Vondsinna WEF-leiar teken i å planleggje «masseutryddingshending» med sin indre sirkel

Av Baxter Dmitry, Newspunch. Omsett av saksyndig.

Nok ei veke, nok ein leken video frå World Economic Forum der Klaus Schwab sine rådgjevarar kvardagsleg diskuterer sine planar om å avfolke verda.

Ifølgje desse to WEF-lakeiane, står alle religiøse grupper i opposisjon til World Economic Forum fordi religionar vil ha «fleire sjeler» og WEF «vil ha mindre på planeten».

På kva punkt stoppar vi og seier «no er det nok»? Kor mange gonger må WEF erklære sine nifse intensjonar før verda stoppar opp og høyrer etter?

Klaus Schwab si høgre hand, Yuval Noah Harari, som er kjent for å seie den stille delen høgt, innrømte sist veke det som mange lenge har mistenkt. Ifølgje Harari, som promoterte si nye bok, er det store politiske spørsmålet i det 21.hundreåret: «Kva skal vi med so mange menneske?»

Og det er ikkje eingong fyrste gong Yuval Noah Harari har forsnakka seg når det gjeld planane deira for menneskeheita. Nyleg erklærte han at WEF ser på størstedelen av befolkninga som avleggs, ubrukelege og til overs.

Ifølgje Harari har sokalla «vanlege folk» rett til å frykte ei framtid der dei vil bli gjort «overflødige».

WEF-rådgjevaren vurderte den utbreidde angsten blant «vanlege folk» som å ha rot i frykta for å «bli forlatne» i ei framtid styrt av «smarte menneske».

Slik frykt er rettferdiggjort, ifølgje Harari, som snakka på vegner av elitane og bekrefta «vi treng rett og slett ikkje det store fleirtalet av dykk».

Harari sine kommentarar er djupt urovekkjande fordi når dei er plassert i kontekst med kommentarar frå andre WEF-rådgjevarar og tilknytte personar som Bill Gates, blir det tydeleg at dei har uførleggjering og avfolking i sinne.

Og FN jobbar tett med WEF. Christiana Figueres sleppte katten ut av sekken når det gjeld planane til eliten.

Alan Gregg, ein tilsett i Rockefeller-stiftinga, sa at verda har kreft og at menneske er kreften. Prins Phillip, ektemannen til avdøde dronning Elizabeth, sa at dersom han kunne bli reinkarnert, ønskte han å vende tilbake til jorda som eit drapsvirus for å lågne folketalet. Triveleg kar, denne Phillip.

Jacques Cousteau sa at vi måtte eliminere 350 000 menneske per dag. Mediemogulen Ted Turner sa at vi trong ein 95% reduksjon av befolkninga. Okay, Ted, du får gå fyrst. Desse fyrane i Den nye verdsordenen ønskjer å redusere befolkninga i verda frå det noverande 7 milliardar til ein halv milliard.

Charles Wurster i Environmental Defense Fund sa at menneske er årsaka til alle problem, og at vi må bli kvitt somme av dei. Bill Clinton skreiv under på Biomangfaldstraktaten [Bio Diversity Treaty] som sa at vi måtte redusere verdas befolkning til éin milliard.

Peter Singer, ein påverknadskraftig Princeton-professor som underviser barna dine, ønskjer å utføre abortar etter at babyen er fødd. Du har 28 dagar på å bestemme deg for om du ønskjer å behalde barnet. Han sa at kristendommen er vår fiende; dersom dyrerettsrørsla skal lykkast, må vi øydeleggje den jødisk-kristne religiøse tradisjonen. Openbert har dyr fleire rettar enn menneske.

Kanskje det er grunnen til at dei som styrer promoterer abortfestar.

Og kanskje det er grunnen til at sprøytene forårsakar massedødsfall. Men de vil aldri høyre om det i hovudstraumsmedia, fordi dei er kjøpt og betalte av Pfizer.

Og kanskje det er difor dei fremjar fedme; sist nokon sjekka, fører det til diabetes og ei tidleg grav. Kroppspositivitetsrørsla fremjar sjukeleg overvektige kroppar som sunne, og blir pressa hardt av hovudstraumsmedia, der det blir skapt nye kjendisar for å hjernevaske barna.

Kanskje det er grunnen til at ein insulinfabrikk vart sprengt i lufta i grevens tid for å skape insulinmangel når ein treng det som aller mest.

Naturlegvis har hovudstraumen blitt leia inn i massdanningspsykose, og dei vil nekte å høyre på deg om du prøver å snakke fornuft til dei om nokon av desse problema. Ifølgje hovudstraumen i 2020, er sjukeleg overvekt sunt. Vaksinane får ikkje folk til å liggje steindaude med buken i vêret. Og abort er kjærleik.

George Orwell åtvara oss om desse tidene. Han sa at dei ville overbevise oss om at krig er fred. Han hadde jammen rett.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s