Av Jordan Schachtel. Henta frå hans Substack. Omsett av saksyndig.
Berre nokre veker før byrjinga på covid-manien, samla nokre av dei galnadte, maktkåte kreftene på planeten seg for å spele krigsrollespel om eit fiktivt koronavirus-utbrot som vart overført frå eit dyrereservat til menneske med «ingen moglegheiter for at ein vaksine vart tilgjengeleg det fyrste året», og der dei åtvara om ein «liknande pandemi i framtida».
Simuleringa, kalla Event 201, fann stad i New York by 18.oktober 2019 via Johns Hopkins Center for Health Security. Organisatorane samla påverknadskraftige «folkehelseekspertar», saman med leiande regjeringstilsette frå rundt om i verda, og sytte føre at rikeleg med etablerte media var til stade. Simuleringa sin vellaga videopakke vart førebudd av Interface Media Group, som har arbeidd på prosjekt for CNN, PBS og HBO, med ein serie fragment frå eit fiktivt GNN-nettverk, komplett med snakkehovud som diskuterer den katastrofale pandemien.
Mest verdt å leggje merke til er at Event 201 vart organisert av Bill and Melinda Gates Foundation og World Economic Forum.
I simuleringa resulterte denne koronaviruspandemien i eit dødstal på 65 millionar menneske, som gjorde den til den dødelegaste pandemien i historia – til og med verre enn Spanskesjuka i 1918.
Dei 15 deltakarane i Event 201-simuleringa inkluderte ein interessant gjeng:
- George Gao, direktøren i det kinesiske CDC
- Hasti Taghi, visepresident for NBC
- Avril Haines, tidlegare visedirektør for Central Intelligence Agency [CIA]
- Chris Elias, ein direktør i Bill and Melinda Gates Foundation
- Timothy Grant Evans, ein tidlegare tilsett i Verdas helseorganisasjon og Rockefeller-stiftinga
- Lavan Thiru, direktør i Monetary Authority [«pengeautoritete»] i Singapore
- Adrian Thomas, visepresident i Johnson & Johnson
- Brad Connett, presidenten i Henry Schein, inc., ein større distributør av helseomsorgsprodukt
- Jane Halton, ein leiar i Australia sin nest-største bank
- Stephen Redd, ein leiande tilsett i CDC
- Sofia Borges, ein leiande tilsett i FN
- Eduardo Martinez, ein seniorleiar i UPS
- Matthew Harrington, Chief Operating Officer i Edelman, eit marknads- og PR-firma
- Martin Knuchel, seniordirektør i Lufthansa
- Latoya D. Abbott, ein seniortilsett i Marriott International
Av dei 15 spelarane arbeidde 13 i dei øvste laga av private organisasjonar eller statlege byrå som nesten straks ville vere vitne til ein eksponentiell pengegevinst eller den formidable tiltrekkinga av politisk makt.
I The Real Anthony Fauci, demonstrerer forfattar Robert F. Kennedy Jr at fleire av desse personane allereie kan ha vore klare over rykta som omringa eit utbrot i Kina, spesielt direktøren for det kinesiske CDC.
På grunn av vedvarande offentleg interesse for opphavet til «krigsspel-simuleringa» som var Event 201, har The Dossier lansert eit forsøk på etterforsking rundt hendinga. Vi vil byrje med å etterforske planlegginga og det umiddelbare etterspelet til Event 201, sidan dette vil gje spor om motiva og intensjonane til organisatorane.
Ved å etterforske det sosiale medieslarvet som skjedde på dagen for Event 201, avdekte The Dossier eit betydeleg, urapportert innlegg på sosiale media frå organiseringsorganet som kan tolkast som ein referanse til den komande pandemien. I den andre Twitter-meldinga av denne todels-tråden, refererer Hopkins Center til «måtar å førebu seg på ein liknande pandemi» slik som deira pandemi-simulering «i framtida».
Naturlegvis seier det seg sjølv at Gates Foundation og World Economic Forum (WEF), sponsorane til Event 201, var to av dei mest framtredande pandemi-politikkskaparane dei siste tre åra.
Gjennom sin kontroll og finansiering av kritiske «folkehelse»-nettverk i USA, tok Gates-nettverket raskt monopol over Covid-19-responsen i USA.
World Economic Forum, for sin del, vart enormt påverknadskraftig i å pønske ut og annonsere for «Great Reset» og «Build Back Better»-forteljingane som ville rettferdiggjere massive statlege makttjuveri under påskot av å reise seg igjen frå ein pandemi. Under pandemi-æraen har WEF fungert som ein spreiar av forteljingar og idear for den globale herskarklassen.
Informasjon distribuert av organisatorar i forkant av Event 201, viser at det ikkje nøyaktig kan bli kategorisert som ei simulering, fordi konklusjonen allereie hadde blitt avgjort før hendinga fann stad.
I dagane som leia opp til dei mektige aktørane si samling i New York by, gjorde organisatorar frå WEF og Gates Foundation det allereie klart at dette ikkje var ei frittflytande øving, men ei hending spesifikt konstruert til å få dei som tek avgjerder til å gå til handling.
15.oktober 2019, tre dagar før Event 201, sendte WEF ut ei pressemelding der dei lista opp måla sine.
«Vi er i ein ny æra for epidemisk risiko, der essensielt offentleg-privat samarbeid forblir utfordra, trass at det er naudsynt for å mildne risiko og påverknad,» sa Arnaud Bernaert, Head of Shaping the Future of Health and Health Care at the World Ecnomic Forum (og vi diktar ikkje den tittelen opp). «No er tida inne for å skalere opp samarbeid mellom nasjonale regjeringar, internasjonale nøkkelinstitusjonar og kritiske industriar, for å forsterke global kapasitet for beredskap og respons.»
Når WEF refererer til «offentleg-privat samarbeid», meiner dei eigentleg at regjeringar må velje privat makt inn i ein teknokratisk elite for å føre fram meir sentralisert autoritet. Desse prinsippa blir gjort tydelege i bøkene publisert av WEF-president Klaus Schwab, slik som Covid19: The Great Reset og The Fourth Industrial Revolution.
Chris Elias, presidenten i global utvikling i Gates Foundation, la til:
«Vi lever i ei stadig meir samanknytt verd, og vi må hjelpe alle FN-medlemsstatar synkronisere seg med internasjonale helseretningslinjer og vere førebudde på å hindre, fange opp og respondere på akutte utbrot. Dersom vi mislykkast i å gjere det, vil verda ikkje vere førebudd på den neste pandemien.»
Berre nokre dagar seinare offentleggjorde Hopkins-senteret Global Health Security Index, eit prosjekt som var leia av tidlegare energiminister i Obama-administrasjonen, Ernest Moniz; det vart delvis finansiert av Bill and Melinda Gates Foundation.
Etter «simuleringa» publiserte organisatorane ei liste av sju omfattande tilrådingar, som The Dossier har gjort tilgjengelege for nedlasting [sjå originalartikkelen for fila; oms.an.].
Dei kjende «tilrådingane» inkluderte WEF-Gates-forkjempartemaa sentralisering av makt, stilne dissens (som organisatorane refererer til som «feilinformasjon» og «desinformasjon») og velje inn privat og offentleg makt.
Dokumentet demonstrerer tydeleg at Event 201 ikkje på nokon måte var ei open «pandemiplanleggingsøving» eller til og med ei krigsspelhending, og der er no indikasjonar på at partane til hendinga kan ha hatt kunnskap om ei komande global oppskaking.
Dette er berre byrjinga på The Dossier si etterforsking rundt Event 201. Var WEF-Gates-produksjonen berre eit ulasteleg taima samantreff, eller gøymer desse mektige partane til Event 201-affæren sanninga frå folket?