Saksyndig om konspirasjonsteoriar, del 2: Er menneske handelsvarer underlagt maritim lov?

Denne konspirasjonsteorien har følgjande premiss: På eit eller anna tidspunkt gjekk dei fleste vestlege land vekk frå sine lokale lover – landlovene eller Common Law – og innførde maritim lov, eller den internasjonale handelslova. I gamle dagar føregjekk all handel over havet, og difor fanst – og finst – denne lova. På engelsk blir den kalla maritime admiralty law, som tilsvarer sjørett på norsk. Sjøretten trumfar lokale lover, akkurat som lover og retningslinjer tilknytt arbeidsplassen trumfar både grunnlov og menneskerettar (som eg har skrive om tidlegare). Med andre ord har det skjedd eit slags stille «kupp», der grunnlover og alle andre lover (inkludert menneskerettar) har blitt avskaffa og bytt ut med sjøretten. Tilhengjarar av denne teorien kallar seg anten suverene borgarar (engelsk sovereign citizens) eller frimenn/frikvinner. Dei har til felles at dei trur at alle domstolar eigentleg opererer under sjøretten, og at dei ved å ikkje samtykkje til lovene unngår å ta del i denne sosiale kontrakten. Lover og reglar gjeld ikkje for dei, fordi dei ikkje samtykkjer til dei.

Sjøretten fungerer slik: Når eit skip legg til kai i ei utanlandsk hamn, blir varene frakta på land. Kapteinen deklarerer varene for hamnesjefen, som utstadar ein attest for kvart produkt om bord. Frakta skiftar på denne måten formelt eigar, som her blir den parten som har kjøpt produkta. På engelsk blir hamna kalla dock, og attesten vil ha ein sokalla berth date, altso ankomstdatoen for produktet. Berth har fleire tydingar, men i denne konteksten tydar det rett og slett «parkeringsplassen» til skipet medan det ligg til kai. Føremålet med attesten er dermed å klargjere eigarforholdet til produkta som skipet har frakta. Sjøretten fastslår forresten òg at alle skip er å rekne som hokjønn. Uttrykket mothership (bokstavleg tala «morskip») er noko dei fleste kjenner til: eit stort skip som fraktar andre, mindre skip.

Dette bringer oss over til sjøretten slik den visstnok blir praktisert på menneske. Etter fødselen må alle babyar ha ein fødselsattest, på engelsk birth certificate. Ei mor får bokstavleg tala ikkje forlate sjukehuset før ho har skrive under på fødselsattesten til barnet. På attesten vil det stå fødselsdatoen, birth date, der det engelske ordet tilfeldigvis blir uttala heilt likt berth date.

Konspirasjonsteorien påstår følgjande: Når vi blir fødde, er vi å sjå på som ei vare som blir frakta i eit skip (mora, the mothership?), frakta over vatn (frå livmora, som inneheld vatn, og ut fødselskanalen) og «deklarert» for legen – på engelsk blir the doc (legen; the doctor) og the dock (hamna) uttala likt. Det blir etablert formell eigarskap over babyen akkurat som det blir etablert formell eigarskap over varene på skipet hjå hamnesjefen. Kven er so eigaren av den nyfødde? På engelskspråklege fødselsattestar står mora visstnok oppført som informant («angjevar»), men i motsetnad til attesten som hamnesjefen utstadar til kapteinen (som òg «angjev» varene på skipet), står det ikkje kven som har «bestilt» produktet (babyen).

I røynda har det blitt oppretta eit slags privat internasjonalt fond, men fondet blir rutinemessig halde hemmeleg for den fondet er oppretta for, den sokalla benefisienten. Når fødselen er eit faktum og mora har nedkome med barnet, dokumenterer fødselsattesten at eit «produkt» er levert. Ved å signere fødselsattesten, overfører mora formell eigarskap til parten som «bestilte» barnet. I dette tilfellet er det forstått å vere Staten. Mora får ikkje forlate sjukehuset før ho formelt har «deklarert» «produktet» sitt og formelt overført eigarskap til Staten.

Som kompensasjon for at ho har avlevert sitt avkom til Staten, får ho ei rekkje økonomiske kompensasjonar i framtida, der den mest prominente er barnetrygda. Seinare vil barnet òg få gratis utdanning frå det er seks år til det er 19 (grunnskule og vidaregåande), slik at Staten kan sjå til at produktet blir integrert i samfunnet og indoktrinert i den rette læra. Produktet vil dermed tilbringe resten av livet i meir eller mindre grad av utnytting frå statleg hald, som regel gjennom lønt arbeid.

Fødselsattesten blir brukt som ein aksje og handla med på aksjemarknaden. Avkastninga går direkte tilbake til Staten, som er eigar av dette «private internasjonale fondet».

So, kva er årsaka til at menneske no ser ut til å vere handelsvarer underlagt maritim lov? Konspirasjonsteorien seier at rundt 1910 møttest ei gruppe bankierar og politikarar i all løyndom på Jeckyll Island i USA for å finne på ein måte å lure det amerikanske folket til å late ein sentralbank få operere i landet. Dette var i strid med folkets vilje, dei var ikkje interessert i å ha ein sentralbank i det heile. Møtet bar frukter. I 1913 signerte dåverande president Woodrow Wilson Federal Reserve Act, som formelt sette USA under sjørett eller maritime admiralty law. I 1921 kom Sheppard-Towner Maternity Act, som kravde at alle fødslar skulle registrerast hjå staten, visstnok av helsemessige føremål (dei bruker alltid helse som orsaking for å innføre overvaking og auka kontroll!). I 1933 kom HJR192, der gull og sølv formelt vart erstatta med pengesetlar som gyldig betalingsmiddel. I USA blir pengesetlar kalla Federal Reserve Notes fordi dei kjem frå Federal Reserve, den amerikanske sentralbanken. Trass at den har ordet federal (føderal) i seg, er ikkje den amerikanske sentralbanken eigd av den amerikanske staten, men er i privat eige av nokre styrtrike familiar som sannsynlegvis bur i Europa.

Det som skjedde i USA på byrjinga av 1900-talet, skjedde òg i Noreg og dei fleste andre vestlege land. På grunn av at ein ikkje lenger kunne betale med ekte pengar (gull eller sølv), måtte heile landet ifølgje konspirasjonsteoriens logikk gå over til sjøretten. Ein kan ikkje lenger eige noko fordi ein har ingen pengar til å betale med. Alt gull og sølv har enda opp i velvet til dei styrtrike familiane som eig sentralbankane. Pengesetlar er dermed sokalla fiatpengar, som har verdi berre fordi Staten har lurt oss til å tru at dei har verdi.

So, kvifor gjorde vestlege nasjonar dette? Etter Fyrste verdskrigen var dei fleste land i Europa, i tillegg til USA, konkurs, ettersom krigføring er særs dyrt. Tyskland vart under Versailles-traktaten idømt ei gigantisk krigsgjeld som førde til alvorleg inflasjon og fattigdom i landet. No fann riktig nok møtet på Jeckyll Island stad før krigen, men somme meiner at krigen var planlagt fleire år i forkant, at dei kan ha brukt krigen for å med vilje øydeleggje økonomien til nasjonane i Vesten. For å få økonomien på fote og samfunnet i gjenge, vart det bestemt at alle nasjonar i Vesten skulle ta opp lån hjå sentralbankane. Som tryggleik for låna leverte dei frå seg alt gull og sølv til eigarane av sentralbankane. Edelmetallet enda visstnok opp i Frankrike – i det minste ein stad i Europa. I byte mot alt gullet, fekk nasjonane i Vesten «kreditt» i form av verdilause fiatpengar. BIS i Sveits er òg kjent som Den internasjonale oppgjersbanken, og oppgjer er vanlegvis noko som finn stad når ein part skal krevje inn gjeld frå ein annan part. BIS står for Bank for International Settlement (bank for internasjonalt oppgjer).

Noreg gjekk som alle andre land i Vesten vekk frå gullstandarden. Når so landet kom i økonomisk uføre rundt 1930 etter krakket på Wall Street (som somme meiner òg var planlagt, i likskap med dei to verdskrigane), hadde ikkje lenger landet gull å gje som tryggleik til BIS. Vanlegvis hadde ikkje Noreg dermed fått meir «kredittpengar» frå sentralbanken, og konkursen hadde vore eit faktum. Eit land kan derimot ikkje gå konkurs, ettersom det alltid har andre ressursar som er like verdifulle – om ikkje meir verdifulle – enn gull: Folket. Noreg var tomt for gull, men ikkje for menneske. Dermed vart den menneskelege ressursen den nye «myntfoten» som Noreg kunne stille som tryggleik i byte mot meir fiatpengar.

Det var dermed i nasjonens interesse at det vart danna fleire borgarar, fleire «aksjar» som kunne handlast med på aksjemarknaden, og som ikkje minst kunne generere meir kreditt frå sentralbanken. Rockefeller-instituttet oppretta det norske Folkehelseinstituttet, som fekk i oppgåve å jobbe med medisinsk fødselsregistrering. Fyrst kom fødselsattestar, der mora formelt overførte eigarskap til Staten (eigentleg BIS, den internasjonale oppgjersbanken og deira samarbeidspartnarar), og deretter personnummer. Då ville det bli lettare for til dømes økonomar å spå den framtidige produksjonen til den menneskelege ressursen. Eit digert kull med friske barn var dermed særs lovande, medan ein ikkje kunne seie tilsvarande for eit lite kull med sjuke og vanføre barn. Det var i Statens interesse at det vart fødd friske, arbeidsdyktige menneske, for mennesket var den einaste ressursen Staten hadde igjen å stille som tryggleik for framtidige lån.

I 1934 kom Veksellova, eller Bills of Exchange Act / Securities Exchange Act. Lokale banker, inkludert den norske sentralbanken, fekk lov av Federal Reserve å trykkje pengesetlar på lisens. Fødselsattestane gjekk over til å fungere som «fraktbrev», som backa opp dei nye fiatpengane. Like etter kom Bretton Woods-avtalen: alle land som friviljug gav frå seg alt gullet sitt, ville få uendeleg kreditt hjå Federal Reserve, og «fraktbreva» (fødselsattestane) dokumenterte tilstadeveringa av den menneskelege ressursen i landet. Her i Noreg skal til visstnok DNB (Den norske bank) ha pantsett alt av gull og verdisaker i byte mot uendeleg kreditt hjå Federal Reserve, noko dette dokumentet blir påstått å bekrefte.

Kva konsekvens har det for oss at vi ser ut til å vere handelsvarer som eigentleg er eigde av BIS og Federal Reserve? Vel, for det fyrste blir vi fødd som skuldnarar, altso personar som er i gjeld. I gamle dagar hamna dei som ikkje kunne betale gjelda si i fengsel, og miste dermed alle rettar som var nedfelt i «landlova» (engelsk Common Law). På same måte har vi no blitt fråtekne desse rettane av di vi blir fødd inn i håplaus gjeld som er teken opp på våre vegner i same augneblinken som vi blir «levert til hamna og deklarert». Det vi får tilbake er privilegium, som Staten kan tildele og ta frå oss etter kva den finn for godt.

Ingunn Sigurdsdatter kallar seg «frikvinne», og har skrive ei rekkje interessante artiklar om dette emnet i Nyhetsspeilet. Om fødselsattesten skriv ho følgjande:

«På samme måte fødes vi inn i et gjeldsfengsel, og når vi registreres etter fødsel er det mor som ‘angir’ oss ( på engelsk heter det ‘informant’) og ettersom far ikke signerer på fødselsmeldingen og det derfor ser ut til å mangle en far, går staten rett inn i rollen som parens patriae og forvalter for verdien på fødselsattesten. Så staten går inn som benefisient på dine vegne for det som kan genereres via fødselsattesten din, som er opprettet som et Cestui Que Vie trust. Statens eiere drifter deg til egen fordel, med andre ord.»

Frasen «cestui que vie» er frå middelfransk og tydar «den som lever», og refererer til den juridiske personen som eit fond er oppretta på vegner av. Når det derimot gjeld fødselsattesten, stemmer det ikkje heilt det som Sigurdsdatter skriv. Kollegaer av meg på jobb som har fødd barn seier at barnefaren faktisk skriv under på fødselsattesten. Ein kollega av meg fortalde ganske nyleg at då ho fødde sitt fyrste barn, gløymde barnefaren å skrive under på attesten. Sjukehuset gjekk faktisk ut av sitt gode skinn for å verifisere identiteten til barnefaren. Han måtte hoste opp både førarkort og ymse ID-papir.

At Staten i aukande grad har gått inn som omsorgsperson for barn i dei seinare år, er derimot sant. Foreldre overlèt meir og meir foreldrerolla til representantar frå offentleg sektor, til dømes gjennom barnehage, skule, skulefritidsordning og ymse andre offentleg finansierte institusjonar. Kor mykje tid dagens foreldre faktisk bruker på barna sine, er definitivt verdt ein diskusjon. Staten har openbert teke på seg foreldrerolla i fråvær av reelle foreldre. Det finn stad ei infantilisering av befolkninga, der dei blir oppfordra til å følgje instruksar frå dei på toppen – og framfor alt ikkje tenkje sjølv. Foreldre som oppdreg barna sine i strid med Statens interesser, vil bli fråtekne ungane av det frykta Barnevernet, som opererer på både kommunalt og statleg nivå (dei er med andre ord overalt!).

Andre aspekt i denne konspirasjonsteorien er plausible, andre er det ikkje. Lovar og reglar gjeld naturlegvis framleis, og suverene borgarar og frimenn som har prøvd sakene sine for ein domstol, har konsekvent tapt. Og dei som har valt å ikkje følgje lover og reglar, har møtt konsekvensane av denne dissensen. Ingunn Sigurdsdatter miste til dømes huset sitt etter at ho nekta å betale avdrag på bustadlånet. Eit anna aspekt som derimot er litt urovekkjande, ser ut til å vere at ein del norske advokatar som har vunne saker mot Staten, på mystisk vis har mist autorisasjonen i etterkant. Eit døme er den tidlegare advokaten Marius Reikerås, som fyrst og fremst var kjent for å jobbe med erstatningssaker for nordsjødukkarar, og mot Barnevernet. Dette kan derimot kome av at mange dommarar og advokatar er medlemmar i Frimurarlosjen, og alltid vil dømme i favør av motparten om han, ho eller dei òg er frimurarar. Men dette fører oss over i ein heilt annan konspirasjonsteori. Reikerås miste visstnok advokatbevilgninga på grunn av at han urettmessig hadde motteke to millionar kroner frå ein bergensk skipsreiar. Enkelte meiner han miste den fordi han jobba i strid med Statens interesser. Eller, relevant til denne artikkelen, at han praktiserte utifrå Grunnlov og menneskerettar i domstolar som sjølv praktiserte under sjørett, der Grunnlov og menneskerettar er juridisk irrelevante.

For å konkludere, har alle konspirasjonsteoriar ein kjerne av sanning i seg, men i dette tilfellet er denne kjernen ganske so liten. Eg trur ikkje heilt på den. Men berre for å vere på den sikre sida, skal eg prøve å få tak i min eigen fødselsattest berre for å sjå kva som står der…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s