Ein av Document sine journalistar Erling Marthinsen skriv 6.januar 2023 om fenomenet «transmaxxing», som går ut på at sokalla «incels» (involuntary celibate; menn i ufriviljug sølibat) prøver å skifte kjønn for å få sex. Her er det underforstått at kvinner er det «rette» kjønnet, om ein baserer seg på det falske premisset om at verda blir ein betre stad dersom fleire menn blir kvinner.
Alle som kjenner prosessen bak kjønnsskifte, veit godt at det ikkje er biologiske kvinner desse personane blir. Genetisk er dei framleis menn. For å vere nådelaust ærleg blir dei kjønnslemlesta og avhengige av medisinar og/eller helsesystemet resten av livet. Ein kan kappe ballane av ein seksuelt frustrert mann og vrengje penis slik at ein får noko som på overflata liknar på ein vagina – men det vil framleis vere ein mann; i dette tilfellet ein kastrert mann. Dette er realiteten som ligg bak kjønnsskifteoperasjonar, og noko langt frå alle orkar å vedkjenne seg.
Misforstå meg rett. Denne artikkelen er ikkje ein harselas av transpersonar som gruppe. Der finst fullstendig legitime grunnar til at nokon vel å skifte kjønn, og eg vel å håpe at desse har blitt gjenstand for grundig psykiatrisk evaluering i forkant. Og iallfall at dei har blitt forklart alle risikoane involvert i kjønnsskifteoperasjon, som er ein irreversibel kirurgisk prosedyre med livsvarige konsekvensar. Eg reknar med at alle transpersonar blir gjort merksame på at kjønnsskifte er meint å vere ein kirurgisk imitasjon av det ønskte kjønnet, slik realiteten jo er. Eg ønskjer med denne artikkelen å setje fokus på galskapen som ligg i at i utgangspunktet ikkje-kjønnsdysforiske personar – i dette tilfellet «incels» – blir oppfordra til å skifte kjønn på mildt sagt vaklande grunnlag, av aktørar med i beste fall tvilsame intensjonar.
Men, over til temaet i denne artikkelen. Fenomenet «incel» har oppstått i dei seinare år, i hovudsak blant unge menn som føler at det er eit grovt brot på galaktisk lov at dei ikkje får pule. Det kan vere mange grunnar til at ein ung mann ikkje får sex, men samfunnet ser diverre ut til å ville vinkle det til at alt er mannen sin feil. Media framstiller sex som noko «alle» har, og dei som ikkje får det blir nærast rekna som bekymringsverdige avvik. Er det eigentleg slik det er?
Media har takka vere mangeårig samarbeid med etterretningstenesta hjernevaska fleire generasjonar av menneske. Det du ser på TV, høyrer på radio, les i aviser og på Internett blir rekna som sanninga. Det er lettast å ta alt dette for god fisk, for alternativet er at alt dette er løgn konstruert for å villeie og manipulere deg. Denne raude pilla er tung å svelgje for dei aller fleste, og dei vel difor å leve i djupaste, villaste fornekting. Når media syng på innpust og utpust at «alle» har sex heile tida – gjerne med kven som helst – og dette ikkje harmonerer med ditt eige liv, er det to forklaringar: 1) Media lyg, 2) Det er noko gale med deg.
Hjernevasken har kome langt når sjølverklærte «incels» faktisk byrjar prosessen med å skifte kjønn i den trua at dei då endeleg vil få sex. Med tanke på kva kjønnsskifte frå mann til kvinne faktisk gjer med evna, er dette absurd på so mange nivå. Det fyrste som forsvinn når ein mann byrjar på hormonar, er nettopp evna til å få ereksjon. Trur han på ramme alvor at han i denne kjemisk kastrerte tilstanden vil kunne ha sex med nokon som helst? Og kva med seinare, når operasjonen er eit faktum, og han sit igjen utan kuk og ballar, og med eit skamfare underliv han knapt kan føle?
Opphavet til transmaxxing ser ut til å vere eit manifest på 73 sider som oppfordrar «incels» til å vurdere å skifte kjønn. Fyrstesida listar opp ei rekkje «fordelar» med å skifte kjønn, mellom anna:
- Seksuell glede av å ha ein feminin kropp
- Overlegenheita til feminin estetikk
- Fullkroppsorgasmar
- Multiorgasmar frå penis-stimulering
- Sterkare kjensler og større glede på grunn av østrogen
- Meir sensitive bryst
- Evna til å tiltrekkje deg «høgkvalitetsmannfolk» for sex
- Evna til å trekkje ut ressursar frå menn
- Ikkje lenger gjere farlege og idiotiske ting på grunn av testosteron
- Folk vil behandle deg betre om dei trur du er kvinne
- Tilgang til kvinnelege stader (menn er avskyelege)
- Billegare bilforsikring (!)
Tja… Dette var interessante argument for å utsetje seg for kjønnslemlesting, kjemisk kastrering og irreversibel kirurgi. Eg visste ikkje at menn betalte meir i bilforsikring enn kvinner. Kan hende er dette tilfellet i USA, men i Noreg er det jo kvinner som blir rekna for å vere dårlege sjåførar. Spesielt kan ein leggje merke til argumentet «trekkje ut ressursar frå menn». Tydar dette at alle heterofile kvinner eigentleg er parasittar som blir saman med menn for å nyte godt av pengar, handlekraft og andre frynsegodar? Naturlegvis ikkje. Manifestet er etter mi meining svada og propaganda frå byrjing til slutt. Dette er eit skandaløst makkverk som har som mål å få sårbare, usikre menn til å øydeleggje kroppane sine.
På det djupaste planet er dette svineriet berre nok ein strategi for å øydeleggje og oppløyse den tradisjonelle kjernefamilien. Eg gjettar at globalistane, våre fiendar, er dei som eigentleg står bak dette. Heilt sidan feminismen vart utvikla av Rockefeller-stiftinga på 1960-talet, har familien meir eller mindre blitt forsøkt destruert over heile den vestlege verda. Målet då, som no, er å få ned folketalet. Feminiserte kastratar som trur dei er kvinner er dårlege kandidatar for å føre slekta vidare.
Unge menn må slutte å høyre på media der dei blir framstilt som taparar fordi dei ikkje puler dagen lang. Alle har periodar i livet der dei er seksuelt inaktive. Få blir valdelege ekstremistar av periodisk sølibat, langt færre går til legar og tryglar om å få kappa av seg ballane. Sex er eit privilegium, ikkje ein menneskerett. Og det er definitivt ikkje verdt å øydeleggje livet sitt for. Unge menn bør i staden jobbe med seg sjølv for å gjere seg meir attraktive: bli gode nok i noko til å imponere folk, ha ei stabil inntekt, sjå nokolunde stelte ut, ta vare på kropp og helse. Då vil damer (og sex) kome av seg sjølv, når du minst tenkjer på det.