Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.
Nok ein leken video (Saksyndig si omsetjing her) har dukka opp for å vise at World Economic Forum (WEF), leia av den berykta globalist-bossen Klaus Schwab, planlegg å sleppe laus massefolkemord som utløysaren for deira lovde «Great Reset».
Yuval Noah Harari, som blir skildra som Schwab si «høgre hand», er for tida på ein promoteringsturné for å prakke på folk ei ny bok som han visstnok skreiv. Det manuskriptet stiller spørsmål slik som: Kva skal vi med so mange menneske?
No når globalistane har oppnådd so godt som total kontroll over nesten alt, verkar dei klare til å tynne ut flokken av menneskeslavar. Det byrja i denne siste bolken med Wuhan koronavirus (Covid-19)-plandemien, følgt av Russland sin invasjon av Ukraina.
Vi har òg rekordhøg inflasjon, brot i forsyningskjeden, matmangel, øydelegging av avlingar og annan økonomisk ustabilitet – alle desse virvlar saman i ein perfekt storm av sjokk og ærefrykt.
Harari si nyaste lekne ytring, som refererer til ikkje-globalistar som «vanlege folk» som ein fint kan kvitte seg med, avslører ei djuptliggjande haldning av sjølvoppfatta overlegenheit og globalistisk overherredømme.
Harari seier at vanlege folk under han har rett til å frykte framtida fordi liva deira kan ta slutt når som helst. Og det vil ikkje vere store tapet, seier han, fordi ikkje-globalistar er «overflødige».
«Vi treng rett og slett ikkje det store fleirtalet av dykk,» seier israelsk globalist
I ei framtid styrt av «smarte folk», sa Harari vidare, vil vanlege folk naturlegvis oppleve auka kjensler av angst og ei frykt over å bli forlatne. Og han har teknisk sett rett: dei som nektar å gå om bord i Kristi ark vil faktisk bli forlatne i Harari sin globalist-dystopi.
«Vi treng rett og slett ikkje det store fleirtalet av dykk,» sa Harari høgt og tydeleg utan skam, i den tru at han sjølv er uovervinneleg.
Som vi tidlegare har rapportert, innrømte Harari – ein israelsk historikar og professor ved det hebraiske universitetet i Jerusalem – openlyst at han og resten av hans globalist-kabal slepper laus transhumanisme som sin eigen personlege «teknologiske Noas ark» – noko som tydar at dei trur løgna om at det å tukle med DNA-et sitt og genetiske kodar på eit eller anna vis vil gje dei evig liv medan resten av oss anten blir eliminert eller gjort om til deira permanente slavar.
Å snakke om slikt brukte å bli håna og kalla konspirasjonsteoriar, men no høyrer vi planane kome rett frå kjeften på globalistane sjølve – i full offentlegheit utan skam.
Ein tilsett i Rockefeller-stiftinga, Alan Gregg, er ein annan frittalande globalist som nyleg erklærte at verda har kreft og at den krefta er menneskeheita – ekskludert seg sjølv, naturlegvis.
Prins Phillip, ektemannen til avdøde dronning Elizabeth, trudde på liknande vis at menneskeheita er ein kreft som han ønskte at han kunne utrydde ved å døy og kome tilbake som eit drapsvirus.
Dei no øydelagde Georgia Guidestones avslørte at globalist-planen for deira førestilte «New World Order» involverer å redusere den noverande befolkninga i verda frå rundt åtte milliardar (det noverande nummeret) til berre 500 millionar.
Den tidlegare presidenten Bill Clinton, utan at folk flest visste om det, signerte ein sokalla «biomangfald»-traktat under sitt embete som inneheld eit eksplisitt erklært mål om å redusere verdas befolkning til ein milliard – i det minste til å byrje med.
På «grasrotnivået» har globalistane gjort ein eksepsjonell jobb med å programmere millionar av vestlege til å støtte massefolkemord gjennom abort og til og med drap på spedbarn, der sistnemnde inneber å myrde eit barn etter han eller ho allereie har forlate mors liv.
«George Orwell åtvara oss om desse tidene,» skriv Baxter Dmitry for Newspunch. «Han sa at dei ville overbevise oss om at krig er fred. Han hadde so altfor rett.»