Josefine Bru: Demens og psykisk utviklingshemming er ein defekt i kroppen, ikkje i sjela (Samtale i Gdańsk, 2017)

I den polske hamnebyen Gdańsk hadde eg ein julidag i 2017 det årets einaste samtale med Josefine Bru, dama som på nordfjorddialekt hevdar at verda vår er ei datasimulering, og at vi eigentleg er datakode som dette Programmet har skapt. Vi søkte tilflukt frå sommarregnet på ein koseleg utestad, der Josefine overraska meg med å konversere på flytande polsk med eigaren. Han hadde like etter kommunismens fall i 1989 kjøpt lokala for ein sleik og ingenting av staten, og hadde sidan drive utestaden. Vi sat ute under tak med to glas herleg Żywiec, sjølve dronninga av polske øltypar. Ho spurde meg korleis eg hadde hatt det sidan vår siste samtale i Auschwitz sommaren 2016.

Eg fortalde om kontroversen som fann stad i september 2016, der einingsleiar til slutt flytta meg med tvang til eit bufellesskap for multihandikappa. Etter at eg hadde lagt ut om dei enorme utfordringane med bebuarane, personalgruppa og ikkje minst den inkompetente avdelingsleiaren, rista ho på hovudet.

«Du burde skifte arbeidsplass på flekken,» sa ho på sin heimlege nordfjorddialekt, som likna veldig på min eigen sunnfjorddialekt.

«Det er nok ikkje so lett,» svarte eg. «Jobbar veks ikkje akkurat på tre for helsefagarbeidarar i den etaten. Dei har berre plassert meg der for å få meg vekk frå administrasjonen.»

«Hmm, so dei trur du er farleg, altso?» Ho såg nyfikent på meg med sine store, tindrande auge.

«Ein skulle nesten tru det.»

«Vel, du burde skrive bok om det bufellesskapet. Spesielt episoden med rullestolheisen.»

«Det lèt seg ikkje gjere, ikkje utan å bryte teieplikta. Eg kan hamne i juridiske vanskar.»

Då lo Josefine høgt og hjarteleg.

«Du jobbar ikkje akkurat for CIA,» sa ho, før ho tok ein lang slurk frå den søte, herlege ølen. Eg gjorde det same.

«Vel, nok om det. No har eg endeleg ferie.» Eg såg meg rundt. «Og du, Josefine? Kva driv du med for tida?»

Ho smilte løyndomsfullt, før ho sa stille:

«Det er hemmeleg.»

«Hmm, nøyaktig kor hemmeleg?» spurde eg.

«Det har med etterretning å gjere, so det er super-duper-mega-hemmeleg.» Ho vart alvorleg. «Heilt seriøst, eg kan ikkje fortelje deg noko. Dei stoler endeleg på meg no.»

«Er det CIA?» spurde eg.

«Nei. Det er ikkje eit jordisk etterretningsbyrå.» Ho såg seg rundt, før ho la fingeren sin på leppene. Eg lét temaet liggje. Ein køddar ikkje med etterretningsbyrå, same kva planet dei oppheld seg på.

«Du, sei meg, Josefine…» byrja eg. Ho såg merksamt på meg. «Du har fortalt meg tidlegare at sjeler er udødelege, og at kroppane våre er mellombelse bustader for dei.» Ho nikka. «Kva skjer med sjela når du får demens? Eller dersom du blir utviklingshemma?»

«Ingenting. Demens og utviklingshemming er kognitiv svikt som kjem av hjerneskadar. Som du veit, er einaste skilnaden mellom demens og utviklingshemming tidspunktet når hjerneskaden oppstår.»

«Ja, det veit eg.» Eg tok ein lang slurk av ølen. «Utviklingshemming er kognitiv svikt som kjem av hjerneskade som oppstår i utviklingsperioden, perioden i livet før hjernen og sentralnervesystemet er ferdig utvikla. All kognitiv svikt som oppstår av hjerneskade etter utviklingsperioden, blir klassifisert som demens. Klassisk ‘sjukeheimsdemens’ er senil demens. Alzheimers. Vaskulær demens. Lewy Body. Det veit eg godt, eg har jo studert det på det kurset mitt i miljøarbeid for utviklingshemma.»

«Det arbeidsgjevaren din nektar å godkjenne?»

«Akkurat.»

«Dei er litt av nokre rævhòl. Du burde saksøkje dei.» Ho flirte.

«Ja, om eg hadde hatt nokre millionar på bok, hadde eg hyra eit team av advokatar og rævkøyrt dei psykopatane.» Eg lo, før eg drakk siste resten av ølen. Josefine heva lett på sitt like tomme glas, og den merksame kelneren nikka og forsvann inn i det dunkle lokalet.

«Vel, hjernen er ein del av kroppen – den kroppen sjela di tilfeldigvis har bustad i. So demens og utviklingshemming er defektar i kroppen, ikkje i sjela. Sjå på det som om sjela er sjåføren og kroppen er køyretøyet. Om bilen du tilfeldigvis sit i får motorhavari, so påverkar det jo ikkje din eigen kropp.»

To nye ølglas landa på bordet. Kelneren forsvann med dei to tomme glasa. Eg gneid meg tankefullt på haka:

«Nei, det har du rett i, Josefine. Men om kroppen din er utviklingshemma i eitt univers, vil den bli utviklingshemma i det neste?»

«Ikkje nødvendigvis. Mange faktorar speler inn på om nokon føder eit velskapt barn eller ikkje. Om sjela hamnar i ein vanskapt kropp, vil ho tilpasse seg hjernen til den kroppen. Og om sjela i neste univers hamnar i ein velskapt kropp med ein normalt fungerande hjerne, vil alle minne frå det førre universet vere sletta.»

«So folk som er utviklingshemma i dette universet, vil vere normalt fungerande menneske i det neste?»

«Ja. Eller omvendt. Det er i grunnen eit lotteri. Ikkje to univers er nøyaktig heilt like når det gjeld miljø og hendingar. Ei mor kan nedkome med eit sjukt barn på grunn av noko so banalt som ei fyllekule tidleg i svangerskapet. Men i neste univers held ho seg kan hende edru og unngår å føde eit sjukt barn. Vi veit aldri. Det er for mange faktorar. Sjølv Programmet kan ikkje føreseie om kroppen sjela di tek bustad i vil vere i adekvat tilstand i alle universa du bruker den kroppen. Kroppen min var i bruk i milliardar av univers. Eg hugsar ikkje eingong 0,1% av dei universa. Og du hugsar aldri univers der du var utviklingshemma eller alvorleg vanskapt. Eit heilt livs traume er for ubehagelege å hugse i framtidige univers. Det er nok liding i verda frå før av.»

Ho lente seg tilbake med eit tankefullt uttrykk i sitt lett freknete ansikt. Ho leika med det vide sølvsmykket sitt med det treforma anhenget.

«Men kva med senil demens?» spurde eg til slutt. «Blir du senil når du blir gammal i kvart univers, eller har du berre uflaks då òg?»

«Senil demens skuldast degenerative tilstandar i hjernen. Nervecellene døyr på grunn av opphopning av sokalla plakk. Det kjem av feil kosthald og miljøgifter, og er altso ein livsstilssjukdom akkurat som overvekt, kreft, diabetes type II og hjarte- og karsjukdommar. Demens er ein del av ‘paraplytilstanden’ metabolsk syndrom. Du kan unngå syndromet ved å leve sunt og unngå for mykje alkohol og sukker i kosten. Faktisk tilrår eg lågkarbokosthald, for då får hjernen sjanse til å bryte ned betaamyloid, plakk-skapande partiklar som oppstår av for høgt sukkerinntak. Eg er forbausa over at folk flest ikkje veit dette, dei ser på kreft og demens som gåter. Men, igjen… Vi har jo den skruppellause lobbyverksemda til Big Pharma og den omfattande hjernevasken til Big Media.»

Ho rulla lettare oppgjeven med dei vakre, sjelfulle auga sine.

«Hugsar du eit univers der du fekk demens?» spurde eg.

«Du hugsar ikkje sjølve demensen, sidan tap av evna til å hugse er sjølve kjernesymptomet på demens. Og igjen… Har du sett pasientar med langt framskriden demens? Dei må matast og stellast nett som babyar. Somme blir valdelege og må nærast dopast ned. Programmet slettar alle slike traume, naturlegvis.»

«Eg har aldri arbeidd med eldre. Eg har jobba elleve år med utviklingshemma. Men eg skal faktisk byrje på sjukeheim no i oktober. Eg var i samtale med einingsleiaren på ein sjukeheim i [X] no i juni.»

«Vel, då får du sett sjølvaste skuggesida av Noregs fantastiske eldreomsorg!»

Ho lo igjen høgt og hjarteleg. Vi begge skålte og tok ein lang slurk av ølen vår.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s