Henta frå Great Game India. Omsett av saksyndig.
E-postar avslører sanninga rundt kvifor CDC endra definisjonane på «vaksine» og «vaksinasjon». Men ein CDC-talsperson insisterer på at dei «subtile endringane i ordlyden» ikkje har endra «den overordna definisjonen» på «vaksine».
Centers for Disease Control and Prevention (CDC) modifiserte definisjonane på «vaksine» og «vaksinasjon» som eit resultat av kritikk av at Covid-19-vaksinasjonane ikkje ser ut til å passe kriteria, ifølgje nyleg oppdaga e-postar.
Alycia Downs, ei tenestekvinne i CDC, fastslo i ein e-post til ein kollega 25.august 2021 at «definisjonen av vaksine som vi har lagt ut er problematisk, og folk bruker den til å hevde at Covid-19-vaksinen ikkje er ein vaksine basert på vår eigen definisjon.»
Definisjonen kan bli funnen på sida Immunization Basics.
Ifølgje dei arkiverte utgåvene av sida, har CDC definert «vaksine» som ein substans som forårsakar immunitet iallfall sidan 2011, medan «vaksinasjon» vart skildra som ein injeksjon som hindrar ein sjukdom. E-postane avslører at Covid-19-vaksinane har blitt mindre og mindre i stand til å hindre infeksjon av viruset som forårsakar Covid-19, noko som har ført til myriaden av spørsmål rundt definisjonane.
«Spørsmålet vårt er korleis CDC og resten av verda lét ein kalle sprøyta ein vaksinasjon når den ikkje eingong møter dykkar eigen definisjon,» skreiv ein person til CDC.
«Høgreekstreme Covid-19-pandemi-fornektarar bruker dykkar «vaksine»-definisjon til å argumentere for at mRNA-vaksinar ikkje er vaksinar,» sa ein annan.
Messenger RNA-teknologien tener som grunnsteinen for både Pfizer og Moderna sine Covid-19-vaksinar. Dei utgjer to av dei tre Covid-19-vaksinane som blir tilbodne i USA.
Ifølgje e-postane samarbeidde Downs med kollegaene Allison Michelle Fisher, Cynthia Jorgensen, Valerie Morelli og Andrew (etternamnet manglar) for å modifisere definisjonane av «vaksine» og «vaksinasjon».
31.august og 1.september 2021 vart modifikasjonane implementerte.
Endra definisjonar
Termen «vaksine» er no skildra som «eit stoff som er brukt for å stimulere kroppens immunrespons mot sjukdommar. Vaksinar blir vanlegvis administrert via nålinjeksjonar, men somme kan bli administrerte via munnen eller spraya inn i nasen.»
Den gamle definisjonen var «eit produkt som stimulerer ein persons immunforsvar til å produsere immunitet mot ein spesifikk sjukdom, og beskyttar personen mot den sjukdommen. Vaksinane blir vanlegvis administrert via nålinjeksjonar, men kan òg bli administrert via munnen eller spraya inn i nasen.»
Definisjonen av «vaksinasjon», som tidlegare var «det å introdusere ein vaksine inn i kroppen for å produsere immunitet mot ein spesifikk sjukdom», har blitt endra til «det å introdusere ein vaksine inn i kroppen for å produsere beskyttelse mot ein spesifikk sjukdom».
I 2021 fekk advokat Travis Miller tak i nokre av breva og publiserte skjermdumpar av dei. CDC trekte ikkje i tvil at dei var sannferdige på den tida. Alle dei 67 sidene av e-postane og andre meldingar relatert til revisjonane har blitt offentleggjorde.
Samlinga av e-postar, som vart leverte som svar på ein FOIA-førespurnad [Freedom of Information Act Request; oms.an.], avslører òg at Andrew, ein CDC-tenestemann som jobbar i organisasjonen sin Vaccine Task Force, støtta eit stykke i Washington Post som minimerte kritikk av modifikasjonen.
«Eg har berre sett eit par førespurnader rundt endringa av denne sida. Eg trur artikkelen i Washington Post forklarer problemet godt – at folk mistolkar ‘immunitet’ til å tyde 100% beskyttelse,» skreiv Andrew.
«Takk, Andrew! Eg set verkeleg pris på responsen din,» svarte Downs.
Dei «subtile endringane i ordlyden» har ikkje endra «den overordna definisjonen» av «vaksine», ifølgje ein CDC-talsperson som òg fastslo at «den tidlegare definisjonen på Immunization Basics | CDC burde bli tolka til å tyde at vaksinar var 100% effektive, noko som aldri har vore tilfelle for nokon vaksine, so den noverande definisjonen er meir gjennomsiktig, og skildrar òg måtane ein kan administrere vaksinar på.»
Andre delar av CDC sine nettsider påstår framleis at Covid-19-vaksinen gjev immunitet. Til dømes hevdar ei av sidene at «det å få Covid-19-vaksinasjon er ein tryggare og meir påliteleg måte å byggje immunitet mot Covid-19 enn å bli sjuk med Covid-19.»
E-postane som er omtala i artikkelen er å finne på slutten av Great Game India sin originalartikkel.