Valfuskforskarane bak «2000 Mules» er fengsla av føderal dommar for å nekte å avsløre varslar

Av Shane Trejo, Big League Politics. Omsett av saksyndig.

True the Vote-grunnleggjarane Catherine Engelbrecht og Gregg Phillips har blitt fengsla for ringeakt [forakt for retten] fordi dei nekta å avsløre identiteten til ein varslar, som er kalla ein «person av interesse» i ei ærekrenkings- og datainnbrotssak mot valfuskforskarane.

Engelbrecht og Phillips ønskte ikkje å avsløre identiteten til varslaren fordi ei slik avsløring potensielt ville setje vedkomande i fare for narkotikakartell. Retten krev at dei avslører kjelda si, setje truverda si på spel og underminere livsverket sitt. Dei nekta, og vart sette i fengsel etter ordre frå distriktsdommaren Kenneth Hoyt som eit resultat av det.

Dette har sitt opphav i eit søksmål begjært av Konnech, eit programvareselskap som har med val å gjere. Dei hevda at organisasjonen sin adm.dir., Eugene Yu, mottok trugslar og fekk skadd sitt profesjonelle namn og rykte på grunn av True the Vote sine påstandar.

Yu vart arrestert i delstaten Michigan tidlegare denne månaden [oktober 2022], mistenkt for å stele personsidentifiserande informasjon via firmaet sitt og sende den til kommunist-Kina. Likevel vart Engelbrecht og Phillips framleis fengsla som eit resultat av denne latterlege saka – slik eit Sovjet-liknande rettssystem blir teke i bruk mot tilhengjarar av valintegritet.

Forskinga frå Engelbrecht og Phillips har blitt brukt i den populære dokumentaren «2000 Mules», som er det kraftigaste beviset på fusk under presidentvalet i 2020 som har blitt offentleggjort, som Big League Politics har rapportert:

«Ein diskusjon på onsdag gjer scena klar for ein nasjonal debatt som er sterkt forseinka, relatert til presidentvalet i 2020. Intervjuet, som inkluderte Gateway Pundit[-grunnleggjar] Jim Hoft; 100 Percent Fed Up sin Patty McMurray, og to medlemmer frå etterforskingsteamet for den komande Dinesh D-Souza-dokumentaren «2000 Mules», Gregg Phillips og Catherine Engelbrecht. Gruppa snakka om den særs etterlengta dokumentaren, latterleg openberr irregularitet under 2020-presidentvalet, og forbløffande bilete av særs lyssky aktivitet gjort av det som ser ut som røystesetel-innsamlarar som tek del i eit koordinert åtak mot det amerikanske statsstyret.

Klippet som vart vist under intervjuet er eit sjokkerande tillegg til den allereie digre bunken av bevismateriale for dei mange koordinerte åtaka mot dåverande president Donald Trump i 2020.

Engelbrecht, grunnleggjar og president i True the Vote, snakka om opphavet til filmen, og forklarte at ‘vi starta etterforskinga vår, verkeleg, den starta då vi opna opp valintegritets-telefonlinja vår,’ og sa at samtalane dei tok imot frå bekymra borgarar hadde eit merkbart mønster, og gav dei spor om kva dei måtte setje fokus på for å kunne avdekkje kva som skjedde.

Ho snakka deretter om å prøve å lage ein strategi over korleis ho og teamet hennar kunne bli i stand til å få informasjonen ut til det amerikanske folket, og hennar frustrasjonar over at statlege tenestepersonar ikkje gjekk til handling basert på bevismaterialet som hadde blitt samla. Ho hugsa at ho tenkte på den historiske tydinga til omstenda rundt 2020-valkampen, og sa til seg sjølv at ‘valet var fiksa og stole’, og lurte på korleis dei skulle slå alarm.

Gregg Phillips, styremedlem i True the Vote og tidlegare visekommisjonær i Health and Human Services i delstaten Texas, snakka om sine frustrasjonar under etterforskinga av valfusk i delstaten Georgia, og sette fokus på nederlaga og feigheita til guvernør Kemp og likesæla han opplevde då han prøvde å få politiet si merksemd rundt bevismaterialet han hadde samla. Han påstod at han møtte etterforskarar og presenterte funna sine til dei, men at ikkje nokon tenestepersonar der gjekk til handling.»

Å snakke ut offentleg om valfusk krev at ein betaler ein høg pris, noko som er grunnen til at mange er redde for å snakke ut. USA er under åket til bibelske nivå av korrupsjon. Måtte Gud slå ned desse vonde interessene som plagar landet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s