Dei øydelegg Storbritannia med vilje – vil zombiane nokosinne vakne?

Av dr. Vernon Coleman. Henta frå The Exposé. Omsett av saksyndig.

Tilbake i juli skreiv eg at dersom den avskyelege Rishi Sunak vart statsminister, ville vi vere fortapte for alltid. Eg skreiv at eg trudde Storbritannia ville bli soge inn i Great Reset i ein ofseleg fart. Og eg sa at Sunak var den dødelegaste og farlegaste av den lugubre gjengen som konkurrerer om leiarskapen for Tory-partiet [det konservative partiet; om.an.], og difor nasjonen.

No er Sunak statsminister – sjølv om han fekk støtta til berre halvparten av dei konservative parlamentsmedlemmene, var han ikkje favorittkandidaten til dei konservative partimedlemmene og han var ikkje valt til den posisjonen av det britiske elektoratet. Korleis i helvete kunne det skje? Trur du eg er paranoid når eg mistenkjer at det heile var rigga slik at Goldman Sachs/WEF-kandidaten skulle vinne?

Sunak si merittliste er avskyeleg. Han sa at han ikkje ville auke skattane. Deretter auka han skattane. Han sløste vekk 11 milliardar pund av skattebetalarane sine pengar ved å betale for mykje rente på Storbritannia si gjeld. Han sa at han ikkje hadde brote nokon nedstengingslover. Men han vart bøtelagt av politiet for å bryte nedstengingslover. Politiet sa at dei som braut nedstengingslovene risikerte å få det på rullebladet. Tydar det at vår nye statsminister er ein kriminell?

Politikarar brukte å vere advokatar fordi advokatar brukte å vere dei mest nådelause løgnhalsane i kvart eit samfunn. I dag var mange politikarar bankierar. Kan det kome av det at bankierar er endå meir nådelause og endå større løgnhalsar?

Sunak heldt seg med Johnson gjennom månader med kaos og avskyeleg åtferd. Han forlét berre skuta når det vart uunngåeleg at Johnson måtte gå. Han gjekk av for å redde sitt eige skinn. Innan nokre timar vart Sunak promotert med ein glorete video.

Sunak, som var head boy på skulen, er ein tidlegare tilsett i Goldman Sachs – «vampyrakkaren som syg seg fast rundt menneskeheita sitt ansikt» og etter mitt syn den mest korrupte, vondaste banken i verdshistoria. Sjekk ut merittlista deira. Og sjekk deretter ut kor mange andre offentlege figurar som brukte å arbeide der. Goldman Sachs-alumni ser stundom ut til å kontrollere verda.

Sunak hadde eit grønt kort medan han budde i Downing Street [statsministerbustaden i London; oms.an.] – og det grøne kortet erklærte han å vere permanent innbyggjar i USA. Sunaks kone betalte minimalt med skatt til Storbritannia.

Selskapet som Sunak er knytt til heldt fram med å handle med Russland, medan andre selskap vart tvinga til å avslutte partnarskapen.

Og som eg avslørte i juli, har selskapet til Sunaks svigerfar, Infosys, nære band til Schwab sitt World Economic Forum. Infosys er skildra som ein global leiar i neste-generasjons digitale tenester – «og lèt kundar i 46 land navigere deira digitale transformasjon».

For dykk og meg tydar det sosialkreditt.

Vi kunne like gjerne hatt Klaus Schwab frå WEF som statsminister. I det minste ville vi då ikkje hadde måtte halde ut den alltid tilstadeverande og på ingen måte overbevisande framsyninga av tanngard. Vi har fått ein statsminister som har det tomme, tilgjorde gliset av ein finalist i eit dårleg reality-show.

Sunak vil køyre Storbritannia djupt inn i The Great Reset – og ta håpet vårt og menneskeheita vår med seg.

Berre Gud kan hjelpe oss no.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s