I våre LGBT-tider: Dei reelle konsekvensane av kjønnsskifteoperasjonar

Kjønnsoperert mann fortel historia si: «Eg ønskjer å fortelje alle kva dei tok frå oss, og kva ugjenoppretteleg verkeleg tydar»

Av Rhoda Wilson og Ritchie Herron, The Exposé. Omsett, bearbeidd og noko forkorta av saksyndig.

Måndag [13.juni 2022] fortalde Ritchie Herron modig si skrekkelege historie om å skifte kjønn frå mann til kvinne i ein Twitter-tråd. Nokre av tweetane i tråden hans vart fjerna sidan dei vart «masserapportert», men han har ikkje tenkt å late det stilne han.

Herron er ein 35 år gammal kjønnsoperert mann frå nordaustlege England. Han byrja det medisinske kjønnsskiftet i ein alder av 26 og har gått på hormonerstatningsterapi sidan den gong. I ein alder av 30 tok han kjønnskorrigerande behandling. I mars 2022 kom Herron ut offentleg som «detrans».

Herron har vore involvert i detrans-aktivisme, vore med i podcastar, skrive om si erfaring og er ein medlem av Genspect-teamet, som er ein internasjonal allianse av profesjonelle grupper, foreldre, transpersonar, detranspersonar, og andre som er forkjemparar for ein betre omsorgsmodell enn den noverande «bekreftande» tilnærminga.

«Vi trur at der er mange vegar som kan leie til utviklinga av uro rundt kjønnet til eit individ. Likeins er der like mange vegar ut av slik uro. Det er grunnen til at vi ønskjer å sjå ei større breidd når det gjeld behandlingsval og meir evidensbaserte tilnærmingar til kjønnstvilande barn og unge menneske,» står det på Genspect si nettside.

Under er Herron si historie, med hans eigne ord, kopiert frå hans Twitter-tråd. Takk, Ritchie, for at du vågar å snakke ut når det verkar som om mange i verda ville føretrekkje at du ikkje gjorde det.

Eg ønskjer å fortelje alle kva dei tok frå oss, kva ugjenoppretteleg verkeleg tydar, og korleis realiteten er for oss.

Ingen fortalde meg noko av det eg kjem til å fortelje dykk no.

Eg har inga kjensle i skrittet i det heile.

Du kunne ha stukke meg med ein kniv og eg ville ikkje ha visst om det. Heile området er numment, som om det er skrekkslege og ute av stand til å fatte kva som skjedde, sjølv etter fire år.

Eg reiv opp eit sting fire dagar etter operasjonen, og dei lovde å sjå på det. Eg trygla dei i e-postar om å fikse det, men dei hånte meg i staden.

Fleire år seinare ser det ut som det manglar eit stykke kjøt like ved min neo-vagina, det ser bokstavleg tala ut som nokon hakka i veg på meg.

Dei vil framleis ikkje fikse det.

Ingen fortalde meg at rota til penis er igjen, den kan ikkje fjernast – noko som tydar at du sit igjen med ein bokstavleg stubbe inni der som rykkjer.

Når du tek testosteron og kjønnsdrifta kjem tilbake, vaknar du opp med «morrabrød», utan «brødet».

Eg skulle ønskje dette var ein spøk.

Og dersom du tek testosteron etter operasjonen, står du i fare for at det veks hår inni neo-vaginaen. Førestill deg å plagast med intern hårvekst etter alt dette.

For eit val… Anten sunn på testosteron og ein frik, eller forbli ein kjønnslaus evnukk.

Og det er noko som aldri vil kome tilbake og ein av grunnane til at eg tok operasjon.

Kjønnsdrifta mi døydde etter rundt seks månader på hormonterapi, og på den tida var eg glad for å bli kvitt den. Men no, 10 år seinare, innser eg kva eg går glipp av og kva eg ikkje kjem til å få tilbake.

Fordi at sjølv om eg hadde kjønnsdrift, er neo-vaginaen min so trong og liten at eg ikkje eingong kunne ha hatt sex om eg hadde hatt lyst.

Og når eg faktisk bruker ein liten utvidar, har eg tilfeldige område med kjensle som berre ser ut til å registrere smerte, ikkje nyting.

Det eg får av nyting kjem frå prostata som vart flytta framover og surra inni kjertlar frå penis, noko som tydar at analsex er umogleg og kan forårsake meir skade.

So har vi draumane. Eg drøymer ofte at eg har både mannlege og kvinnelege genitalia. I draumane uroar eg meg over at eg har begge, kvifor har eg det? Eg ber meg sjølv om å vakne opp fordi eg veit det er berre ein draum.

Og eg vaknar opp til eit levande mareritt.

I den augneblinken av amnesi, nett når eg vaknar, tek eg handa ned til skrittet og forventar å finne noko som var der i tre tiår, og det er ikkje der.

Hjartet mitt hoppar over eit slag kvar einaste jævla gong.

Og so har vi styret med å gå på do. Det tek meg rundt 10 minutt å tømme blæra. Det går ekstremt sakte og det gjer vondt. Fordi det dryp og sildrar same kor mykje eg slappar av, vil det renne ut i heile det området, noko som gjer meg gjennomvåt.

So, etter å ha reingjort meg sjølv, vil eg oppdage litt seinare at trusa mi er våt – same kor mykje eg tørka meg, dryp det sakte ut i nesten ein time etterpå.

Eg trudde aldri at eg i ein alder av 35 år ville risikere å lukte piss same kor eg fór.

No har eg gått tilbake til å vere mann, og forvissinga om at dette er permanent byrjar å kome.

Under kjønnsskiftet var eg besett og særs utilpass. Eg kan ikkje tru at dei fekk lov å gjere dette mot meg, sjølv etter alle dei varselsbjøllene.

Dei spurde meg ikkje eingong om eg ønskte å fryse ned sæd, eller om eg ønskte å få barn. I min besette, særs utilpasse tilstand berre nikka dei i veg og fortalde meg ikkje om realitetane, korleis livet ville bli.

Og so til slutt har vi utvidinga, som er som eit slags demonisk seremoni der du spiddar deg sjølv i 20 pinefulle minutt for å minne deg sjølv om din eigen dumskap.

Dette er ikkje eingong halvparten av det. Og dette er ikkje anger heller, det er sorg og anger.

Faen ta alle som lét dette skje.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s