dr. Ben Marble, grunnleggjaren av MyFreeDoctor, seier at kvar nye «variant» som dukkar opp (om ein går utifrå at dei i det heile teke er ekte), er eit produkt av «den falske C-19-vaksinegifta.»

«Dei som har fått tre og fire sprøyter er dei som fyller opp sjukehusa. Eit overveldande fleirtal av sjukehusinnlagte med Covid er dei som tok sprøyta,» siterer ein frå Marble.

«Uvaksinerte blir ikkje so sjuke. Til sjuande og sist, dess fleire dosar av giftsprøyta du har teke, dess sjukare kjem du til å bli, og dess meir sannsynleg er det for at du kjem til å døy snart.»

Å injisere menneske under eit utbrot viser seg å «alltid skape mutasjonar», sa Marble vidare, og kalla utsleppet av Moronic-varianten for «bioterrorisme».

Det originale sokalla viruset var òg eit biovåpen, forresten. Heile greia var tilgjort, akkurat som den nyaste Moronic-varianten – og tydelegvis lèt enkelte seg framleis lure.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s