Av Joshua Young, The Post Millennial. Omsett av saksyndig.
Ein ny artikkel i The Atlantic publisert måndag [31.oktober 2022] med tittelen «Let’s Declare a Pandemic Amnesty» av Emily Oster seier at medlemmer av etablerte media og sokalla «ekspertar» burde bli tilgjevne for å pushe tiltak slik som sosial avstand til alle tider, gå med tøymunnbind utandørs, og drakoniske og vondskapsfulle påbod for skulebarn som fekk USA sine unge til å liggje permanent på etterskot i utdanninga.
På Twitter tek mange av dei som stilte spørsmål ved eller regelrett fordømte alle dei tiltaka i 2020 til motmæle mot Oster på bakgrunn av førespurnaden hennar. Jesse Kelly skreiv: «Ta dine tankar om ‘Covid-amnesti’ og dytt dei opp ein viss plass. Aldri sei noko slikt til meg igjen. Det må kome eit oppgjer. Eg vil ikkje gløyme det. Eg vil ikkje vere på fredelege termar med folk som lét frykta si gjere dei om til undermenneske. Ingen amnesti.»
Libs of TikTok skreiv: «Ikkje faen. Eg vil aldri gløyme kva Demokratane gjorde – korleis dei øydela tusenvis av liv ved å tvinge skular og føretak til å stengje. Folk døydde åleine på sjukehus medan personalet dansa fordi dei forbaud besøkjande, tusenvis miste jobben for å nekte vaksine – lista går vidare og vidare.»
Oster fekk av mange andre passet sitt påskrive når det gjaldt tankane hennar om amnesti.
[Katie Pavlich: Det mest indignerande eg har lese på lenge. De folk øydela liv, fekk folk sparka, sette ein heil generasjon barn tilbake, fremja eit anti-amerikansk passystem for «dei uvaksinerte» som gjorde dei til skurkar, sensurerte, osb. Vi hadde dataa i mai 2020. Desse folka ignorerte dei. Nei.»]
[Tim Pool: Cuomo og dei andre Demokrat-guvernørane som plasserte Covid-pasientar på sjukeheimar burde bli tiltalte for mord.]
Citizen Free Press og andre var raske med å setje fokus på kor fanatisk Oster til tider var om strenge tiltak. [«Dama bak The Atlantic-artikkelen som bad om Covid-amnesti pusha hardt for vaksinepåbod og nedstengingar.»]
Oster, som på Twitter påstår at ho er «uapologetisk datadriven», skreiv korleis eit av barna hennar skreik «sosial avstand!» til ein framand på høgda av pandemien, medan ho og familien gjekk på tur ute, der dei pusta gjennom heimelaga tøymunnbind. Den datadrivne orsakinga for åtferda hennar: «Vi visste ikkje.»
Men vi visste. I februar 2020: «Folk spring i veg for å kjøpe munnbind oppi koronavirusutbrotet, men dei vil truleg ikkje beskytte deg mot sjukdom,» vart publisert i Business Insider. Mange nyheitsformidlarar genererte liknande stoff, og til og med dr. Fauci var mot munnbind før han ombestemte seg, og deretter ombestemte han seg endå ein gong i år.
Megan Basham skreiv: «Dette er staden du går når du innser at du ikkje har noko forsvar igjen.»
Når det gjeld Oster, utover at ho manglar elementær kunnskap om aerosol-partiklar som ein kan lære om i naturfag på ungdomsskulen, nekta ho tilsynelatande å ta ei heuristisk tilnærming til viruset, som inkluderte hennar tankar om skular.
«Der er ein framveksande (om ikkje universell) konsensus om at skular i USA var stengde altfor lenge,» skriv ho.
«Dei siste tala relatert til læringstap er alarmerande. Men våren og sommaren 2020 hadde vi berre brotstykke av informasjon,» legg ho til, feilaktig. Som tidsskriftet BMJ skreiv sommaren 2020, var barn verken superspreiarar eller spesielt sårbare til dei skadelege effektane av sjukdommen, sjølv om dei fekk den. Oster påstår seinare at ho var ein forkjempar for at skular skulle opne oppatt tidlegare enn fleste av hennar likemenn, men ho spesifiserer ikkje nøyaktig når.
Oster tiggar om amnesti på grunn av ein myriade av ukloke avgjerder som ho og mange teknokratar gjorde, men seier: «dei fleste feil vart gjort av folk som jobba i god tru for samfunnets beste.»
Dette nivået av hybris avslører heile korrupsjonen til eliteklassen, sidan overbevisninga om at ho og andre gjorde det «for samfunnets beste» ikkje klargjer kvifor ho eller nokon andre som bestemte at Covid-protokollar skulle vere autoritetar innan det felles beste, og deretter pushe dette «beste» ned halsen på landet, som resulterte i ein kataklysme for skular, samfunnsharmonien og økonomien.
«Økonomen @ProfEmilyOster vil ha oss vil å gå vidare frå Covid-debattar. Men økonomar har aldri hatt nokon Covid-debattar! I mars 2020 kom leiande økonomar fram til ein falsk konsensus om at nedstengingar var ein gratis lunsj. Dissidentar vart utfryste som ‘kjeltringar’ som burde ‘skjemmast’», skreiv ein økonom.
Oster sin artikkel avslører eit djupare, særs vondsinna problem i vår kultur. Ho seier sjølv at ho er «datadriven», men hennar eigne ord avslører ei serie avgjerder som fullstendig manglar logikk og sunn fornuft. Datavitskap er ei utvekst av kalkulus og lit tungt på prinsippet av «fuzzy logic». Dette prinsippet gjer reie for korleis manipulasjon av data og statistikk ofte har vage grenser sidan arbeidet blir unnfanga utan ein konstant der ein kan ta utgangspunkt i eller samanlikne konklusjonar. Med andre ord er datavitskap meir i same felt som astrologi, ein prosess som kan bruke fakta til å trekkje konklusjonar fullstendig tomme for sanning for å støtte ein agenda eller eit mål.
Oster gjentek i det keisame at der var for mykje «uvisse» til å opponere mot ovanfrå-og-ned-påbod frå Anthony Fauci og liknande, som kom med løgner som kan få konsekvensar for dei i nær framtid. Senator Rand Paul, som vart sensurert i 2021 for å seie at tøymunnbind var ineffektive, har lovd å halde Fauci ansvarleg.
Den profesjonelle doxxaren Taylor Lorenz ber på den andre sida ikkje om tilgjeving; i staden lover ho å oppattforme verda etter kva ho finn for godt, éi Twitter-melding om gongen.
«Eg er so lei av folk som organiserer innandørs, maskelause hendingar med, liksom, null covid-tryggleik føre-var-tiltak som bruker uføre/sjuke familiemedlemmer eller venner til å, liksom, fråskrive seg ansvar for å halde gjester og arbeidarar trygge. Dersom min familie gjorde dette, liksom, ville eg bli fly forbanna,» skriv Lorenz.
Lorenz la til: «Eg er temmeleg open her om å, liksom, vere alvorleg immunkompromittert, dersom du, liksom, inviterer meg til ei innandørs hending med sjuuukt mykje folk med, liksom, NULL føre-var, kjem eg til å kjefte på deg for det. Ikkje alle medisinsk sårbare folk har plattforma som eg har, liksom, eller evna til å, liksom, seie nei til dumme pressehendingar og konvensjonar.»