Av Belle Carter, Natural News. Omsett av saksyndig.
Nesten ein million innbyggjarar i Zhongyuan-distriktet i Zhengzhou i Kina fekk ordre om å halde seg heime frå og med måndag 17.oktober, i eit forsøk på å stoppe ei nyleg «bølgje» av Wuhan koronavirus (Covid-19)-infeksjonar.
Zhongyuan er ein av dei mest folkerike distrikta i Zhengzhou, hovudstaden og den største byen i Henan-provinsen. Zhengzhou rapporterte seks nye Covid-19-tilfelle sundag 16.oktober, som er ein nedgang frå ein nyleg topp på 40 9.oktober. I heile Kina gjekk rapporterte tilfelle ned til 697, det lågaste på to veker.
Innbyggjarar får ikkje gå ut med mindre dei skal gjennomgå Covid-19-testing, og ikkje-essensielle føretak har blitt stengde, i følgje ei melding frå styresmaktene.
I Shanghai, der 32 nye tilfelle vart rapportert, har enkelte skular gått vekk frå fysisk oppmøte i klasserom. Underhaldningsstader slik som kinoar og barar har mellombels stengt ned i minst fem distrikt. Enkelte nabolag er òg underlagt strenge folkehelsemandat. I visse område har individuelle område blitt barrikaderte med grøne gjerde.
President Xi Jinping antyda under Partikongressen i Beijing sundag at det ikkje er endring i sikte når det gjeld landet sin null-Covid-politikk, og sa at «strenge reglar beskyttar menneskeliv».
Observatørar la merke til korleis Xi såg ut til å med vilje unngå å nemne korleis nedstengingar har påverka økonomien, spesielt sidan investorar har håpt at dei vil lette opp folkehelsemandata. Nedstengingane har «kosta aksjonærane mykje», forstyrra forsyningskjeden til industriar slik som bilar, telefonar og til og med juletre.
Kinesiske borgarar blir òg frustrerte over Det kinesiske kommunistpartiet (CCP) sin autoritære politikk. Ei 34 år gammal dame frå Beijing fortalde Al Jazeera at styresmaktene har bede ho gå med eit elektronisk overvakingsarmband heile tida, som del av regimet sin kamp mot pandemien.
«Eg har aldri gått med det,» sa ho. «Eg har akseptert nedstengingar, påtvinga Covid-19-testar og helseretningslinjer, men denne greia kjennest ut som overvaking berre for overvakinga sin del. Eg er redd for at Covid-19-strategien byrjar å dreie seg om kontroll av det kinesiske folket i staden for å bekjempe Covid-19.»
CCP sensurerer sitt eige folk og kontrollerer forteljinga for å skape illusjon av økonomisk vekst
CCP såg òg på det som viktig å sensurere konstituentane sine og kontrollere forteljinga, dette for å skape ein illusjon av at Kina har ein blomstrande økonomi.
Til dømes la kommunistnasjonen nyleg føringar på orda «Beijing» og «bru» på sosiale medieplattformer slik som Weibo etter at to bannerar som kritiserte Xi og hans null-Covid-politikk vart hengt opp på ei bru i Beijing. Ein banner hadde orda: «Vi vi ha mat, ikkje PCR-testar. Vi vil ha fridom, ikkje nedstengingar og kontroll.»
Ved å ha djup påverknadskraft på hovudstraums- og sosiale media, kan CCP enkelt kontrollere forteljinga.
Alfred Wu, viseprofessor ved Lee Kuan Yew School of Public Policy, sa at Xi no prøver å avleie grunnlaget for sin legitimitet frå økonomisk vekst til tryggleik.
«Forteljinga hans er: Kina står overfor mange farer, landet er i ein krigsliknande tilstand, i overført tyding, og han er frelsaren. Med denne forteljinga kan han få folk til å sameinast rundt seg,» sa Wu.
I sin fulle arbeidsrapport bruker Xi ordet «tryggleik» [«security» eller «safety»] 89 gonger, opp frå 55 gonger i 2017, ifølgje Reuters. Bruken hans av ordet «reform» gjekk ned til 48 frå 68 gonger i forhold til fem år tidlegare.
Xi (69) er høgst forventa å vinne ein tredje leiarperiode på slutten av den vekelange kongressen som byrja sundag morgon [16.oktober 2022], noko som sementerer posisjonen hans som Kina sin mektigaste herskar sidan Mao Zedong.
Denne videoen viser sivil uro blant kinesiske innbyggjarar på grunn av Covid-19-nedstengingar i landet.