Feminisme er eit avfolkingsprogram

Av Henry Makow. Opphavleg publisert på nettsida hans 20.februar 2002. Omsett av saksyndig.

Fødselsraten i verda har blitt halvert dei siste 50 åra frå rundt 3,6 fødslar per kvinne til berre 1,8. Dette fell saman med framveksten av feminisme som den offisielle kjønnsideologien i verda.

Makow: «Eg er ein av mange som gjekk glipp av moglegheita til å få ein normal familie takka vere feminisme. Avfolking treffer nær blink for tallause millionar.»

Vi har blitt kondisjonerte til å hånflire av ideen om konspirasjon. Ideen om at menneske planlegg å skade andre utan å fyrst åtvare sine tenkte offer er for absurd til å vurdere!

Vi er som passasjerane på ein buss som stadig har «ulykker» som forårsakar vanvittig død og liding. Desse er krigar, depresjonar og epidemiar osb. Vi har akkurat blitt ferdige med det blodigaste hundreåret i menneskehistoria: Auschwitz, Dresden, Rwanda, Hiroshima, Kambodsja. Meir enn hundre millionar menneske vart myrda, og då har ein ikkje talt med abortar.

Vi driv og endrar «sjåføren», men ulykkene stoppar ikkje å skje. Dette er fordi alle sjåførane får sine ordrar frå den same diabolske kjelda.

Fordi menneskerasen held fram med å køyre av vegen, når vi ikkje reisemålet vårt. Vegen er Guds plan. For kristne er dette Jesus sitt kjærleiksevangelium. Destinasjonen: å kjenne Gud.

Menneskeheita utvikla seg for dette føremålet. Gud ønskjer å bli kjent av Sitt skaparverk.

Ein lesar ved namn «Pat» skreiv sist veke at han synest «det er vanskeleg å tru at ei gruppe av elitar kan bli einige om noko, langt mindre ein langtrekkjande vondsinna agenda… [Det] verkar som om prosessen å oppnå denne agendaen går for sakte for vonde menneske… krev for mykje feilfritt, saumlaust, hemmeleg samarbeid… Den einaste eininga med den forma for plan og tolmod måtte ha vore Djevelen sjølv, ville det ikkje?»

Eg svarte at han var inne på noko. På byrjinga av det 20.hundreåret vart det samla enorme formuar av monopol-kapitalistar slik som J.P. Morgan og J.D. Rockefeller. Kva anna er monopol enn ønsket om å «ha alt saman», og å drive alle andre ut av eksistens. Vondskap er den spirituelle krefta som har som mål å «fullbyrde» seg sjølv, ikkje i Gud, men i grenselaus tileigning av materiale og sensuell overflod.

Det var ikkje eit stort sprang for ein J.D. Rockefeller å gå frå å eige oljeundustrien, farmasiindustrien, bankundustrien osb. til å ønskje å eige heile verda. Rockefeller og stiftinga hans har vore i framtroppen til befolkings-«kontroll» og eugenikk-rørsla. Til sjuande og sist er målet å redusere verdas befolkning utifrå den simple grunnen at dess mindre som er igjen til deg og meg, dess meir vil der vere for J.D. og kompisane hans.

Eliten rett og slett elskar fødselskontroll. Warren Buffet, Bill Gates, Ted Turner er blant dei ultrarike som har donert milliardar til å spreie evangeliet om kondom, P-piller, abort, vaksinar og feminisme ved hjelp av FN og «US Aid». Rockefeller finansierte oppfinninga av P-pilla og spiralen, og eig rettane til abortlegemiddelet RU-486. I løpet av dei siste 50 åra [dette vart skrive i 2002; oms.an.] har milliardar av dollar blitt brukt på «familieplanlegging» laga for å avgrense befolkninga ved hjelp av svik og tvang, inkludert påboden abort og spedbarnsdrap.

I The War Against Population (1988) skriv dr. Jacqueline Kasun at i 1981 lista eit direktorat for befolkningskontrollbyrå i Washington DC 92 private (men mesteparten offentleg finansiert) byrå, 12 tilknytt FN og 57 byrå tilknytt den amerikanske regjeringa (s.198). «Det verkelege problemet til statleg familieplanlegging handlar ikkje om familiar ute av kontroll, men om planleggjarar ute av kontroll,» skreiv ho (s.211).

Av same grunn står Illuminati bak «seksuell frigjering» og det å gjere homofili hovudstraums. Gjennom finansiering og mediekontroll får dei oss til å sjå på sex som rekreasjon/fysisk utløysing heller enn uttrykket for eit åndeleg band (til dømes eit kjærleiksfullt ekteskap) som resulterer i barn.

Modus operandi er å finansiere og fremje forsmådde minoritetar for å destabilisere og underminere verda. Feminisme er primadømet. Den gjev seg ut for å gje kvinner likeverdige moglegheiter på arbeidsplassen, når den faktisk er vigd til å ta frå kvinner lysta til å søkje fullbyrding gjennom å bli mødrer.

I den moderne feminismen sin bibel, The Feminine Mystique (1963), kjem Betty Friedan med denne obskøne samanlikninga mellom husmødrer og fangar i nazistiske konsentrasjonsleirar:

«Dei vart reduserte til å bli barnleg opptekne av mat, eliminasjon, tilfredsstillinga av primitive kroppslege behov; dei hadde ikkje noko privatliv, og ingen stimulering frå verda utanfor. Men framfor alt vart dei tvinga til å bruke dagane på arbeid som trøytta dei enormt… som ikkje kravde mental konsentrasjon, ikkje gav noko håp om å stige i gradene eller å bli anerkjent, var til tider sanselaust og vart kontrollert av andre sine behov…» (s.306)

Friedan snakkar tydelegvis om mødrer. Å samanlikne oppfostringa av ungane deira med det brutale slaveriet og forgiftinga av fangar i Auschwitz er psykologisk krigføring på sitt mest vondskapsfulle. Friedan, som gøymde det faktum at ho var ein betalt kommunist-aktivist, burde ha blitt fordømt som ein hatskapar. I staden vart ho hylla som det nye orakelet og fekk æresgrader og stillingar ved Harvard, Yale og Columbia. Saturday Review kalla boka hennar «eit skolert verk, passande for seriøst studium», og antropolog og med-jøde Ashley Montegu sa at det var «den klokaste, fornuftigaste mest forståingsfulle og empatiske behandlinga av det største problemet til amerikanske kvinner.»

Treng vi meir bevis for at verda er ein redselsfull selskapsavkrok og at J.D. og kabalen hans eig selskapet? Dei bestemmer kva slags politikarar, universitet og akademikarar som får midlar, kva slags bøker som blir publiserte og omtala, kva slags filmar som blir laga. Vi er dømde til å stire inn i speglar som ikkje reflekterer røyndommen. Det er grunnen til at vi er so skeptiske til konspirasjonar. Det er grunnen til at eg sjølvpubliserer. På den andre sida les Eve Eisler sitt pornografiske skodespel The Vagina Monologues på HBO. Dette skodespelet, som handlar om kvinner som ser på genitalia sine med handspeglar og skildrar dampande scener av lesbesex med mindreårige, maskert som feministisk myndiggjering, er faktisk ein invitasjon til å bli lesbisk.

Elitens avfolkingsagenda

Feminisme passar inn i elitens avfolkingsagenda. Sidan 1963, då The Feminine Mystique vart publisert, har vi opplevd ein hittil usett nedbryting av familien. Meir enn halvparten av alle barn blir no [2002] fødd utanfor ekteskap; talet hushaldningar med single foreldre har tredobla seg. I The Broken Heart skriv William Bennett: «Det meste av våre sosiale patologiar, brotsverk, fengslingsratar, velferd, utdanningsrelatert underyting, alkohol- og legemiddelmisbruk, sjølvmord, depresjon, kjønnssjukdommar, er manifestasjonar, direkte og indirekte, av oppsprekkinga av den amerikanske familien.» (s.4)

Vi lid no av underbefolkning. Den amerikanske fødselsraten har blitt redusert frå 4 til 1,88 barn per kvinne, den europeiske og kanadiske er 1,5 (vi treng 2,2 berre for erstatning av befolkninga). Russland (1,6 barn) har lege stødig. I Death of the West argumenterer Pat Buchanan at befolkningsnedgang er ansvarleg for den uunngåelege utryddinga av Vesten.

Reproduksjon krev den mest delikate omsorg. I tilfellet menneske, må kvinna vere førebudd på å bli mor og æra for sitt bidrag til samfunnet. Mannen må bli vist av standarden til manndom krev å gje leiarskap og næring til mor og barn. Både mor og far må vere i stand til å gje barna sine intellektuell og åndeleg rettleiing.

I staden, på skular og universitet, blir dei ømme røtene til feminin seksualitet knust under dei feministiske støvlane. Unge kvinner blir lært at heterofil sex, ekteskap og familie er ibuande undertrykkjande. Homofili på den andre sida er å gjere opprør, og er «chic» og «normalt».

Friedan si samanlikning av mødrer med konsentrasjonsleirfangar er perfekt. Betty Friedan, agent for Illuminati-kabalen, set mødrer i konsentrasjonsleirar. Mødrer?! Det ultimate målet er visseleg folkemord. Eliten vil ha verdas befolkning mykje mindre. Kan der vere nokon tvil om at dette er Djevelens verk?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s