Av Paul Joseph Watson, Summit.news. Omsett av saksyndig.
Den populære nye filmen Alex’s War har skote inn på topp fem-lista til Apple si bestillingsliste trass intensiv sensur.
Filmen av den anerkjente regissøren Alex Lee Moyer skal etter planen kome på kino seinare denne månaden, og stiller spørsmålet «Kven er Alex Jones? Er han ein farleg galning eller ein patriotisk helt?»
Som eit oppsiktsvekkjande teikn på at forsøka på å sensurere filmen har mislykkast, har dokumentaren kome inn på topp fem på Apple si bestillingsliste, og er i skrivande stund på 4.plass og på rask veg oppover.
Moyer, som tidlegare regisserte TGW NO GF, eit fascinerande innsyn i incel-subkulturen, har vendt tilbake med ein ny dokumentarfilm om ein av dei mest kontroversielle mennene på planeten i dag.
Ein trailer for filmen eggar sjåarane med lovnaden om å ta dei på ein berg-og-dalbanetur der ein får sjå Jones sin veg mot toppen, frå ein programvert i lokalradioen til nasjonal merksemd og vanry.
«Alex’s War er ein hittil usett nærgjennomgang av denne vakta, mytiske figuren, og historia om oppstykkinga av den store amerikanske forteljinga – gjennom auga til denne mannen som hjelpte til med å bryte den opp,» står det på omtalen som følgjer med filmen.
Klipplistene viser korleis den «mest bannlyste, mest demoniserte personen i verda» vart eit mål for regimet, etter at hans eingong so obskure mediaimperium voks til eit slikt omfang at det hjelpte til med å velje president Donald Trump i 2016.
Biletklipp viser Jones som vart tørr bak øyra seint på 1990-talet ved å konfrontere svikefulle råd og avslørte korrupte lokalpolitikarar.
Dei spoler deretter fram til 2015, då eit hovudstykke frå Trump si lansering av presidentkampanjen sin var å opptre på Jones sitt show, der Trump skildra Jones som «amazing» («fabelaktig»).
Forfølginga av Jones i form av hans stadige demonisering og deplattformisering, som auka i intensitet etter 6.januar, er òg dokumentert.
«OK, lat oss sende meg i fengsel for å stille spørsmål, sjølv om eg har rett til det,» sa Jones i dokumentaren. «Faktisk, lat oss avrette Alex Jones, lat oss stille meg framfor ein eksekusjonspelotong og byrje å skyte.»
«Eg har ei uggen kjensle, faktisk, fordi eg veit kva som kjem etterpå,» la han til.
Prominente offentlege figurar på Twitter uttrykte si begeistring rundt det at filmen kjem ut i næraste framtid. [Sjå originalartikkelen for linkar; oms.an.]
Filmen vil bli vist i utvalde kinoar 29.juli 2022 og vil vere tilgjengeleg for nedlasting same datoen.