Den utilgjevelege førespurnaden om skamnesti

Av Thomas Buckley. Henta frå hans Substack. Omsett av saksyndig.

Klokka er rundt elleve om føremiddagen. Hjernen er aktiv, men du er ikkje heilt sikker på om du kan opne auga.

Du opplever det Homer Simpson skildra som «dei søte par sekunda før eg hugsar kvifor eg søv på plenen».

Du kjenner deg rundt og sukkar letta over at du framleis er innandørs, opnar sakte eit auge, ser ektemaken din sjå stygt på deg, og alt kjem tilbake. Du hadde for mykje moro i går kveld.

Tankar fer gjennom hovudet ditt – kor mykje gjorde eg…? Det kunne ikkje ha vore so ille, vel…? Eller, vent, kanskje det var den tingen… var det?

Du lukkar auget medan du forblir fullt klar over at foten til ektemaken din trippar illevarslande på soveromsgolvet, og prøver desperat å hugse kva som skjedde kvelden før. Fyrst aktiverer den delen av hjernen som sikrar sjølvopphaldingsdrifta seg, og du overbeviser deg sjølv mellombels om at du faktisk var ganske so kontrollert

Men so grip røyndommen inn og du opnar auga igjen, ser ned, og lurer på korleis den flekken kom på slipset ditt, før du innser at du gjekk til sengs med det. Du finn fram ditt mest fårete glis, ser opp og seier «kjære, eg…» og blir straks avbroten av det mest avskyfylde og skuffa «eg kan ikkje tru deg nokon gonger!» du har høyrt i heile ditt liv.

Dei neste dagane er harde – du forblir litt for tung på foten for å passande liste deg rundt i huset, du jaktar på ein boks med suppe fordi du veit med visse at ektemaken din ikkje kjem til å lage mat i næraste framtid, du hiv nedpå med Ibux, og du lurer på kva som er verre – bakrusen eller den nesten dødelege spenninga som svevar rundt om i huset.

Etter ein dag eller to, byrjar du å jobbe deg tilbake til normalen – lite grann. Du har ikkje eigentleg gjort det før, for det meste, du seier til deg sjølv at det var berre ein fest og – sjølv om du innrømte at du overdreiv – var alle temmeleg fuktige innanbords (du hugsar endeleg den verkeleg politisk ukorrekte spøken naboen din fortalde deg og du veit – du trur – at du ikkje sa noko like ille) og du sver – til deg sjølv fyrst og berre etter at du har pønska på talen i hovudet – til ektemaken din at det vil aldri skje igjen (sjølv om de begge veit at det kjem til å gjere det).

Og so – i eit forsøk på å få deg sjølv fullstendig av kroken for di dårlege åtferd – skriv du ein artikkel for The Atlantic med tittelen «Lat oss erklære ein fyllefest-amnesti».

Og du har den sjølvtilfredse frekkheita til dei som nett har byrja å angre, til å tru «vel, det er over og vi burde aldri diskutere det igjen nokosinne fordi det ville vere uhøfleg av dykk.»

Det er ikkje slik det fungerer.

Det som dr. Emily Oster – som hadde den augehimlande frekkheita til å skrive «Let’s Declare a Pandemic Treaty»-artikkelen – og hennar mange oppskrytte, underutdanna, maktgalne medsamansvorne har gjort dei siste 30 månadene kan ikkje berre godtakast og gløymast.

Det som skjedde under pandemien var openbert meir enn eit eingongstilfelle av fyllerølp. Å dukke djupt ned i barskapet kan ikkje samanliknast med virvelvinden av øydelegging som Covid-reaksjonen forårsaka.

Massivt utdanningsforfall. Økonomisk øydelegging, frå både nedstengingar og no det framhaldande skattemarerittet som plagar nasjonen forårsaka av framhaldande føderal overreaksjon. Den kritiske skaden på utviklinga av barns sosiale ferdigheiter gjennom hyper-maskering med munnbind og skremselspropaganda. Tilinkjegjeringa av folkets tillit til institusjonar på grunn av deira inkompetanse og svikefulle åtferd under pandemien. Den massive eroderinga av borgarrettar. Dei direkte prøvelsane forårsaka av vaksinepåbod, osb. under den falske påstanden om at ein hjelpte naboen. Eksplosjonen av Wall Street-vekst bygt på øydelegginga av Main Street [«hovudgata»]. Den klare splittinga av samfunnet inn i leirar – dei som lett kunne blomstre under pandemien og dei som fekk liva sine fullstendig køyrt i grøfta. Demoniseringa av alle som våga å stille tol og med elementære spørsmål om effektiviteten til responsen, om det so var sjølve vaksinane, stenging av offentlege skular, opphavet til viruset, eller det absurde bak det ubrukelege offentlege teateret som utgjorde mykje av programmet. Sprekkane skapt gjennom heile samfunnet og skaden forårsaka av giljotinerte forhold mellom familie og venner. Baksnakkinga og karrierekaoset opplevd av framtredande ekspertar (sjå Great Barrington-erklæringa) og rett og slett fornuftige og rimelege folk som Jennifer Sey – for å våge å kome med annleis tilnærmingar – slik som å fokusere på dei mest sårbare – som har blitt testa ut med suksess tidlegare.

Og likevel døydde ein million menneske.

Og no spør Oster om alle berre kan vere so snille å gløyme det og gå vidare?

Oster beheldt jobben sin. Oster vart berømt. Pandemien var god for Oster.

Pandemien var òg god for byråkratar, multi-nasjonalistar, sokalla ekspertar, det tankelause media, og Internett-kjeftesmeller. Den var god for woke-vaksne som ønskjer å forbli barn, den var god for det industrielle nasjonaltryggleikskomplekset, den var god å gøyme seg bak, den var god for å utvide samfunnsmakt.

Den var ikkje god for menneske.

Der er andre aspekt å vurdere når ein tek førespurnaden til ettertanke òg.

Fyrst, denne amnesti-ideen var fullstendig føreseieleg, sjølv om eg trudde at den i det minste ville kome med eit ørlite snev av skam.

For det andre, politikken – for demokratane – til førespurnaden er ufatteleg dum. Å plassere pandemiens elende midt i blinken ei veke før mellomvalet er meir enn ein dårleg idé, og blir berre gjort meir utruleg – og fornærmande – ved at det vart gjort med vilje, og i konteksten av å ville ha eit fritak. Den fryktlaust narsissistiske arrogansen til boblefolket kjenner ingen grenser.

For det tredje, når det gjeld «vi visste verkeleg ikkje, men vi meinte det godt, so alt er i orden, ikkje sant?»-aspektet til argumentet, er ei fråstøytande løgn. Oster og hennar muntre gjeng av pandemikarar visste utmerka (i det minste etter dei fyrste månadene) nøyaktig kva som skjedde, nøyaktig tilleggsskaden som vart forårsaka, og dei bestemte seg likevel for å aktivt halde fram med å pushe den falske og øydeleggjande forteljinga bak responsen. Det er særs tydeleg at grunnen for det aggressive uvitet handla heilt og fullt om makt, berømmelse, pengar, sosial kjøpekraft, doble innsatsen til feil slik at ein ikkje treng å innrømme feil, og kjøpe (og glattpolere) sitt eige bilete som frelsarane til nasjonen.

Det kan ikkje bli gløymt at fram til denne augneblinken – bortsett frå Fauci, som på grunn av si dødeleg klønete handtering stod bak framkomsten av AIDS – var 99% av dei som plutseleg, som Oster, vart ekspertar og fekk kome på TV og bli offentleg forguda og gjevne ekte, reell makt for fyrste gong i livet sitt var – utanfor sine snevre felt – fullstendig ukjende. Å stå i sentrum av merksemd og bli lovprist som allmektige kjennest godt ut, og det er ei kjensle du vil gjere alt for å behalde.

Berre den sinnsvridande gesten å be om amnesti viser at ingenting har blitt lært av Oster og hennar likesinna og dei vil, om dei får sjansen, gjere alt saman om igjen nøyaktig slik dei gjorde det denne gongen.

Amnesti er å late som om ingenting skjedde – denne episoden i historia vår må aldri bli gløymt dersom vi skal kunne ivareta nasjonen vår.

Amnesti vil ikkje – kan ikkje – bli gjeve.

Og ver so snill og ikkje spør igjen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s