Twitters nye adm.dir. Elon Musk vurderer å trekkje tilbake livstidsutestenging for fleire, inkludert Trump

Av JD Heyes, Natural News. Omsett av saksyndig.

Det tok ikkje lenge før milliardæren Elon Musk vart varm i trøya som den nye adm.dir. i Twitter, no når avtalen om oppkjøp er fullført.

På fyrste dagen til grunnleggjaren av Tesla og SpaceX, sparka han den no tidlegare adm.dir. og kvitta seg med andre høgtrangerte tilsette som var ansvarlege for å utestengje dåverande president Donald Trump og blokkere avsløringar om korrupsjonen til Hunter Biden.

The Wall Street Journal rapporterer:

«Mister Musk sparka Chief Executive Parag Agrawal og Chief Financial Officer Ned Segal etter at avtalen var i hamn, sa folket. Talspersonar for Twitter kommenterte ikkje det.

Det var ikkje med éin gong tydeleg kven som ville fylle desse toppstillingane. CNBC rapporterte tidlegare om oppseiingane.

Mister Musk sparka òg Vijaya Gadde, Twitter sin jus- og policy-leiar, og Sean Edget, leiande rådgjevar.»

Ikkje lenge etter den rapporten skreiv Bloomberg News at der er fleire som har blitt utestengde frå plattforma, inkludert folkevalde som no kan bli sleppt inn igjen. Blant dei: Tidlegare president Donald Trump, republikanaren Marjorie Taylor Greene frå delstaten Georgia, Laura Loomer, Project Veritas-grunnleggjar James O’Keefe, Steve Bannon, Alex Jones og Milo Yiannopoulos.

«Personen som har kjennskap til Musk si gjenoppretting av kontoar seier det er uklart om Trump vil få lov å vende tilbake til Twitter,» sa Bloomberg News.

Tidlegare i år og kort tid etter at nyheita kom om at han var interessert i å kjøpe Twitter, sa Musk at Trump aldri skulle ha blitt utestengt til å byrje med.

«Det var ikkje riktig å stengje ute Donald Trump,» sa han i mai, ifølgje Conservative Brief. «Eg trur det var ein feil, fordi det framandgjorde ein stor del av landet og førde ikkje til slutt til at Donald Trump ikkje hadde ei stemme.»

«Han kjem no til å vere på Truth Social, i likskap med ein stor del av høgresida i USA. So, eg trur dette kan ende opp med å bli – for å vere ærleg – verre enn å ha eitt enkelt forum der alle kan debattere,» sa han.

«Eg vil trekkje tilbake utestenginga frå Twitter. Openbert eig eg ikkje Twitter enno [sagt i mai 2022; oms.an.], so dette er ikkje noko som definitivt vil skje,» sa han.

Musk sin avtale om å kjøpe Twitter var definitivt ei fram og tilbake-greie etter at han kom med sitt fyrste bod på 44 milliardar dollar no i vår. Det som gjorde at han vegra seg for å gå vidare hadde å gjere med bekymringa hans for at Twitter ikkje var ærlege om det store talet botar og spam-kontoar på plattforma, spesielt etter at eit par ekspertar gjorde sine eigne analysar.

Ifølgje leiande cybertryggleiksekspert Dan Woods, som tidlegare jobba for FBI og CIA, er so mange som 80% av Twitter-kontoane botar, rapporterte The Australian tidleg sist månad [1.september 2022].

«Det høyrest visst høgare ut enn 5%!» skreiv Musk – som no kallar seg «Chief Twit» – på plattforma som respons på funna til Woods.

«Meir enn 80% av Twitter-kontoane er sannsynlegvis botar, ifølgje tidlegare CIA og FBI cybertryggleiksspesialist Dan Woods, som laga ein falsk profil og raskt fekk seg meir enn 100 000 falske følgjarar på éi helg ved å kjøpe dei på det mørke nettet,» rapporterte nyheitsformidlaren.

«Eg er ikkje ein programmerar, men eg såg YouTube, og på ei helg skreiv eg eit script som automatisk lagar kontoar på Twitter utan å møte på nokon hindringar,» fortalde han formidlaren.

«Der er eit enormt behov (for botar), der er ein marknadsplass som tener det behovet, og dersom eg kan skrive ein bot som skaper kontoar på Twitter – og eg er ikkje eingong ein programmerar – førestill dykk kva ein sofistikert programmerar kan gjere,» heldt han fram.

«Twitter vil ikkje (at talet på botar) skal vere so høgt, so dei hiv seg rundt og stengjer ned somme kontoar,» la Woods til.

«Eg seier ikkje at dei lyg, men vi har verkeleg studert desse kontoane og kome fram til konklusjonen at der er langt fleire falske kontoar enn Twitter vil ut med,» sa han vidare.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s